Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget ga aldri opp




Foto:Arne Abrahamsen

I kampen mot Vik ga småguttane alt - og stod på kampen ut. Det ga resultat.

 

Etter tre strake tap mot henhaldsvis Førde, Bjørn og Gaular har vi ikkje vore i heilt i same flytsona som i vår. Vi hadde difor gjennomført ei rein teoriøkt med fokus på formasjonar, hadde ei bra fredagstrening og hadde justert på posisjonane til nokre av spelarane på laget. Vi var så klare vi kunne vere då Kjell Rune bles i gang kampen denne flotte måndagskvelden.

Det starta bra. Vi gjekk opp i leiinga etter få minutt etter ei fin scoring av Fredrik som for dagen spelte i ein heilt ny posisjon i midtbana. Men Vik slo attende og scora to raske mål. Då starta Asgrim show - tre scoringar og ein i tverliggaren. I tillegg var heile laget fokusert og jobba hardt. Det gjorde at vi kunne gå til pause med ei fortent 4-2 leiing etter godt spel frå heile laget.

 

 

 Stor innsats frå begge lag

 

Andre omgangen starta litt uheldig, då Tommy glapp eit i utgangspunktet ufarleg innlegg til ein sørgjelig umarkert vikspelar, som berre kunne trille ballen inn i ope mål. Med 4-3 fekk Vik masse energi og motivasjon, og pressa oss bakover. Dei var spesielt gode på kantane der vi hadde problem med å henge med på gode løp. Vi stod lenge i mot men til slutt kom scoringane, ein på ein corner og ein på eit gjennomløp frå midtbana - og så var det plutseleg Vik som leia kampen med 5-4.

Sjølv om Balestrandgutane var godt slitne etter å ha kjempa hardt i over ein time var det nokon som verkeleg henta ut det siste i sluttminuttane. Mødreklubben heia også alt dei kunne, og det er ikkje lite, og no var det plutseleg vi som pressa Vik bakover. Så kven andre enn Asgrim får kontroll på ballen inne i feltet. Første forsøket vert blokkert, men returen vert sett over keeper etter ein piruett om lag på straffemerket. 5-5 er eit faktum. Med berre få minutt att får Fredrik, som er flytt på topp, ei gjennombrotspasning ut mot venstre. Han rekk ballen ned mot kortlina og skjærer inn mot mål. Frå nesten død vinkel triller han ballen forbi keeper og inn i det tomme målet - og det står 6-5.

Det står seg kampen ut, og Balestrandgutane kan sleppe jubelen laus. Og etter fleire tap set ein verkelig pris på ein slik seier! Dei har grunn til å vere litt stolte - eg som trenar var i alle fall stolt over det dei viste. Ikkje berre det at dei vann kampen, men at dei aldri ga opp og i staden ga alt sjølv om dei låg under og Vik var gode. Det ga resultat i dag - og vil gje resultat i morgon og - om dei held fram med å møte utfordringane sine med slik innstilling!

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (18.09.09 - 23:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4408075 besøk, sidan 18. juli 2005