Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Stang ut for jentelaget under KM sluttspelet



Ingen pokal for jentene denne gongen
Foto:Kjetil Nesse

Jentelaget var eitt fattig mål unna semifinalen.

Jentelaget fekk ikkje vist kva dei er gode for under KM sluttspelet i innandørsfotball i Nordfjordhallen laurdag. Diverre hadde ikkje alle på laget dagen og det vart gjort for mange personelge feil.  

I første kampen mot Florø bombaderte jentene Florø keeperen dei første minutta. Ballen smalt i stolpen 4-5 gongar. Den eine gongen slo ballen i tverrliggar og ned, og ballen var muligens over mållinja. Utruleg nok klarte ikkje jentene å score og  Florø scora sjølvsagt  på ei kontring. Balestrandjentene gav ikkje opp, men då Florø kontra inn mål nummer to etter ikkje alt for godt forsvarsspel vart nok jentene litt frustrerte. Dei var tydeleg ukomfortable med underlaget og laget frå Florø var flinke med å legge press på og ødelegge spelet for Balestrand. Kampen enda til slutt 3-1 til Florø. Eit heilt unødvendig tap. 

I andre kampen møtte Balestrand Tamberskjelvar. Jentene gjekk raskt opp i leiinga. Etter ein god start dabba jentene av og Tamberskjelvar kunne fortent utlikne. Ein sterk sluttspurt førte imidlertid til ein komfortabel  4-1 siger. 

Siste kampen i sluttspelet var mot Selje. Ugangspunktet var greitt. Jentene måtte vinne kampen for å gå til semifinalen ettersom Selje hadde eitt mål betre målskilnad enn Balestrandjentene. Det var Selje som scora det første målet. Men Balestrandjentene som no såg ut til å takle det uvante underlaget betre og som gradvis begynte å få til spelet slik me kjenner det, kom sterkare og sterkare ut over i kampen. Oline tok eit kjempestort ansvar og laga to fine mål, og fekk vist noko av det som bur i henne. Kampen var utrluleg spanande og det såg ut som om det skulle gå vegen. Balestrand hadde to skot i stolpen. Då det stod to minutt att av kampen scora Selje etter dårleg forsvarsarbeid av jentene. Balestrand klarte ikkje å kvittere for scoringa og Selje kunne juble for semifinaleplass medan det for skuffa jenter frå Balestrand berre var å gjere seg klare til ei lang og tung heimreise. 

Dette var ein nedtur, ikkje berre det at jentene ikkje klarte å gå til semifinalen, men mest at dei ikkje fekk vist kva dei er gode for. Dei klarte ikkje å kome opp på det nivået dei var på under KM kvalifiseringa heime i Belehalli.  

Det er lett å skylde på utanomsprtslege faktorar, men underlaget i Nordfjordhallen favoriserte i alle fall ikkje jentene frå Balestrand. Kunstgrasdekket var utruleg tregt og det vart liten sprett i ballen på dette dekket. Dermed fekk jentene problem med å gjere det dei er aller best på, nemleg å spele ballen raskt langs bakken. Lag med spelarar med langt dårlegare teknikk enn Balestrand profiterte heilt klart på eit slikt underlag, og fysikk vart meir utslagsgjevande enn teknikk. Det er mange  lag som har meir enn nok av fysikk, medan dei er dårlegare stilt når det gjeld teknikk. Eg meiner det kan stillast spørsmål om det er rett at KM innandørs skal spelast på kunstgras som er eit utandørsdekke, spesielt på eit treigt underlag som i Nordfjordhallen. 

Jentene måtte vente to timar frå kamp ein til kamp to, og ein time frå kamp to til kamp tre. Det er kjekt å vere i Nordfjordhallen, men det får no vere måte på. 

Jentene kjem nok sterkare tilbake seinare. Dei skal halde fram med å trene på å spele fotball, ikkje sparke, sjølv om det etter eit slikt sluttspel ser ut som om ein kjem veldig langt i fotball berre med fysikk og kraft.



Skrive av: Alf Høyrem (07.03.10 - 15:04)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935923 besøk, sidan 18. juli 2005