Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sterk haustsesong av gutelaget




Foto:Sveinung Alværn

Gutelaget til Balestrand IL avslutta sesongen med ni strake sigrar.


Laget vann med det haustutgåva av 2.divisjon avdeling 1 suverent. Jotun på andre plass var 8 poeng bak og vart slått 8-0 og 4-2 av dei suverene seriemeistrane. Det einaste tapet i haust kom i den fyrste kampen mot eit forsterka Sogndal 2 på trenigsfeltet på Hafslo.

 

I og med at kretsen satt opp 10 kampar i haustsesongen vart det ein hektisk periode for dei åtte som har spelt på to lag. Det har blitt opp til tre kampar i veka for desse spelarane. Ikkje ideelt, men det gjekk på eit vis med den fantastiske stå på vilja og innstillinga som spelarane viste.

 

Det som gjer det ekstra kjekt å vere trenar for denne aldersgruppa er den store utviklinga som mange spelarar får i akkurat denne alderen. Dette såg ein tydelege resultat av i haust. Dei fleste spelarane har gjort framsteg og det var godt å sjå at laget forholdsvis greitt slo lag som ein sleit med sist sesong.

 

Sesongen vart avslutta med Førde cup. Der vart det medalje for tredje året på rad for nokre av spelarane. I år var det mange gode og jamne lag med og nålauge for å gå vidare var trongare enn nokon gong. På sju kampar vart det fem sigrar og to tap. Dette var godt nok til sølv i B-sluttspelet etter eit 2 – 4 tap mot sunnfjordingane frå Askvoll/Holmedal i finalen. Alt i alt skal ein vera bra nøgd med innsatsen, sjølv om det er litt surt å missa A-sluttspelet med eitt mål.

 

Sluttabell haustsesongen:

1 Balestrand   10 5 0 0 27 -   2   4 0 1 17 -   8 9 0   1 44 - 10 34 27

2 Jotun            10 4 0 1 27 -   7   2 1 2 12 - 17 6 1   3 39 - 24 15 19

3 Sogndal 2    10 3 1 1 22 -   8   2 0 3 12 - 13 5 1   4 34 - 21 13 16

4 Vik               10 2 0 3 12 - 16   2 1 2 25 - 19 4 1   5 37 - 35   2 13

5 Kaupanger   10 1 1 3 10 - 14   3 0 2 10 -   9 4 1   5 20 - 23  -3 13

6 Aurland       10 0 0 5 12 - 32   0 0 5   3 - 44 0 0 10 15 - 76 -61  0

 

Desse spelarane har vore med og spelt kampar:

Jonakim Hanevik

Kristoffer Midtbø Lidal

Kim Andre Høydal Marifjæren (og i 5.div for seniorlaget)

Adrian Wolff Nesse (og i 5.div for seniorlaget)

Georg E. Nesse

Lars Kjetil Nordeide (og i 5.div for seniorlaget)

Nikolai Sundgot Sunde

Ole Tjugum (og i 5.div for seniorlaget)

Fabio Keller (på disp)

Kjell Andre Bakken

Kåre Andre Thue

Birk Isane (på smågutelaget og)

Viljar Nesse (på smågutelaget og)

Per Aki S. Kvikne (på smågutelaget og)

Alen Demirovic (på disp)

Håkon Haugen (og i 5.div for seniorlaget)

 

Eg vil med dette takk av som trenar for gutelaget etter to kjekke sesongar. Sjølv om haustsesongen var suksessrik har kanskje denne perioden vore den tyngste for min del. Det har med at eg har hatt lite tid til treningar og til dels kampar. Heldigvis har eg gjennom sesongen hatt gode hjelparar i Terje Midttun, Kristian Ingi E. Nesse, Eirik Thue (Førde cup) og Kjetil Nesse som oppmann. Eg vil og trekke fram det gode samarbeidet eg har hatt med Arne Abrahamsen og Geir Harkjerr som har vore nødvendig for å drifte både smågute, gute og seniorlaget denne sesongen.

 

Elles vil eg seie at det har vore utruleg kjekt å vere trenar for denne gjengen i to år. Dei er talentfulle, treningsivrige, humørfulle og utruleg kjekke alle saman! Får håpe at BIL er så heldige at dei får glede av denne ressurssterke gjengen i mange år framover.

  

 

  

Bildet:

 

Her ser ein gutane før den siste kampen for sesongen som enda med 11 – 1 siger over Aurland.

 

Bakerst frå venstre: Fabio Keller, Kim Andre Marifjæren, Kåre Andre Thue, Adrian Wolff Nesse (kapt.), Lars Kjetil Nordeide og Birk Isane.

Framme frå venstre: Jonakim Hanevik, Alen Demirovic, Nikolai Sundgot Sunde, Nesse Viljar, Kristoffer Midtbø Lidal og Georg E. Nesse

Liggande: Ole Tjugum



Skrive av: Sveinung Alværn (26.11.09 - 22:03)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943944 besøk, sidan 18. juli 2005