Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Flott miniputtavslutning




Foto:Asbjørn Feten

Onsdag var det avslutning for miniputtane i Belehalli med pølser og premiar.

Siste treninga for miniputtane sesongen 2009 vart helde no sist onsdag. Det var relativt store nedbørsmengder over Kreklingen denne ettermiddagen, men tok ikkje humøret frå spelarar og trenarar. Det bør kanskje nemnast at treninga vart flytt inn i Belehalli.

Ein blid og fornøgd miniputt frå barnehagen

Stort oppmøte frå dei unge håpefulle, og det vart antyda at det var treninga mest born denne sesongen.

Miniputten har trena kvar onsdag om lag sidan påske. Dei har vore med på fire turneringar, og stod sjølve som arrangør av første. I tillegg har det vore turneringar i Vadheim, på Kyrkjebø og i Høyanger.

Det har vore gode trenarkrefter i sving denne sesongen, og troppane har vorte leia godt at oppmann, Sissel.
 
Trenarkoordinator delte ut premiar

Mange flinke ungar frå 1. til 4. klasse har vore med. I tillegg har nokre av dei eldste frå barnehagen òg vore med no på slutten.

Stor innsats kan det meldast om, og for dei som har hatt gleda av sjå miniputtane i aksjon denne sesongen, så er dei nok einige i at det er miniputtane med sin store innsatsvilje og pågangsmot som verkeleg er grasrota i norsk fotball. Det er nok mange som har mykje god underhaldning av å sjå på desse små i år.

Mange svoltne miniputtar etter ein lang sesong

Sesongen fekk ei verdig avslutning i Belehalli med pølser og saft til store og små. Trenarkoordinator, Geir, var òg tilstades og overrekte premiar til spelarane.

Matkøa vart lang

Ein ynskjer å rette ei stor takk til alle trenarar/foreldre som har stilt opp og teke i eit tak sesongen 2009. Utan dykk hadde det vore vanskeleg! Takk til alle, og velkomne til attende til sesongen 2010.

Premie for god innsats



Skrive av: Geir H (05.10.09 - 11:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943869 besøk, sidan 18. juli 2005