Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med uavgjort mot Vik



Uavgjort borte mot Vik let seg høyre
Foto:Erik Hoel

Jentelaget spelte 4-4 mot Vik på Vik grusbane. Eit greitt resultat ut frå spel og sjansar.

Jentene har dårleg erfaring frå tidlegare bortekampar mot Vik. Når så kampen vart spelt på grus, eit dekke som jentene knapt nok har spelt på, var det med ei viss spenning me ankom stadion. 

Og det var Vikjene som kom best i gong. Det er ikkje akkurat finfotball laget frå gamalostbygdi satsar på. Her vert det spelt med liten risiko, sikre avklaringar og langpasningar i lengderetninga. Vikjene vann alt av duellar og Balestrand vart fort trykt tilbake på bana. Allereie etter 12 minutt hadde heimelaget putta to gongar og det heile såg riktig så mørkt ut. Spelet jamna seg imidlertid meir ut etter kvart, men framleis var det Vik som vann dei aller fleste duellane og bortelaget produserte få store målsjansar.  

Etter ein corner var Martine oppe og scora eit flott mål og tente nytt håp for relativt tafatte jenter. Reduseringa så ut til å tenne laget. Berre få minutt etter fann Vida Oline med ein fin stikkar. Oline runda keeper og sette ballen kontrollert i det tomme målet. Fint angrep. Dermed 2-2 til pause i ein omgang der jentene spelte seg bra opp etter ei svak opning. 

Det var difor eit optimistisk bortelag som starta andre omgang. Spelet bølgja litt fram og tilbake og begge lag hadde fleire sjansar. Det var imidlertid Vik som utnytta sjansane best. To gongar scora dei med relativt kort mellomrom. Det var vel 10 minutt att av kampen og det såg ut som om det skulle gå mot det første tapet for jentene i haustsesongen sjølv om jentene produserte bra med sjansar.

Men, så dukke Ida opp. Først på ei heading der ho rakk ballen foran keeper, heada den over keeper og i mål. Det gjekk ikkje meir enn minuttet før ho igjen  sette ballen i mål forbi keeper. Denne gongen etter eit fint løp frå venstre.Dermed hadde jentene henta inn Vik si tomålsleiing i løpet av eitt minutt. Herifrå og ut levde kampen. Det var uliddeleg spanande men ingen av laga klarte å score fleire mål. Ut frå sjansar var det greitt at det vart uavgjort. Både Oline og Ida hadde kvar sin megasjanse til å score kvart sitt mål denne omgangen utan å lykkast. På den annan side var Vik og farleg frampå eit par gongar. 

Balestrand prøvde i alle fall å spele fotball, sjølv om dei ikkje lyktast særleg godt denne hutrande kalde haustkvelden. Det var påfallande mange som hadde problem med første tøtsjen og som mista ballen alt for lett, av og til i farlege posisjonar foran eige mål. Aggressive og kjempande Vikjer gjorde og arbeidstilhøva vanskelege.  Det var imidlertid veldig sterkt av jentene å klare å kome tilbake to gongar etter å ha lege under med to mål. Det skal dei ha all ære for. Med to så dyktige spissar som Oline og Ida, har laget alltid gode muligheiter til å lage mål så lenge dei får støtte av midtbana.

Det vert ofte feil å trekke fram einskilde spelarar. Men, eg kan nesten ikkje unngå å trekke fram Martine denne gongen heller. I går var ho rasande god som midtstoppar med eit valdsamt stort arbeidsområde. I  tillegg scora ho eit flott mål. Neste oppgåve for jentene vert bortekamp mot Hafslo på søndag, før dei avsluttar haustsesongen heime mot Jotun førstkomande onsdag.


Spirit face
Foto:Erik Hoel


Martine dirigerar
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (15.10.09 - 15:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935326 besøk, sidan 18. juli 2005