Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Stortap mot serieleiaren




Foto:Jarle Geithus

Gaular er klar for opprykk til 4. divisjon etter å sendt dei blå heim med 0-6 tap.

Balestrand stilte fylgjande lag i 4-5-1 mot Gaular torsdag kveld:

Ole Tjugum (k)
Adrian Wolff Nesse (FH), Magnus Algrøy (FS), Lars Kjetil Nordeide (FS), Tommy Ese (FV)
Roy Kennet Rendedal (DMS), Rune Vatnøy (MV), Eirik Thue (MS), Øyvind Neset (MS), Christer Johansen (MH)
Kim Andre Marifjæren (SS)
Innbyte: Senad Demirovic (30 min for Adrian), Anders Dale (25 min for Eirik), Daniel Bjåen (12 min for Kim Andre) 

Fleire sentrale spelarar mangla, og det vart ein vanskeleg mot serieleiaren. Ei tung og våt grasbane langt inne i dei djupe skogar var nok ein fordel for heimelaget i tussmørkret. Uforståeleg at ein ikkje spelar kampen ei splitter ny kunstgrasbane på Sande med flomlys ein sein haustkveld...

Balestrand forsøkte seg på god, gamaldags Drillofotball og la seg bakpå for så å slå lange ballar opp til debutant på seniornivå, Kim Andre. Lukkast godt med dette første halvtimen, og Gaular skapte lite sjansar.

Med litt meir flaks og dyktigheit kunne BIL faktisk ha leia 2-0. Knappe 5 minutt var spela då Gaular sin keeper slo ballen via stanga og tilbake i eigne hender. Etter cirka 25 minutt var Lars Kjetil framme på ein corner. Eit flott innlegg sklei av panna til Lars Kjetil då han var høgt over alle andre. her burde Balestrand ha teke leiinga. I tillegg har Christer eit par halvsjansar, men treff ikkje ballen godt nok til å skape vanskar for heimelaget sin keeper.

Siste 11 minutta av 1. omgang raknar det for bortelaget. Tre gongar må Ole plukke ballen ut frå nettet, og Gaular leiar dermed 3-0 til pause.

I 2. omgang vert det relativt mykje rotete frå begge lag, Gaular er det beste laget og skårar tre nye mål. Dermed vert Balestrand påført sesongens største tap.

Dommar Håre klarde seg godt, og han bidrog til at det som på grunn av ei sleip og vanskeleg bane, kunne ha vorte ein "stygg kamp", ikkje vart det.

Likevel vart det to raude kort. Ei kruttønne på Gaular presterte å bli utvist når dei leia 5-0. Like etter fekk Tommy marsjorde og tidleg dusj, etter eit angjevleg slag mot ein raud rygg.

Lars Kjetil og Roy Kennet kom best frå det denne kampen. I tillegg må ein trekkje fra kveldens debutant for BIL, Kim Andre. Han vart henta inn frå gutelaget, og viste super innsats etter å ha blitt "kasta inn" aleine på topp i ein vanskeleg bortekamp. Han synte at dei blå truleg vil få mykje glede av han framover med stor fart og god løpskraft.

Ole, Lars Kjetil, Adrian og Kim Andre skal alle i elden att allereie i kveld (fredag). Då er det gutekamp mot Sogndal på Kreklingen. Stor belastning for dei yngste spelarane våre i det siste, og noke spelar sin fjerde kamp på ei veke...

Måndag kjem Vadheim/Høyang 2 til Kreklingen for å vere motstandar i sesongens siste heimekamp. Spanande å sjå kor mange frå 3. divisjonslaget dei stiller med denn gongen. Vi ynskjer dei uansett velkomne til Kreklingen.

Og så, gratulerer til Gaular med avdelingssigeren i 5. divisjon avdeling 1. Lykke til i 4. divisjon!



Skrive av: Geir H (18.09.09 - 07:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935257 besøk, sidan 18. juli 2005