Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget slo Jotun



Jentelaget har hatt mykje å juble for denne sesongen
Foto:Erik Hoel

Jentelaget vann 3-1 over Jotun på Jotun stadion tysdag ettermiddag etter ein bra første omgang.

Vanlegvis ved slike lange  turar som til Øvre Årdal vert det liten tid til oppvarming før kampen ettersom ein ofte kjem fram kort tid før kampen startar. Så også denne gongen. For å få litt betre tid til oppvarming skifta jentene til fotballuniformer før framkomst Jotun stadion. Det var difor ein spent trenar som var usikker på om jentene var klare til kampstart. 

Det skulle imidertid vise seg at usikkerheita var heilt ugrunna. Riktig nok la Jotun  press på Balestrand i opningsminutta. Det gjekk imidlertid ikkje meir enn 5 minutt før gjestane frå verdas finaste bygd tok leiinga på ei super kontring. Heimelaget sitt angrep vart brote og pasninga/avklaringa gjekk ut på venstresida til Ida som sette på turboen, gjekk ned mot linja og la  nydeleg inn til Oline som pressa av ein Jotunforsvarar møtte innlegget perfekt og sette ballen elegant i mål. Her viste jentene flott teknikk og god samhandling. 

Det gjekk ikkje meir enn tre nye minutt før bortelaget scora igjen. Og igjen var det Oline som fann nettmaskene etter at ho drog seg fint forbi 2-3 Jotunspelarar inne i 16 meteren og skaut velplassert i mål. Klassescoring. 

Herifrå og ut omgangen hadde jentene full kontroll. Årdølane skapte svært lite og Martine og Stine hadde god kontroll i midtforsvaret. Periodevis fekk me sjå eit Balestrandlag som spelte ut Jotun med bra pasningsspel. Det vart nesten litt for mykje av det gode ettersom jentene fleire gonger prøvde å spele seg heilt inn på 5 meteren. Spesielt midtbana var fleire gongar i gode avlsutningsposisjonar rundt 16 meteren utan at det vart avfyrt skot. Spesielt med tanke på medvinden laget hadde i første omgang og den sleipe bana kunne jentene med fordel ha skote langt oftare. 

I andre omgang kom Jotun langt meir med i spelet. I denne omgangen hadde heimelaget den sure haustvinden i ryggen og  dei blåe sleit spesielt med Jotun sin venstre kantspelar. Balestrand har imidlertid og ein spelar som likar seg godt på venstre side. Ho heitar Ida. Gong etter gong herja ho med Jotunspelarane. Etter om lag 20 minutt av omgangen kjørte ho karusell med Jotun sine forsvarsspelarar ute på kanten før ho frå relativ skrå vinkel vakkert plasserte ballen i mål i det lengste hjørnet. Ein god prestasjon. 

Heimelaget fekk si redusering etter 25 minutt av omgangen då ein av Jotunspelarane fekk alt for god tid til å skyte. Jotun kunne og burde ha redusert ytterlegare i det siste speleminuttet då venstrekanten var igjennom åleine med keeper, men Berit redda lett det svake skotet. Dermed ebba kampen ut med 3-1 siger til Balestrand.  

 I første omgang var det mykje å glede seg over. Stine og Martine spelte sikkert og godt i midtforsvaret og det vart jobba godt frå A til Å. Då fekk jentene til noko av det gode pasningsspelet som me veit dei kan og som det vert øva mykje på heime på Kreklingen. Då viste dei at det var klasseskilnad på dei to laga, både i pasningskvalitet og teknikk. Jentene kan med fordel sleppe seg enno meir laus både i høve til å utfordre motstandarane og til å skyte meir frå distanse. 

Kampen sett under eitt var det nok Martine som var Balestrand og bana sin beste spelar. Gjorde vel knapt nok ein feil, sikker og god med ballen og fysisk overlegen dei andre spelarane. 

Dermed har denne supre gjengen vunne alle dei tre kampane dei har spelt i haust. Me gler oss allereie til neste kamp.


Lisbeth kastar inn
Foto:Erik Hoel


Måloline
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (23.09.09 - 16:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943899 besøk, sidan 18. juli 2005