![]() | ||||
|
![]() Jentelaget suverene vinnarar av KM kvalifiseringa
Jentelaget er klare for KM sluttspelet i Måløy etter at dei vann kvalifiseringa på ein overbevisande måte. Laget hadde full kontroll og vann alle kampane. Kampane enda slik: Innleiande kampar Balestrand Gaular 2-0 Balestrand Høyang 1 3-0 Balestrand Høyang 3 4-1 Semifinale Balestrand Lærdal 7-2 Finale Balestrand Høyang 1 3-0 På førehand hadde me nok trudd at det ville bli vanskeleg å nå finalen, og dermed klare å kvalifisere oss til sluttspelet, spesielt ettersom både Høyang og Kaupanger var med i kvalifiseringa. Men, det viste seg fort at i alle fall i dag, var jentene frå perla ved Sognefjorden eitt hakk betre enn motstandarane. Kanskje var me det best førebudde laget? Alle åtte i troppen gjorde ein super innsats. Trenar må nok ta sjølvkritikk for at nokre av jentene fekk litt for lita speletid, men alle fekk vist at dei er i framgang. Det er betryggande å sjå at alle kan gjere ein god jobb og er med og bidreg ute på bana. I tillegg til det som skjer på bana, er det og viktig å vere flinke utanfor bana, spesielt i ei turnering med mange kampar. Her har jentene og utvikla seg. Dei har blitt kjempeflinke til å førebu seg til kvar kamp og ta ein kamp om gongen. I tillegg diskuterar dei seg imellom og gjev kvarandre råd om korleis dei skal løyse ting. Diverre er me få spelarar att i jenteklassa, men me har i alle fall ei svært god treningsgruppe som det er ein fryd å få vere trenar for. Vil ikkje trekke fram einskildspelarar, men registrerar med glede at det no er fleire som står fram når det begynner å ”dra seg til”. Er elles veldig godt nøgd med keeperspelet til Berit i dag og meiner at Martine var den klart beste spelaren i denne turneringa totalt sett. Då er det berre å starte førebuingane til KM sluttspelet i Måløy om ein månad. Håper at den flotte prestasjonen gjev inspirasjon til vidare trening.
|
|||
Produsert av gang Interaktiv 2005 • 781073 besøk, sidan 18. juli 2005 | ||||