Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget spelte godt!




Foto:Arne Abrahamsen

Småguttane viste mykje flott spel i Førde sjølv om det vart tap 3-2 mot serieleiaren Førde 1.

 

Det er godt mogeleg å vere godt nøgd med ein kamp sjølv om det vert tap. Måndagens kamp i Førde var ein slik kamp. Det var då også berre marginar og ei litt snodig dommaravgjerd som gjorde at ikkje resultatet også kunne ha vorte betre.

Første omgong var jamn med eit overtak til Førde i starten. Etter kvart kom Balestrand betre og betre med i kampen. Det var spesielt positivt at forsvaret jobba svært godt, og var flinke til å falle av og ha gode returløp på Førde 1 sine forsøk på gjennomspel. Dette var situasjonar Førde 1 utnytta effektivt tidlegare i haust då dei slo oss 6-0 på Kreklingen. Det andre positive var at Balestrandgutane i stor grad forsøkte å kontrollere ballen i mottak, og heile vegen forsøkte å finne konstruktive løysingar i pasningsspelet. Spesielt i midtbana klarte vi å spele fin fotball, og kom på denne måten til fleire sjansar også mot etablert forsvar. Det er då heller ikkje ufortent at Balestrand går opp til 1-0 på eit gjennomspel frå midbana som Per Aki set flott forbi keeper. Det ser ut til at vi skal gå til pause med leiing, men mange minutt på overtid av omgongen scorar Førde til 1-1 på det som i ein toppkamp ville vore omtalt som ein "omdiskutert situasjon". Ein Førde spelar er mange meter i offside når pasninga kjem inn mot feltet, Birk får ballen i hardt oppå låret slik at ballen fortset i ei boge over forsvaret og dalar ned hjå spelaren som framleis er i offside - og som kan vende opp og setje ballen i mål. Dommaren seier han ser at spelaren er i offside, men at det er styring - og med det pasning frå ein Balestrandspelar.

Ja, ja - men det tok på ingen måte fokus eller den gode opplevinga av å ha prestert bra heile første omgong. Andre omgong held då også fram på same måten. Heile laget jobbar kjempebra, og vi er fult på høgde med Førde spelemessig. Så glepp det litt, først på høgre kanten og så på venstre, og Førde leiar 3-1 etter to fine mål. Men Balestrand kjem tilbake! Vi reduserer på eit flott skot av Fredrik frå 18 meter som fyk inn ved høgre stolpe. Forspelet er også flott der han i si midtbanerolle tek med seg ballen og set fart framover, trekker av ein spelar og forserer litt til når ingen nye kjem opp i press før skotet går. Klasse! Dei siste 12-13 minutta presser Balestrand godt, og vi produserer mange gode sjansar. Skot i stolpen, to skot som stryk stolpen og som keeper ville vore sjanselaus på, og ei heading i siste minutt som keeperen deira reddar meisterleg.

Det vert 3-2 til Førde, men vi har likevel all grunn til å vere godt nøgd med kampen. Som Birk sa det "Det var nesten som å spele på gutelaget". - Og gutelaget speler jo til tider fin fotball no om dagen!



Skrive av: Arne Abrahamsen (24.09.09 - 22:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943865 besøk, sidan 18. juli 2005