Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tapte på overtid




Foto:Jarle Geithus

Som i vårkampen tapte herrelaget 3-2 mot Bjørn, og det avgjerande målet kom nesten to minutt på overtid.

 

Dei tilskodarane som trossa det ausande regnveret fekk sjå ein kamp med nerve frå start til mål. Balestrand stilte med følgjande tropp:

Ole Tjugum (keeper), Roy Kenneth Rendedal (Anders Dale, 90min), Lars Kjetil Nordeide, Magnus Algrøy, Adrian Wolff Nesse, Johannes Nilsson, Svein Arne Lundeby, Roar Eriksen, Rune Vatnøy (Arve Sjøthun, 67min), Eirik Thue (Arnstein Menes, 75 min), Øyvind Neset.

Dommar: Jarl Andersen (Syril)

8 min
Det har starta roleg. Eit par halvsjansar til Bjørn som er litt meir på hogget.

10 min
Bjørn roper på straffe når ein av deira spelarar går i bakken i ein duell nede mot dødlina. Dommar Jarl Andersen vinkar spelet vidare.

13 min
Stor sjanse til Balestrand. Øyvind Snappar eit tilbakespel og har fri bane mot mål. Skyt over frå relativt langt hald. Var svært åleine og kunne nok med fordel ha forsert lengre!

16 min
Ny stor sjanse til Balestrand. Øyvind er igjen aleine, men også no går skotet over.

27 min
Enda ein stor sjanse til Balestrand. Nydeleg gjennomspel av Johannes til Øyvind som tek ballen med seg inn i straffefeltet. Trekker mot litt mot høgre og er totalt fri, men set ballen på keeper denne gongen.

28 min
Kontinuerleg press frå Balestrand. Etter eit minutt kring boksen vert skotet ei lompe som trillar inn til keeper.

30 min
Corner til Balestrand. Vert klarert.

31 min
Ny stor sjanse til Balestrand. Balestrand rullar fint opp på høgre kor Johannes får lagt eit flott innlegg. Øyvind møter innlegget nydeleg på første stolpe, men headinga stryk stolpen - på feil side. Balestrand burde ha leda med eit par mål no!

36 min
Mål! 0-1. Bjørn får eit innkast på høgresida midt inne på banehalvdelen til Balestrand. Det kastet kjem opp mot boksen, og ein Bjørnspelar får vendt opp og klinkar ballen i mål.

37 min
Sjanse til Balestrand. Etter litt fram og tilbake får Rune stå relativt fri på 6-7 meter, men bommar på ballen.

41 min
Sjanse til Balestrand. Rune får fyrt av, men ballen fyk over. Truleg snytt for ein corner der.

43 min
Frispark til Bjørn frå 35 m. Heada ut.

45 PAUSE

Etter ein avventande start var Balestrand det førande laget. Balestrand skapte 4 store sjansar og burde ha leda med både 1og 2 mål. I staden er det Bjørn som kan gå til pause med leiing...

 

48 min
Stor sjanse til Bjørn. Kjem inn i feltet og får avslutta frå 5 meter. Er hardt pressa og set ballen utfor høgre stolpe.

49 min
Mål! 1-1.
Balestrand scorar på corner. Vert slått hardt og flatt innfor mål. Eirik møter perfekt, og ballen smell i mål.

51 min
Johannes på raid i boksen. Vert helde att og rive ned, og spelarar og publikum er lite nøgde når dommaren let spelet gå.

56 min
Sjanse til Bjørn. Rullar opp med ein flott overgang, men ein litt lang siste pasning gjer at Balestrand kjem på rett side og får klarert.

60 min
Bjørn roper på straffe. Vil ha hands på ein Balestrandspelar. Dommaren er ikkje samd i det.

63 min
Stor sjanse til Bjørn. Flott overgang endar med skot i stolpen.

64 min
Corner til Bjørn. Heading over. Sjanse det og.

65 min
Ny sjanse til Bjørn. Igjen kjem dei på høgre sida etter ballmiss i midtbana. Skotet like utfor Spelet har jamna seg ut og Bjørn er mykje meir med på notane. Midtbana til Balestrand heng ikkje heilt med i det defensive spelet.

67 min
Bytte Balestrand. Rune Vatnøy ut, Arve Sjøthun inn.
Balestrand legg om med tre sentralt i midtbana? Ser i allefall slik ut.

70 min
Sjanse Bjørn. Skot frå 16 meter, men Ole reddar greitt.

73 min
Gult kort til Svein Arne. Hindrar ein overgang til Bjørn.

75 min
Bytte Balestrand. Eirik Thue ut, Arnstein Menes inn.

78 min
Mål! 2-1.
Balestrand stel ballen frå backen på venstresida Johannes får ballen utfor 16 meteren, trekker av ein spelar forserer litt, og set ballen flott til venstre for keeper.

81 min
Mål! 2-2.
Bjørn scorer vakkert på corner. Ingen følgjer spelaren som startar inn på første stolpe - og headinga er kontant og ballen suser i mål.

82 min.
Igjen stel Øyvind ballen på venstre. Prøver å legge inn, men ballen stoppar i den våte bana.

83 min
God inngripen av Ole i mål som er våken ute og snappar eit gjennomspel.

88 min
Stor sjanse til Balestrand, men igjen kjem ikkje den avgjerande pasninga frå Øyvind fram.

89 min
Corner til Bjørn. Skot utanfor.

90 min
Bytte Balestrand. Roy Kennet Rendedal ut, Anders Dale inn.

92 min
Mål! 2-3.
Bjørn får frispark på 18 meter. Skrur ballen over muren og inn i venstre hjørne. Flott utført!

93 min
Stor sjanse til Balestrand. Arnstein glir gjennom litt til høgre for mål. Keeper kjem ut, men Arnstein kippar flott over og ballen ser ut til å gå inn i det tomme målet. Då kjem eit raudt prosjektil og brystar ballen til corner.

94 min
Corner Balestrand. Balestrand får to cornerar på tampen, men det vil seg ikkje..
 

SLUTT.


Balestrand starta 2. omgang slik 1. omgang slutta, og det var då også veldig fortent då Eirik utlikna til 1-1. Utover i omgongen kom derimot Bjørn meir og meir inn i kampen. Midtbana til Balestrand hang ikkje saman i det defensive spelet, og Bjørn kunne rulle opp mange fine angrep, og fekk også utteljing etterkvart. Slutten vart intens og nervepirrande. Ein del Balestrandspelarar var godt slitne, medan nokre nok også var litt frustrerte på at det støtt vart frispark til Bjørn. Bjørn står distansen best og set inn vinnarmålet på overtid. Sjølv om Balestrand kunne ha fått med seg eitt poeng på 3 minutt på overtid, var det nok i 1. omgong grunnlaget burde vore lagt! For Balestrand fortente samla sett meir i denne kampen!

Balestrand sin beste i dag er litt vanskeleg. Fleire spelarar hadde gode periodar for så å imponere mindre i andre periodar. Johannes viser i store delar av kampen mykje flott, men kollapsar litt saman med resten av midtbana ut i 2 omgong. Øyvind kommer til mykje, men burde også score. Lars Kjetil gjer igjen ein god kamp med få feil, og speler på eit godt nivå gjennom heile kampen. Det held i dag til BB etter mi vurdering..



Skrive av: Arne Abrahamsen (31.08.09 - 22:27)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935805 besøk, sidan 18. juli 2005