Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Oppstart A-laget




Foto:Eirik Thue

Oppstartsmøte for spelarar og støtteapparat vert tysdag 12. januar klokka 2000. Det vert trening i Belehalli etter møtet klokka 2100.

Tysdag 12. januar er det oppstart for A-laget. Ein er i innspurten på planlegginga. I år vert det ei lita endring på opplegget i høve til tidlegare. Laget bør ha ambisjonar om å gjennomføre ein betre sesong en i 2009. Første steg på vegen er å ta ut ein spelartropp. Fleire namn er klare, nokre nye spelarar har kome til, og ein har tru på at laget kan verte enda meir forsterka før sesongen 2010 sparkast i gong.

Hovudutfordringa vår no, er ei snødekt fotballbane på Kreklingen. Ein kan seie og meine mykje om dette, men òg denne sesongen ser det ut til at vi må setje vår lit til vergudane, og då nedbør i form av regn.

Ein ynskjer alle som vil spele A-lags fotball for Balestrand velkomne til oppstartsmøte/spelarmøte i Belehalli, tysdag 12. januar klokka 2000. Ein må ta med klede og sko til å trene inne i Belehalli etter møtet. Treninga startar klokka 2100.

Ein ber om at spelarar som eventuelt er skadde òg kjem på møtet.

Troppen skal vere klar seinast til 1. februar.

Vel møtt!



Skrive av: Geir H (05.01.10 - 19:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935790 besøk, sidan 18. juli 2005