Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget vinnarar av 1. divisjon



Jentelaget er serievinnarar
Foto:Erik Hoel

Jentelaget er vinnarar av 1. divisjon avd. 1 etter at dei spelte 1-1 mot Jotun heime på Kreklingen.

Jentene har tidlegare slått Jotun to gongar inne i Øvre Årdal denne sesongen, og hadde nok forventa siger også på heimebane. Nok ein gong viste det seg at sigarar aldri kan forskotterast.Skader på sentrale spelarar på heimelaget gjorde nok og til at laget frå Øvre Årdal kunne reise heim til industribygda med eitt poeng. 

For det var laget frå perla ved Sognefjorden som dominerte kampen totalt. Laget har spelt tre kampar på ei veke noko som førte til for stor slitasje på ein del av jentene, spesielt ettersom kampane vart spelt på ulike dekke, grus (Vik), naturgras (Hafslo) og kunstgras. Dermed var troppen minska til berre 13 spelarar før kampen. To av desse var delvis skadd før kampen.Ida spelte deler av kampen, men var tydeleg prega av skaden. Kaptein Mari måtte kaste inn handkleet tideleg i andre omgang. Kjempeinnsats av begge to som gav alt så lenge føtene haldt. Når så Amalie heller ikkje kunne spele heile kampen etter ein smell, vart det mange omrokkeringar og ein litt rotete kamp frå heimelaget. 

Det starta imidlertid oppskriftsmessig. Jotun la seg langt tilbake og Balestrand dominerte baneseplet. I første omgang var vel bortelaget knapt nok over midtbana. Det ville seg imidlertid ikkje heilt for heimelaget. Nærast var Oline då ho skaut i stolpen. Etter om lag 25 minutt lyktast det endeleg for heimelaget då Brita spelte Oline igjennom. Åleine med keeper gjorde ho ingen feil og sette inn sitt  26. seriemål  for sesongen. Dermed har jenta, som løper som ein gasselle, klart kunststykket å score mål i alle kampane denne sesongen, treningskampar inkludert, dvs. i 16 kampar på rad. Slå den! 

Det vart imidlertid med den eine scoringa til heimelaget i første omgang. 

Andre omgang starta som den første slutta, Balestrand var det dominerande laget. Jotun kom etter kvart litt meir med i spelet  og var ikkje ufarlege ettersom dei hadde ein svært rask spiss. Etter vel kvarteret skjedde det som ofte skjer når det  førande laget ikkje klarer å score. Nemleg at motstandaren scorar i staden. Og det på ei fin kontring der bortelaget var både heldige og gode. Balestrand pressa på mot slutten, men gjekk i den klassiske fella med å  spele alt for mykje inn i midten der dei møtte eit overbefolka forsvar. Dermed enda kampen 1-1, og Jotun sine spelarar kunne juble hemningslaust etter å ha rana med seg eitt poeng. Litt skuffande av heimelaget som så gjerne ville vise seg fram frå si beste side i den siste heimekampen for sesongen.

Men, når dei har fått rista skuffelsen av seg bør jentene vere godt nøgde med denne sesongen sett under eitt. Dei gjekk gjennom haustsesongen utan tap, og har fått vist at dei er av dei betre jentelaga i fylket. Dei hadde fortent å få spele i eliteserien i haustsesongen, noko som dei var kvalifisert for, men ikkje fekk lov til ettersom reglane ikkje tillet lag som har nytta dispensasjonsspelarar å delta. Sju av jentene som starta i går er berre 14 år gamle (jenteklassa er for spelarar 15-16 år), noko som gjer prestasjonen enno større. Fire av desse spelte faktisk dei aller fleste kampane for jentelaget i fjorårssesongen som 13 åringar! Ein stor applaus for jentene for stor innsats og mange gode prestasjonar denne sesongen.

Me både håpar og trur at alle som ikkje er for gamle, held fram på jentelaget neste sesong. Då kan det verte enno meir moro. Fleire av jentene har hatt ei fin utvikling denne sesongen, både dei beste og dei nest beste. Draumen er at me frå sesongen 2011 skal få sjå eit lag i blått og kvitt i seniorklassa løpe ut på Kreklingen stadion. Det hadde vore utruleg moro. Dit er det langt fram, men draumen lever for oss som tek jente og damefotballen på alvor.


Oline og Ida har tilsaman scora 47 mål denne sesongen
Foto:Erik Hoel


Malin er ei av fleire jenter som har hatt fin framgang denne sesongen
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (22.10.09 - 15:51)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943919 besøk, sidan 18. juli 2005