Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Test av øvingsbank


Ein har no starta arbeidet med å leggje ut ein øvingsbank med fotballøvingar på heimesida.

Klikk på venstresida under aktivitetar og øvingsbank for å sjå døme. Førebels ligg det berre ute eit døme på ei avslutningsøving. Målet er å byggje opp øvingsbanken slik at trenarar og spelarar kan gå inn finne øvingar som kan nyttast i treningsarbeidet. Målet er å gjere det enkelt og oversiktleg. Trenarar, spelarar og andre som har innspel på gode øvingar kan ta kontakt med trenarkoordinator, Geir, og formidle desse.

Det er viktig at trenarane internt i klubben samarbeidar, og då kan utveksling av øvingar vere eit nyttig hjelpemiddel. Det er ikkje sikkert at ei øving som fungerar bra for ei gruppe, treng å vere like bra for ei anna gruppe.

Nytt forstørringsglaset eller skrollen på musa for å gjere biletet større. Øvingane kan skrivast ut.

Kom gjerne med tilbakemelding til trenarkoordinator om dette.



Skrive av: Geir Harkjerr (26.10.09 - 19:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935260 besøk, sidan 18. juli 2005