Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Samba av småguttane




Foto:

Samba var slagordet
- og samba vart det på godt og "vondt".

 

Vi reiste til Førde med to småguttelag Vi reiste for å ha det kjekt og spele så god fotball som råd. Vi klarte å gjere begge delar.

 

Vi valde å ha eit andrelag med 1996 spelarar, som også fekk hjelp av enda yngre krefter då sjukdom og forfall gjorde troppen vel tynn. Målsetninga for dette laget var å få til godt spel, score mål og forhåpentlegvis få jamne kampar.

På andrelaget spelte Tor B. Tjugum, Andreas Bjerk, Kristian Hellenes, Markus Thorsnes, Alexander Dale, Runar Dale og Per Arne Thue

 

Laget imponerte! I første kamp vart det ein fortent seier 3-2 mot Radøy Manger etter ein god kamp av alle på laget. Det var utruleg kjekt! I neste kamp møtte vi Askvoll Holmedal sitt førstelag. Sjølv om dei var gode vart vi litt baktunge, og kom ikkje skikkeleg inn i kampen. Det vart til slutt eit 5-0 tap. I siste innleiande kamp mot Atløy spelte gutane sin kanskje beste kamp. Pressa på og gjorde mykje fint med ballen. Fleire gode sjansar vart desverre avslutta med skot like til side for mål. Og så går det slik det ofte går. Atløy kontra inn 1-0, noko som heldt seg ut kampen.

 

Tor B. Tjugum i kampen mot Askvoll Holmedal. Kristian Hellenes og Per Arne Thue lengre bak.

 

Full innsats...

 

 

Kristian Hellenes og Per Arne Thue slappar av..

 

Det vart likevel B-sluttspel på søndagen. Her møtte vi jammen Atløy igjen. Denne kampen vart noko jamnare enn dagen før, men likevel var det vi som var det førande laget. Kanonskot i stolpen av Tor og tvilsamt annullert mål av Kristian er status litt ut i kampen. Så skjer det igjen - Atløy scorar litt ut av ingenting, og vinn kampen 1-0 i dag også. Med reint cupspel vart laget med det ute av turneringa. Men det var ingen grunn til å henge med nebbet av den grunn. Laget hadde spelt jamne kampar, og fått til spel på eit nivå over det eg som trenar hadde forventa.

 

I førstelagstroppen var det større ambisjonar. Spelarane hadde eit klart mål å komme til A-sluttspelet, men vi vart likevel samde om å fokusere på å ha det kjekt utpå der og spele god fotball. "Samba" vart slagordet..

 

På førstelaget spelte Viljar Bakke Nesse, Fredrik Hanevik, Birk Isane, Asgrim Farnes, Per Aki Kvikne og Tommy Ese. 

Og gutane bokstaveleg dansa utpå der. Pasning og bevegelse stemte, og vi fekk sjå mange fine finessar og gode avslutningar. Då Laurdagen var omme, var 4 kampar spelte og laget hadde vunne alle på ein overbevisande måte. Søndagen starta på same måte med to nye overbevisande sigrar. Før semifinalen mot Tambarskjelvar starta hadde laget 51-1 i målforskjell på seks kampar eller 84 minutt speletid!

 

Det var stor støtte til Balestrandlaga frå dei mange Balestrandingane som hadde teke turen. Det betyr mykje for dei ute på parketten!

 

Semifinalen mot Tambarskjelvar vart jamn dei første minutta, før Balestrandgutane festa grep om kampen. Så fekk Tambarskjelvar eit innspark til litt høgt oppe i bana. Vi klarte ikkje å markere ut den einaste gule spelaren i feltet, og han scorte med eit direkte skot det andre målet på oss i turneringa. Det var den einaste store sjansen dei hadde i kampen. Balestrandlaget kjørte kampen fullstendig etter dette. Vi bygde opp det eine gode angrepet etter det andre, - men i denne kampen ville ballen berre ikkje inn i mål. Tambarskjelvar sin keeper var både svært god og heldig, og forsvaret deira jobba hardt. Balestrandgutane gav alt og var så nære så nære - men minuttane gjekk så fort i ein 14 minutt kamp... Til slutt kunne Tambarskjevar sin gutar juble, medan vi fortvila...  

I bronsefinalen møtte vi Gaular sine småguttar. Vi hadde klart å nullstille, og spelte igjen ein god kamp. Det vart her 7-3 til Balestrand, og tredjeplassen og pokal var sikra.

Kapteinen tek i mot pokalen

 

.. og så kan vi juble over vel gjennomført turneringshelg trass alt.

 

Sjølv om vi var skuffa over at vi snubla i semifinalen, er vi godt nøgde med spel og prestasjonar. Med 58 mål på 112 minutt speletid, vert det meir enn 1 mål pr andre minutt gjennom heile turneringa. Det er smått imponerande i seg sjølv. Det som likevel gleda meg mest var måten laget spelte på. Kombinasjonar av slepen teknikk, god samhandling og ekte fotballglede. Sambafotball rett og slett!

Det som også gleda meg mykje, var måten spelarane både på første og andrelaget opptrådte på både på og utanfor banen. Mellom anna hadde vi ei hyggeleg stund på Peppes på laurdagskvelden:

God stemning på Peppes!

Riktig god stemning...

 

 

God mat og.

 

Det er moro å vere trenar for slike gutar - og vi i idrettslaget og ikkje minst de foreldre (om nokon skulle finne på å lese dette) kan med rette vere litt stolte av dei alle saman.

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (19.11.09 - 18:17)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935263 besøk, sidan 18. juli 2005