Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tre Balestrandjenter med på Sogn sitt bylag – team Sogn



Team Sogn
Foto:Stig Høynes

Tre Balestrandjenter var med på bylagsturneringa i Eid i helga.

Etter uttakssamlingar på Kaupanger, vart Oline, Martine og Ida plukka ut som tre av 16 utespelarar på Sogn sitt bylag i fotball. Nålauget for å kome vidare har vore ekstra trongt i år ettersom både 94 og 95 årsklassa har vore med og konkurrert om plassane.

Godt gjort av jentene å gå vidare, spesielt med tanke på at alle tre er fødde i 95. Litt tilfeldigheter blir det alltid ved slike uttak, men dei ansvarlege for uttaket har i alle fall fått med seg det same som underteikna har sett, at dette er jenter med eit spesielt talent for fotball. 

I bylagsturneringa i Eid på laurdag vann team Sogn begge kampane. Først 1-0 mot team Nordfjord. Deretter 3-1 mot team Sunnfjord. I kampen mot Sunnfjord scora Oline to av måla.

Neste bylagsturnering vert i Førde laurdag 28. november.

Martine

Foto: Stig Høynes

 


Ida
Foto:Stig Høynes


Oline scora allereie etter 7 min mot Sunnfjord
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (04.11.09 - 16:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935955 besøk, sidan 18. juli 2005