Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Arne, Eirik og Lars Kjetil fekk heider og ære




Foto:

Fredag heldt BIL julebord for dei tillitsvalde. A-laget hadde sitt julebord same kveld.


A-lagsspelarane møtte i Villa Breim klokka 1800 og hadde ei lita oppsummering av sesongen 2009. Lars Kjetil Nordeide vart av spelarane kåra til årets spelar. Eirik Thue stakk av med toppskårartittelen.

Årets spelar Balestrand A-lag 2009: Lars Kjetil Nordeide

Ein informerte så kort om tankane for sesongen 2010, der mellom trenarane vart presentert. Johannes Nilsson og Geir Harkjerr held fram som hovudtrenarar, men Johannes skal ha endå meir fokus på å vere fotballspelar den komande sesongen. Jarle Geithus held fram som keepertrenar. Øyvind M Neset held fram som oppmann, men det går rykter om at Hans Olav Bale gjer comeback så snart han kjem attende frå det store utland.

Toppskårar Balestrand A-lag 2009: Eirik Thue

Etter dette bytte spelarane plass med tillitsvalde frå dei ulike gruppene i idrettslaget. Leiar, Kjetil Nesse, takka alle for innsatsen, og kom med godord til mange. Trenarkoordinator, Geir Harkjerr, overekte så heidersteiknet til årets trenar i klubben.

Arne Abrahamsen fekk denne utmerkinga etter mange år som trenar innan fotball, handball og friidrett. I tillegg er Arne aktiv i styret i BIL og i styret i fotballkrinsen. Arne har eit ord med i mykje av det som skjer i og rundt idrettslaget, og utnemninga som årets trenar, er i aller høgste grad fortent! I tillegg til ein liten pokal, fekk Arne gåvekort med tur/retur ekspressbåten til Bergen og hotellovernatting i same by. Vi gratulerer alle Arne med prisen!

Årets trenar Balestrand IL 2009: Arne Abrahamsen

Klokka 2000 gjekk alle til bords og åt av det fabelaktige julebordet til Kvikne Hotell.

Etter mat svinga folket seg inn i dei små timar til musikk frå Shine.

Ein flott kveld, der det såg ut til at alle hadde det kjekt og kosa seg.

Takk for innsatsen i 2009 til alle saman!



Skrive av: GH (04.12.09 - 18:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939291 besøk, sidan 18. juli 2005