Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Høyang vann




Foto:Jarle Geithus

Balestrand - Vadheim/Høyang 2    2-5 (1-1)
Balestrand (4-4-2): Kristian Kyrvestad (45. Ole Tjugum); Roy Kenneth Rendedal, Lars Kjetil Nordeide, Magnus Algrøy (78 Håkon Haugen), Sven Arne Lundeby; Adrian Wolff Nesse, Johannes Nilsson, Rein Arne Isane (75 Senad Demirovic), Roar Eriksen (68.Rune Vatnøy); Eirik Thue, Kim André Marifjæren. 

5.min:
1-0. Kjempestart for Balestrand. Adrian møter Roar sitt presise innlegg frå kanten og gir Balestrand leiinga. 
8.min: Ny stor Balestrand sjanse. Eirik legg/skyt frå død vinkel, Adrian blir nesten tomålsscorar. Balestrand rystar storfavoritten i åpningsminutta. Spesielt Adrian har ein frisk start på kampen.
10. min: 1-1 Ein upressa Eirik Skaasheim utliknar på eit flott langskot. 
12.min: Balestrand fortset presset. Adrian kombinerer fint med Kim André og får avslutta med eit brukart skot som keeper slår ut i feltet.
17.min:Høyang avsluttar rett utanfor.
24.min: Høyang ved Thomas Frichsen header like over etter corner.
27.min: Rein Arne skrur ein corner i tverrliggaren.
40.min: Eirik Thue headar like utanfor etter corner
42.min: Thomas Frichsen er åleine med Kyrvestad. Vel ei nonchalant løysing der han prøver å lobbe over keeper. Lukkast med lobben, men ballen går til side for mål.
44.min: Frichsen på farten igjen. Ein av dei beste spissane i den lokale 3.divisjon skyt utanfor frå sju meter. 

Ein svært god omgang av Balestrand. Skapte mykje på venstrekanten, der Eirik og Roar kombinerte fint. Men innlegga var desverre ikkje presise nok til å kunne gje Balestrand leiinga ved pause. Endeleg møter Balestrand eit lag som vektlegg å spele god fotball. Dette står laget betre enn å møte enkelte fysisk overlegne lag som td. Gaular. Men så var det dette med å stå løpet ut......
 

49.min. Høyangs Dingsøyr, som vart effektivt stoppa av Balestrand sitt forsvar i 1.omgang, vaknar til live. Eit dribleraid innanfor Balestrand sin 16.meter endar med eit skot like utanfor.
52.min. Gratissjanse til Balestrand. Keeper tek eit tilbakespel med hendene. Gult kort og frispart til Balestrand frå 8 meter. Treff "muren" på streken.
53.min. Kim André blir dytta like utanfor 16.meteren. Frisparket utfører Johannes dessverre for dårleg.
55.min. 1-2 Dingsøyr utnyttar eit svakt tilbakespel. Kalddusj for heimelaget som også begynner 2.omgangen bra.
59. min. 1-3 Thomas Frichsen får umarkert dytte inn ballen etter ein flott innsvingar frå hjørneflagget. 
63.min. Smart stikkar frå Rein Arne til umarkert Eirik innanfor 16.meteren. Får ikkje skikkeleg klem på skotet som blir redda av Thomas Rørvik på streken.68.min. Høyang skyt i stolpen og ut.
74.min. 1-4. Dingsøyr ser at Ole står langt ute og lobbar frå ca. 40 meter. Svært rutinert, og kveldens flottaste scoring!
77.min. Velfortent gult kort til Høyangspeler etter håplaus nedriving av Adrian på høgrekanten.
79.min. 2-4. Nytt håp for Balestrand. Johannes scorar på retur etter eit flott skot frå Kim André. 
88.min. 2-5. Thomas Frichsen scorar etter straffe. Rutinerte Frichsen let seg felle av urutinerte Lars Kjetil etter at han nesten er komme ut av 16.meteren. Ole går til høgre og Høyangspelaren set ballen sikkert til venstre.  

Alt i alt var 2-5 eit greit bilete av kampen, sjølv om eit par av Høyangscoringane var av den lettkjøpte sorten. Balestrandspelarane føler kanskje at ein var nærmare enn resultatet viser, men sjansestatistikken avspeglar nok nokonlunde resultatet. Men Balestrand gjorde ein absolutt godkjent kamp og gav Høyang motstand så lenge kreftene heldt.
 Første omgang var ei god kollektiv forestilling av heimelaget, der motivasjonen og innsatsviljen var på topp. Spesielt tykte eg Adrian, Johannes og Rein hadde ein god omgang. Rein Arne har hatt ei kjempeutvikling det siste året og har utvikla seg til ein av Balestrand sine beste. Johannes kjempa hardt gjennom heile kampen, men avslutningane var han ikkje alltid like heldig med. Adrian har også hatt ei rivande utvikling i løpet av året, og har vorte eit sikkert val som kantspelar. Med rektor Eriksen tilbake hadde også laget ei skikkeleg god venstreside i første omgang. La oss også håpe at storscorar Thue tek ein ny sesong på topp. Effektive spissar er dessverre mangelvare på dette laget. Til slutt vil eg også trekke fram Lars Kjetil Nordeide. Ein ny god kamp av gutespelaren, som med normal framgang vil bli ein av Balestrand sine beste i tida framover.  


Skrive av: Lars Kjetil Grinde (22.09.09 - 09:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935802 besøk, sidan 18. juli 2005