Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentelaget suverene vinnarar av Førde cup 2009



Yeeeeees
Foto:Eirik Thue

Småjentelaget klarte det me hadde håpa på førehand; å vinne Førde cup

Grunna mange skader kunne ikkje jentene stille lag i jenteklassen denne gongen. Alle jentelagsspelarar var imidlertid med på turen for å få med seg det sosiale, og ikkje minst, for å heie fram småjentelaget. Og småjentene skuffa ikkje. 

Det var imidlertid ingen meistertakter i dei første kampane. Første kampen gjekk allereie klokka 08.00 laurdags morgon. Tidleg med andre ord. Jentene var flinke med å kome seg opp og var klare som egg lenge før kampen tok til. Det viste seg fort at Tjørvåg ikkje kunne yte nokon stor motstand. Jentene vann komfortabelt 10-1 utan på nokon måte å imponere! 

Kl. 12.00 var det ny kamp. Denne gongen mot Årstad IL. Også dette eit svakt lag. Balestrand vann 4-1. I denne kampen fekk jentene svært lite til. Dei ville så utruleg mykje, og bandt seg nok litt mykje med mange tilskodarar på tribuna. Jentene var nok litt frustrerte etter denne kampen. 

Siste kampen gjekk laurdag kl. 16.30 mot ein betre motstandar, Bergsøy IL fotball som og hadde vunne sine to første innleiande kampar. Jentene måtte difor vinne for å gå til topps i  gruppa og vere sikre på å gå til A – sluttspelet. I denne kampen kom vendepunktet i turneringa. Jentene fekk endeleg vist litt av kva som bur i dei og vann heile 7-0. Underteikna fekk i alle fall trua att etter denne kampen. Det same gjorde nok jentene.

I ettertid viste det seg at Bergsøy gjekk heilt til bronsefinalen som dei for øvrig vann. 

¼ finalen mot Tambarskjelvar vart spelt søndag kl. 10.40. Jentene storspilte ikkje men vann likevel overbevisande 3-1. 

Med dette var jentene klare for semifinale mot Larsnes kl 12.40. Heller ikkje i denne kampen var jentene i nærheita av å tape. Larsnes var heldige som slapp unna med tre baklengs. 

Dermed var småjentelaget klare for finalen i Førde cup kl 16.00 mot Førde. Med eit stort og entusiastisk publikum frå heimbygda på tribunen var det spente jenter som gjorde seg klare til finale. Me såg det lenge før finalen tok til. Jentene var heiltente, fokuserte og konsentrerte slik ein skal vere før ein finale.

Kampen opna imidertid på verst tenkjeleg vis. Balestrand vart litt for overmodige og Førde kunne kontre inn sitt første mål før halvminuttet var gått. Balestrand fall imidlertid ikkje saman etter denne kalddusjen, men gjekk rett i angrep og utlikna nesten umiddelbart. Herifrå og ut var det Balestrand som eigde kampen. Førde kom nesten ikkje til ein einaste sjanse. Heiltente Balestrandjenter var overlegne i banespelet og spelte til tider ut førdianarane. Då sluttsignalet gjekk stod det 5-2 på tavla, men sigaren kunne godt ha vore enno større ut frå spel og sjansar.

Dermed kunne jentene sleppe jubelen laus, medan trenaren måtte tørke vekk noko vått i augekroken. Så stort var det å sjå jentene gjennomføre ein finale akkurat slik me var blitt samde om på førehand. Utruleg kjekt.

Dette er ein utruleg flott gjeng å jobbe med. I tillegg til det sosiale var dei svært fokuserte og konsentrerte om det sportslege gjennom heile turneringa og førebudde seg godt til alle kampane. Dette er viktige faktorar for å kunne prestere. Og så er dei gode fotballspelarar med gode ferdigheiter. Underteikna vil påstå at dei var det jentelaget under turneringa med dei beste ferdigheitene, og eitt av svært få lag som prøvde å spele ballen langs bakken og som hadde teknikk til å klare det. 

Nei, dette var kjekt. Men definitivt ikkje sunt for hjartet. Å sjå på, meiner eg.


Pokalen er vår
Foto:Eirik Thue


Brita, Oline, Martine, Malin, Amalie, Vilde, Ida og Alf
Foto:Eirik Thue



Skrive av: Alf Høyrem (16.11.09 - 20:00)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943883 besøk, sidan 18. juli 2005