Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand med kalassiger




Foto:Jarle Geithus

Balestrand vann ein overlegen siger over Førde III på Kreklingen kunstgras søndag ettermiddag. Balestrand dominerte frå start til mål mot eit tafatt Førdelag som produserte svært få målsjansar. Til slutt stod det 9-2 i målprotokollen. Etter spel og sjansar kunne sigeren faktisk ha vore enno større.

 


 

 

Kampfakta:

Balestrand – Førde III   9-2 (4-1)

5. divisjon, 8. serierunde 

Mål: 1-0 Eirik Thue 20 min. 2-0 Øyvind Neset 30 min. 2-1 Førde 36 min. 3-1 Neset 41 min. 4-1 Neset 42 min. 5-1 Lars Kjetil Nordeide 46 min. 6-1 Johannes Nilsson 49 min. 7-1 Roar  Eriksen 63 min. 7-2 Førde 67 min. 8-2 Arnstein Menes 74 min. 9-2 Nordeide 83 min.

Dommar: Michael Labarca 

Tilskodarar: ca 60 

Balestrand (4-4-2): Ole Tjugum, Lars Kjetil Nordeide, Odd Arild Lunde (Roy Kenneth Rendedal frå 40. min), Adrian Nesse (Arnstein Menes frå 68.min). Rein Isane (Daniel Bjåen frå 76.min), Johannes Nilsson, Sven Arne Lundeby, Roar Eriksen (Rune Vatnøy frå 63. min), Magnus Algrøy, Eirik Thue, Øyvind Neset (kapt)   

5 min. Lang ball fram til Øyvind som skyter over i god posisjon. 

9 min. Godt spel av heimelaget. Adrian kjem fint fram på venstresida og slår presist inn til Øyvind som bommar for opent mål. Kjempesjanse. 

15 min. Langskot frå Sven Arne som går like utanfor. 

17 min. Fin pasning frå Eirik til Johannes som imidlertid avsluttar svakt. 

20 min. Scoring. Fint angrep der Rein drar seg fint forbi på høgresida og legger inn til Eirik som ikkje kan unngå å score.  

23 min. Johannes skyter over frå om lag 20 meter. 

25 min. Magnus skyter like utanfor.

30 min. Scoring. Øyvind drar seg fint igjennom i midten og scorar sikkert. 

31min. Pasning frå venstre til Øyvind som skyter nydeleg i mål, men dommaren bles for offside. Tvilsam offside. 

36 min. Scoring. Førde scorar på sin første ordentlege sjanse. Baklengsmål etter unødvendig balltap i BIL sitt forsvar. 

38 min. Eirik har ein stor sjanse men klarer ikkje å setje ballen i mål. 

38 min. Stor sjanse til Førde. Heading over etter eit godt innlegg frå høgresida. 

39 min. Øyvind vert spelt igjennom. Åleine med keeper knallar han til, men treff keeper. 

41 min. Scoring. På ny vert Øyvind spelt igjennom. Denne gongen gjer han ingen feil. Rundar keeper og legg ballen i tomt mål. 

42 min. Scoring. Øyvind er på farta igjen og set ballen sikkert i mål til høgre for keeper.  

45 min. Balestrand pådrar seg eit unødvendig frispark på 16 meterstreken etter rot i forsvaret. Frisparket går i muren og like til side for mål. 

Pause (utan kaffe) 

46 min. Scoring. Corner til BIL. Ballen blir først klarert, men blir slått inn att foran mål der Lars Kjetil header sikkert i nettmaskene. 

49 min. Scoring. Johannes drar seg enkelt igjennom i midten og scorar sikkert. 

57 min. Stor sjanse til Eirik etter godt kombinasjonsspel av heimelaget. 

63 min. Scoring. Roar skyter velplassert i mål og underteikna begynner å få krampe i høgrehanda. 

67 min. Scoring. Dårleg klarering i heimelaget sitt forsvar. Ballen blir trilla til umarkert spelar som berre har å trille ballen i mål. 

68 min. Heimelaget er inne i ein litt dårleg periode og Førde sin spiss vert spelt igjennom men Ole kjem ut og gjer målet lite. God redning av Ole. 

71 min. Eirik  header over i god posisjon. 

74 min. Scoring. Arnstein scorar etter retur. Godt pasningsspel i forkant av scoringa mot eit svært passivt førdeforsvar. 

79 min. Eirik header utanfor frå kort hald. 

83 min. Scoring. Lars Kjetil scorar frå kort hald etter at innkastet går gjennom heile feltet.  

85 min. Johannes testar venstreslegga. Ballen går i tverrliggar og over. 

90 min. Pipeblåsaren bles av kampen. 

Alt i alt ein god kamp av heimelaget som, i alle fall i periodar, hadde bra kvalitet i pasningsspelet med bruk av midtbana i det oppbyggande spelet. Dette vil me sjå meir av.  

Skal ein trekke fram einskildspelarar på heimelaget, må Øyvind må få eit kryss i margen. Scorar mål og kjem til mange sjansar. Har god gjennombrotsstyrke og er sterk og god i duellspelet. Brenn litt for mange sjansar.I tillegg viste Johannes gryande form og slår fleire fine pasningar. Adrian får og litt skryt. Det beste han har vist i dei kampane som underteikna har sett denne sesongen. Ven med ballen og kjem på fleire fine løp offensivt.

 

 



Skrive av: Alf Høyrem (24.08.09 - 16:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943878 besøk, sidan 18. juli 2005