Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Kjøp og sal
Redaksjon
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Treningstider
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Arrangement
Sportsplan fotball
Aktivitetsplan A-lag
Øvingsbank
KM Belehalli 2010
Faste aktivitetar
TRIM karusell
Interaktivt

Lenker
BIL-BUI

Overtrekksdress
Fotballsko
Joggesko
Diverse Fotballutstyr


  

Våre sponsorar


Esefjorden Rundt



Foto:Eirik Fardal

Beste mann og kvinne på tid i 2010 var Joachim Brøndbo, Steinkjær og Martine Wolff Nesse, Balestrand

HISTORIA TIL VERDAS FLOTTASTE LANDEVEGSLØP

Esefjorden Rundt er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen "Balahaugen" ca. 1 km frå sentrum. Esefjorden Rundt vart i 2009 arrangert for 30. gong, og det vart sett ny rekord med til saman 903 registrerte deltakarar.

Esefjorden Rundt starta som eit skirenn den 1. mars i 1931 med 14 deltakarar. Gustav Eggum frå Leikanger vann det første rennet på tida 43.38 minutt. I 1947 brukte Lars L. Ese 31.00 minutt rundt fjorden og sette såleis ny rekord. Denne rekorden vart aldri slegen. Lars L. Ese er mest kjend som skyttarkonge - heile 4 gonger. Den gongen gjekk løypa etter bygdevegen rundt fjorden med start om lag på same staden som i dag. Målområdet var i Holmen der Holmatunet står no. Sigurd Kvikne sette opp ein flott sølvpokal som måtte vinnast 3 gonger. Den første pokalen gjekk i 11 år og vart til slutt vunnen av Ivar Høyvik i 1941. Siste gongen vi finn noko om skirennet "Esefjorden rundt" var i 1956.

Frå 1976 og utover vart det eksperimentert med ymse start- og målstader før løpet fann sin noverande trasé som landevegsløp i 1980. Seinare vart det sett nye løyperekordar. Annie Bersagel, Tjalve IL, har rekorden for damer på 29.08 minutt (2008). Svein Inge Buhaug, BUL, har rekorden for menn på 24.51 minutt (1998). Deltakarrekord var i 1986 då 276 sprang på tid.

Esefjorden er omkransa av vakre, men ville fjell. Tjugatoten 1098, Keipen 1399, Vindreken 1273 og Raudmelen 972 moh. Vegen rundt Esefjorden er også ein del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet. Vi hevdar difor at vi har verdas flottaste landevegsløp. Esefjorden Rundt har gjennom åra utvikla seg til å bli ein stor folkefest. Det er no aukande interesse for å vere med på landevegsløp som Esefjorden Rundt.

I 2010 deltok 942 deltakarar, og av desse sprang 76 på tid. Vi slo deltakarrekorden frå 2009 (903) med 39. No nærmar vi oss verkeleg målet om 1.000 deltakarar rundt Esefjorden på 1. mai. I år kunne vi også glede oss over 240 nyregisteringar.

Takk til funksjonærar og deltakarar for vel gjennomført Esefjorden Rundt 2010.

Vi ynskjer velkomen til Esefjorden Rundt søndag 1. mai 2011 (32. gong).

Vi vil markere at i 2011 er det 80 år sidan fyrste Esefjorden Rundt.  

Sjå kor mange gonger du har gått Esefjorden Rundt. Om du oppdagar feil i databasen vår, t.d. i førenamnet, etternamnet og deltakarår, gje beskjed om dette ved å nytte funksjonen "Meld feil".

Helsing

Esefjorden Rundt  

 

 

 

 

 

 

 

 



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 781055 besøk, sidan 18. juli 2005