Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med 3.plass i Tambar cup



Ein super gjeng
Foto:Tambar cup

Jentelaget tok ein flott 3. plass i Tambar cup etter tap i dramatisk semifinale mot Førde

I alle cupar eller samlingar er det alltid jentene som startar først. Gutane startar alltid seinare på dagen. Kvifor det er sånn har eg aldri fått noko klart svar på. Så også i Tambar cup i Naustdal. Ettersom første kampen for jentene starta kl. 10.50 var det avreise frå Balestrand allereie kl. 08.00 søndags morgon. Hadde nokon forsove seg? Nei. Kom nokon for seint til oppmøtet? Nei. Eg reknar med at svaret på spørsmålet om kvifor jentene alltid startar først er innlysande; gutane ville aldri ha klart å kome seg opp og ut or senga tids nok. 

Nokre av jentene har til trass for sin unge alder blitt ganske garva fotballspelarar. Dei har spelt mange kampar og har vore med på fleire turneringar. Dei veit difor at det er viktig å førebu seg godt til kampane og er flinke til å varme opp og gjere seg klare på eige initiativ, noko som smittar over på resten av gruppa. Det meste gjekk difor av seg sjølv etter at me kom fram til Naustdal ein time før kampstart, tidleg ein søndag morgon.

Ettersom jentelaget atter har mista spelarar foran ein ny sesong, var me spente på om me kunne hevde oss i turneringa. På treningane vert det øva ein god del på tempo i spelet. I første kampen mot Førde 1 (Førde 2 var Førde sitt beste lag i turneringa) spelte vel jentene sin beste kamp i turneringa. Jentene feide Førde av bana med høgt tempo i spelet (4-0). Eit slikt tempo kostar naturlegvis krefter, og det er ikkje mogleg å halde eit slikt tempo heile tida i kvar kamp utover i ei turnering. Jentene hadde imidlertid full kontroll i alle dei fire innleiande kampane og var klare for semifinale mot Førde 2 som puljevinnarar. Dette var stort sett (etter det eg kunne observere) same laget som me knuste i finalen i Førde cup.

Balestrand starta semifinalen best og gjekk opp i leiinga etter om lag 3 minuttar. Førde kom imidlertid sterkare ut over i kampen, og det var ikkje noko å seie på at dei utlikna. Kampen var heilt jamn, og ettersom ingen av laga klarte å score fleire gongar, vart det speleforlenging. Heller ikkje i speleforleninga vart det scoringar og det var klart for straffesparkonkurranse, tre straffar til kvart av laga.

For å gjere ei nervepirrande historie kort;  Førde gjekk sigrande ut av denne konkurransen etter to stolpeskot av Balestrandlaget. Svært skuffa jenter deppa sjølvsagt etter å ha tapt sin første straffesparkkonkurranse nokon gong. Det vart imidlertid kort tid for depping ettersom bronsefinalen starta rett etterpå.

I bronsefinalen viste jentene kva dei er laga av og som sikkert andre kan lære av. Nesten utan pause og tydeleg skuffa etter semifinaletapet, samla dei seg på ein meisterleg måte og køyrde over motstandarane og vann lett 6-1 mot Hyllestad. Imponerande!

Balestrand og Førde (2) var etter mitt skjønn dei to beste jentelaga i turneringa. Begge laga prøvde i alle fall å spele fotball, sjølv om på langt nær alt lyktast. Førde er eit sympatisk lag som det alltid er morosamt og utfordrande å spele mot. Det var Førde som vann finalen.

Jentelaget er blitt svekka etter fråfall av spelarar, men det er berre å spytte i nevane og å prøve å foredle dei spelarane me har. Berre så synd at me er så fåe. Knallbra innsats av heile troppen på åtte som deltok i turneringa. Dei aller beste i denne gruppa meiner eg er på eit relativt høgt nivå. Det kanskje aller mest gledelege var at og andre stod fram på ein positiv måte i turneringa. I fotball, som i andre idrettar, er det berre ein ting som gjeld for å få framgang, og det er å trene. Den som gjer det vil få framgang, det er berre eit tidsspørsmål når framgangen kjem. Nokon får rask framgang, medan andre brukar lengre tid, men den kjem. 

Det må nemnast at Elsa var med i denne tureringa som ”lærling”. Ho er berre 13 år. Ho har enno mykje å lære, men fekk vist at ho klarer seg godt mot 15-16 åringar. M.a. laga ho to mål i bronsefinalen. Er du god nok, er du gamal nok meiner no eg og har positive røynsler med å gje jenter som er mentalt klare for det matching mot eldre spelarar. Eigentleg burde Elsa ha vore på sonesamling på Eid denne søndagen, men dei ansvarlege hadde ikkje funne ho god nok til ein plass i troppen. Forstå det den som kan?  

Då er det berre heim å trene til KM kvalliken om 14 dagar på heimebane. Det hadde vore kjekt for jentene om dei hadde klart å kvalifisere seg til KM sluttspelet i Måløy i byrjinga av mars.

 


Brita i fint driv
Foto:Tambarcup


Jentelaget sin tropp
Foto:Tambar cup



Skrive av: Alf M. Høyrem (25.01.10 - 15:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4361454 besøk, sidan 18. juli 2005