Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Bra innsats i KM




Foto:Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Berre målforskjellen hindra Balestrand frå plass i kvartfinalen under KM.


Laurdag var det KM for senior damer og herrer i Nordfjordhallen i Måløy. Balestrand stilte med eit lag i herreklassa.

Dei innleiande kampane starta mot Vik som var tapande finalist i fjor. Ei jamn kamp vart utkjempa på kunstgraset. Vikjene leia 1-0 og 2-1, men Balestrand slo tilbake etter skåringar av Magnus og Roar. Balestrand sine blå karar hadde eit skot i stanga og eit i tverrliggaren, men det var Vik som skåra det avgjerande målet. Dermed vart det 2-3 tap i opningskampen. Vik var noko heldig med mål ein og tre, og Balestrand sin keeper noko uheldig. Med maksimal uteljing og litt meir flaks (og sjølvsagt dyktigheit) så burde det vore tre poeng til dei blå.

Ein teknikkar frå Vik, med Øyvind og Adrian som tilskodarar

Kamp to vart spela mot Loen 1. Denne kampen kontrollerte Balestrand frå start til slutt, og vann med komfortable 4-0. Johannes skåra to medan Adrian og Øyvind laga eit kvar. I tillegg sette Øyvind ein ball svakt utanfor på stilling 0-0. Denne bommen viste seg å verte avgjerande nå rekneskapen skulle gjerast opp.

Før siste kampen mot Kaupanger 2, var vilkåra ganske klare. Balestrand måtte vinne med to mål for å gå vidare som beste toar. Balestrand hadde god kontroll i denne kampen, og tok tidleg leiinga 1-0 etter skåring av Roar. Like etter måtte Lars Kjetil ut med skade. I "kaoset" med nedising av foten, fekk ikkje underteikna med seg kva som skjedde, men ein registrerte at Lars Kjetil jubla trass smertene i foten. Øyvind hadde laga 2-0 til dei blå.

Resten av kampen vart spelemessig ikkje spesielt bra, men Balestrand hadde initiativet. Likevel var det Kaupanger som skåra kampens siste mål. 2-1 er som kjend berre ein eittmålsseier, og då måtte ein sjå langt etter kvartfinale. Bøen sine gutar på Kaupanger 1 kunne sleppe jubelen laus då dei fekk plassen som beste toar i ei av dei andre gruppene. Målfoskjellen var lik, men kaupingane hadde fleire skåra mål.

Sven Arne i aksjon mot Kaupanger 2

Sett under eit var likevel trenar og spelarar bruktbart nøgde med KM kampane. Ei lang tur der det var mørkt når ein reiste, og mørkt når ein kom heim. Likevel ein fin tur, og no er vi klar for oppkøyringa til ein ny og forhåpentlegvis spanande sesong.

Einaste skår i gleda var at lars Kjetil fekk ein tilsvarande skade som under Førde Cup i haust. Vi kryssat fingrane og håper at Lars Kjetil snart er tilbake på treningsfeltet.

Ole Tjugum, Sven Arne Lundeby, Adrian Wolff Nesse, Lars Kjetil Nordeide, Øyvind Neset, Roar Eriksen, Magnus Algrøy og Johannes Nilsson var deltagarane i den blå BIL-drakta denne turneringa.

Alle bileta er teke av Stig Høynes, www.haugenfotball.no. Tillatelse til å nytta bileta er gjeve frå han.



Skrive av: Geir H (11.01.10 - 15:39)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943962 besøk, sidan 18. juli 2005