Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


A-laget er i gang




Foto:Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Tysdag 12. januar gjekk startskotet for sesongen 2010.

Spelarmøtet/oppstartsmøte samla 25 spelarar. Eit forfall og fire spelarar i Bergen, gjer at gruppa i skrivande stund er på 30 spelarar. Denne vert i løpet av dei næraste treningane/dagane, slanka ned til 20-24 namn, som då vil danna troppen for 2010.

På møtet vart det lagt fram tankar for korleis ein ser føre seg sesongen. Spelarane fylte ut skjema med ulike spørsmål som vil vere med å danne grunnlaget for opplegget den komande sesongen. Det var ei lydhøyr forsamling, og stemninga var positiv og optimistisk. Då er det opp til trenarar, støtteapparat og spelarane sjølve å gjere dette til ein god og minnerik sesong for klubben vår.

Etter møtet var det treningsøkt inne i Belehalli, der ein "kom i gang" òg med den sportslege delen.

Ny assistentrenar var i elden for første gong. Sveinung Alværn med god spelar- og trenarerfaring vil verte ei viktig brikke saman med Geir, Johannes og Jarle. Vi er glade for at Sveinung har takka ja til å vere med!

Aktivitetsplan for A-laget er lagt ut under Aktivitetar og Aktivitetsplan A-lag på venstresida forsida.



Skrive av: Geir H (14.01.10 - 11:54)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935230 besøk, sidan 18. juli 2005