Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med siger mot Hafslo



Ein glad gjeng
Foto:Erik Hoel

Jentelaget vant 6-1 over Hafslo onsdag ettermiddag utan å imponere.

Det begynte riktig så bra for jentene. Allereie etter to minuttar vart Ida felt like innanfor 16 meteren etter ei fin dragning. Straffesparket sette Martine kontrollert i mål.

Resten av omgangen kontrollerte Balestrand. Hafslo var knapt over midtbana. Det såg ut som om dei prøvde å avgrense tapet mest mogleg. Balestrand datt diverre ned på same labre tempo som motstandarane, noko som er eit kjend og uforklarleg fenomen i fotballen.

Både Oline og Ida hadde imidlertid muligheiter til å score fleire mål, men det ville seg ikkje. Nærast var Oline då ho skaut i tverrliggar og over. I slutten av omgangen gjekk heimelaget opp til 2-0 då ein av Hafslo sine forsvararar var uheldig å sette ballen i eige mål etter eit godt innlegg frå Malin.

Etter pausen la heimelaget om til å spele med berre 3 i backrekka. Martine vart dytta fram på midtbana. Det skapte større trykk i spelet. Dei første 15-20 minutta av andre omgang var heimelaget sin beste periode i kampen. Då fekk me sjå periodevis fint angrepsspel der ballen gjekk raskt på få tøtsj. Ida var frampå med to raske mål. Mari fekk og gleda av å score (med venstrefoten) før Oline endeleg kom på scoringslista etter flott pasning frå Ida.Derifrå og ut var det slapt over heile linja. Dårleg tempo, liten bevegelse og lite ”trykk” i spelet.  I tillegg slapp dei blåe inn eit unødvendig baklengsmål etter svakt forsvarsspel i sluttminutta.

Heilt grei siger mot eit svakt Hafslo lag. Det skal og seiast at det er vanskeleg å spele god fotball når motstandaren ikkje er interessert i å kome framover på bana. Det må ein heilt annan innsats og tæl til når laget møter sterkare motstandarar seinare i haust. 

Ein pluss i margen i dag til Malin som hadde fleire fine løp og innlegg frå si høgre side.


Malin spelte ein god kamp
Foto:Erik Hoel


Stine er på gang igjen etter skadetrøbbel
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (26.08.09 - 22:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935877 besøk, sidan 18. juli 2005