
Foto:Geir Harkjerr
|

Foto:Geir Harkjerr
|
Medan "Kreklingen stadion" i vinterhalvåret ligg under kvitt dekke, skjer all aktivitet inne i Belehalli. Her finst ulike aktivitetar for dei fleste aldersgrupper:
AEROBIC: Alder 15-100 Tidspunkt: Måndag 20.00 - 21.00 Torsdag 20.00 - 21.00
Kari Kvikne er ansvarleg for denne gruppa, og er utdanna aerobic-instruktør.
Her er det trening i høgt tempo til god musikk i hyggeleg selskap. Ta med venninner og still opp.
SIRKELTRENING: Alder: 10-100 Tidspunkt: Måndag 18.30 - 20.00
Anne Brit Balevik har påteke seg ansvaret for denne aktiviteten. Ho tenkjer seg sirkeltrening med musikk og "teknikk-trening" etterpå.
Ho vil prøve å få med seg rettleiarar i dei ulike øvingane. Tanken er at born, ungdom og vaksne kan trene saman.
Ta med godt humør og innesko, og bli med på treninga.
HANDBALL: Jenter 11 - 14 - Tysdag 20.00 - 21.30 og Torsdag 18.30-20.00 Gutar 11- 13 - Tysdag 19.00 - 20.30 og Torsdag 17.00-18.30
Bergitte Sjøtun Nyheim er hovudtrenar for jentene medan Arne Abrahamsen trenergutane. Her får ungane trene handball, samt ei grundig innføring i handballreglane.
I tillegg til treningane er det kampar der ein spelar både heime og borte mot andre lag frå Sogn.
VOLLEYBALL: Alder 15-100 Tidspunkt: Onsdag 20.00 - 21.30
Jakob Nyborg Christensener ansvarleg for volleyball.
Vert oppdatert...
BARNEIDRETTSSKULEN: 4-5 år: Laurdagar 16.00 - 17.00 (vert justert ved kampar og arr. i hallen) 6-7 år: Tysdag 1700 - 1800 8-9 år: Tysdag 1800 - 1900
Siv Lidal er ansvarleg for idrettsskule
Foreldra til ungane i den minste gruppa skal som hovudregel vere med å delta i aktivitetane.
SAURDAL SKIARENA: Eit praktfullt anlegg med muligheiter for små og store.
Sjå elles eiga side under "Anlegg".
KREKLINGEN STADION: I vår/sommarhalvåret er aktiviteten her stor frå morgon til kveld.
|