Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ung BIL tok ein ny siger i 5. divisjon




Foto:Jarle Geithus

Til tross for at motstandaren skåra flest mål, vann disiplane til trenar Harkjerr ein fortent siger i haustmørkret på Kreklingen.

 

 

Kampfakta:

 3 - 0 (2-0) 

1 – 0 Sjølvmål (5.min)

2 – 0 Lars Kjetil Nordeide (40.min)

3 – 0 Sjølvmål (74. min)

 

BIL (4-4-2)

Ole Tjugum (Kristian Kyrvestad)

Roy Kennet Rendedal, Magnus Algrøy, Lars Kjetil Nordeide, Tommy Ese (Senad Demirovic)

Rune Vatnøy (Christian Johansen), Rein Arne Isane, Odd Arild Lunde (Daniel Bjåen), Adrian Wolff Nesse

Håkon Haugen, (Eirik Thue), Øyvind M. Neset(kapt)

 

Dommar: Jarle Andersen. Gjer stort sett ein grei innsats med tanke på at han ikkje har linjemenn.

 

3 – 0 ser ut som ein solid siger på papiret, men blåtrøyene frå turistbygda var ikkje mykje solide store delar av fyrste omgang. Det unge laget, med seks tenåringar, starta imidlertid ganske bra og produserte eit par halvsjansar i dei fyrste minutta. Og etter bra spel fekk Adrian ballen på venstrekanten og la inn til Rein, som kom på eit bra løp inn i boksen. Terrieren frå Brattlandfeltet fekk ballen litt bak seg og fekk ikkje skyta, men det gjorde ikkje noko då ein grønkledd sendte ballen i mål då han prøvde å avklare.

 

Etter denne kalddusjen virka det som dei nest beste gutta frå skogen fekk litt ekstra motivasjon. I alle fall så tok dei stadig meir og meir over kampen og pressa heimelaget meir og meir bakover med ein del presise langballar. Noko som var med på å skape store avstandar mellom lagdelane til BIL. Heldigvis, for BIL, vart det ikkje noko resultat av dette overtaket til KIL 2. Det nærmaste dei kom var på ein to, tre dødballar, som kunne ha resultert i mål med litt meir flaks.

 

Når omgangen nærmar seg slutten slår heimelaget til med ein fantastisk kontring som ein ikkje ser for ofte av i 5.divisjon. Etter ei avklaring og eit fint veggspel kjem Lars Kjetil på eit langt løp og skårar sikkert åleine med keeper. Dermed går heimelaget til pause med ei heller flaterande 2 – 0 leiing.

 

I pausen gjer BIL to bytter. Ut med to gutespelarar og inn med to karar med meir rutine og pondus. Keeperbyttet gjorde neppe den heilt store forskjellen, men det at Eirik Thue kom inn på topp gjorde utvilsamt BIL til eit meir slagkraftig lag.

 

Før eit nytt sjølvmål meir eller mindre avgjorde kampen eit kvarter før slutt, hadde dei blåkledde skapt fem, seks sjansar som til dels var ganske store. I denne perioden varta heimelaget opp med ein del bra fotball og viste at dei fortener plassen sin i 5.divisjon.

    

Balestrand sine tre beste spelarar:

  1. Lars Kjetil: Er best i eit forsvar som held nullen. Lagar eit strålande mål og vinn mange duellar. Kan, til liks med resten av forsvaret, bli meir presis når han avklarar og då særleg med hovudet.
  2. Odd Arild: Viser at han har rutine og gjer få feil. Vinn mange duellar og gjer ofte noko fornuftig med ballen.
  3. Eirik: Viser klasse med gode pasningar og evna til å halde på ballen. Manglar prikken over i-en.


Skrive av: Sveinung Alværn (18.09.09 - 06:51)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943945 besøk, sidan 18. juli 2005