Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med storsiger



Jentene hadde god grunn til å smile
Foto:Erik Hoel

Jentelaget vann heile 8 – 0 mot Hafslo på Hafslo søndag ettermiddag.

Bortelaget opna bra og hadde full kontroll. Hafslo kjempa imidlertid godt og vann langt fleire duellar enn Balestrandjentene. Dette var eit langt betre lag enn det som gjesta Kreklingen tidlegare i år. Det var imidlertid aldri tvil om kven som var det beste laget.

Etter knappe 20 min var målOline frampå etter eit langt framspel. Same jente scora ytterlegare eitt mål før Ida gav gjestane ei 3- 0 leiing rett før pause etter at ho på nydeleg vis løfta ballen over keeper og inn i  det lengste hjørnet. I denne omgangen hadde forsvaret og keeper full kontroll med solid spel og Hafslo skapte berre ein einaste målsjanse. I tillegg burde Balestrandlaget ha scora eit par mål til. 

Andre omgang starta med eit overraskande press frå heimelaget. Dei vann mange duellar og kjempa godt. Og i dei første 15 -20 minutta av omgangen var det heimelaget som var det førande laget. Det hadde ikkje vore noko å seie på om dei hadde redusert både ein og to gongar etter store sjansar.

Bortelaget hadde imidlertid noko som ikkje heimelaget hadde, nemleg målscorarar. I staden for ei redusering var Ida igjen frampå og la på til 4-0. Etter scoringa såg det ut som om lufta gjekk ut av heimelaget. For i det neste kvarteret herja Balestrandjentene med heimelaget. Det var som om nokon hadde slått på ein brytar. Midtbana vakna til liv att og fo­ra spissane med ballar. I tillegg storspelte Ida og laga mange sjansar heilt på eiga hand ute på venstresida. På andre sida av banen herja Oline.

I dette kvarteret spelte laget fin fotball og putta ytterlegare fire mål! Det er vanskeleg å beskrive alle måla i detalj. Det finaste målet var kanskje då Ida drog seg meisterleg fri på venstre side. Det harde innlegget møtte Oline perfekt og sette sikkert i mål. I det angrepet var det mange fine løp utan ball. 

8-0 var kanskje i meste laget ut frå spel og sjansar. For eit lag er det sjølvsagt fantastisk å ha slike målmaskinar som Ida og Oline. Det vart vel fire mål på begge i dag. Men, først og fremst, flott levert av heile laget. Heile laget har imidlertid enno mykje å gå på. Spesielt gjeld dette duellspelet og det å vere gode førsteforsvararar.

Ein skal vere forsiktig med å trekke fram spelarar, men denne gongen må eg nesten skrive litt om Ida. I denne kampen var ho strålande og viste teknikk og ei fotballforståing som du skal leite lenge etter. I tillegg er ho tøff og trekker seg ikkje sjølv om mange av motstandarane er langt større enn henne. 

Siste kampen for sesongen vert komande onsdag heime mot Jotun.


Berit er ein solid sistskanse
Foto:Erik Hoel


Brita jobba godt
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (18.10.09 - 21:51)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943892 besøk, sidan 18. juli 2005