Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Svak serieopning av småguttane




Foto:Arne Abrahamsen

Etter ein jamnspelt 1, omgong rakna det litt for småguttane mot Førde 1 i 2, omgong.

Etter ein god vårsesong spelar smågutane i ein ny og sterkare serie no i haustsesongen. Førde 1 som spelte i 1. divisjon i vår var første motstandar.

Kampen var jamnspelt gjennom heile førsteomgongen. Begge lag sleit med å få flyt i spelet og laga skapte relativt få sjansar.  Til pause stod det 0 - 0, noko vi var godt fornøgde med mot dette laget. Vi hadde jo då også eit håp om ein god 2. omgong, som har vorte litt kjennemerke til smågutane.

I staden rotar vi det litt til i starten av 2. omgong, og slepp inn to raske og litt unødvendige mål. Laget prøver å reise seg, men det vi får rett og slett ikkje til eit godt samspel. Det vert i staden mykje ein og ein, og når Førde samstundes utnyttar enkle feil dødeleg effektivt, slokna kampgløden også litt utover i omgongen. Når domamren bles av var det blitt 0-6.

Dette må vere ei erfaring på kor lite som skil suksess frå fiasko. Førde 1 var på ingen måte eit lag vi trengde å tape med 6 mål for.  Vi har lagt kampen bak oss, og ser no fram mot neste kamp. Vi veit vi kan prestere betre, og satsar hardt på å reise oss då. 

  



Skrive av: Arne Abrahamsen (26.08.09 - 21:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943961 besøk, sidan 18. juli 2005