Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Glimt frå Norway Cup



Det starta med parade..
Foto:Arne Abrahamsen

Å vere på Norway Cup er meir enn berre fotball. Her er nokre glimt..

 

Her er nokre glimt frå småguttane sin Norway Cup tur i sommar. Til ein forandring er bileta frå livet kring det å vere med på ein slik cup (bilete frå kampar har vi jo ein del av elles..)

Laurdagskvelden var det parade og konsert på Ekeberg

 

Møderklubben var kanskje beste heiagjengen på sletta. På TV kom dei og.. 

 

T-banestoppen på Brynseng vart eit kjent punkt

 

På T-bana opp til Ellingsrudåsen der vi budde

Desse to var ikkje dei mest ryddige -  men kjekt hadde dei det! 

 

Og Knut hadde det meir komfortabelt enn andre..

 

Det er mogeleg å tørke sko med håfønar meiner Fredrik og Mons.  

 

Taktikken vert lagt - eller var det kanskje sudoku? 

 

På sletta var det dagar med fint ver - innimellom i allefall. 

 

Nokon syntes det var greitt med paraply likevel..

 

Matsalen var idrettshallen på Ekeberg. Ferdigmat er til å leve med ei tid..

 

men ikkje heile tida! Ein tur på Peppes var veldig hyggeleg etter vi var slege ut.

 

Og humøret var sjølvsagt godt.. 

 

sjølv om nokon byrja å bli trøtte ...

 

men ikkje Tore! 

 

Nokre frå den trufaste supporterskaren var og med denne kvelden. Vi avslutta forresten med Harry Potter kino på Coloseum.  

 

Torsdagen var det tur til Tusenfryd. Nokon prøvde denne. Andre langt meir utfordrande innretningar.

 

Den ettermiddagen kom regnet - og det var heilt ok å reise heim fredag morgon. Men minnene og opplevingne har vi med oss no i ettertid. Det var kjekt rett og slett!



Skrive av: Arne Abrahamsen (25.08.09 - 21:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935292 besøk, sidan 18. juli 2005