Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Martine med i SFFK si toppgruppe




Foto:Erik Hoel

Martine Wolff Nesse er teken ut i SFFK si toppgruppe for perioden 1. februar – 1. juli.

I fjor haust deltok dei beste spelarane fødde i 94 og 95 på sonesamlingar. Det vart gjennomført treningar og tre turneringar med kampar mot dei to andre sonelaga (Sunnfjord og Nordfjord). Ut frå desse samlingane er det no plukka ut ei såkalla toppgruppe med dei mest talentfulle spelarane i fylket. Martine er ei av sju jenter  i fylket fødde i 1995 som er plukka ut til gruppa.

I tillegg består gruppa av sju fødde i 1994, fem fødde i 1996 og 5 fødde i 1993. Deltakarane skal ma føre treningsdagbøker som skal sendast inn til dei ansvarlege i krinsen to gongar i månaden. 

Toppgruppa står meir eller mindre fast fram til dei nasjonale talentleirane i Kristiansund (for spelarar fødde i 96) og Porsgrunn (for spelarar fødde i 94 og 95) er avslutta i slutten av juni.  Då vert gruppa og spelarane evaluert, og ei ny gruppe blir teke ut ca. 1. august. Det vert samlingar på Sandane og Eid ut over vinteren og våren  og samling i Stavanger 22. - 25- april.

Det vert difor ein travel vinter og vår for Martine. I tillegg til å vere ein god fotballspelar har Martine noko som kanskje er det viktigaste for å bli ein god spelar, nemleg ei positiv innstilling og gode haldningar. Me ønskjer Martine kjempemasse lykke til.



Skrive av: Alf Høyrem (03.02.10 - 21:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935238 besøk, sidan 18. juli 2005