Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap for jentelaget mot serievinnarane



Liten grunn til jubel denne gongen
Foto:Erik Hoel

Jentelaget tapte heile 7-1 mot Sogndal i Sognahallen onsdag ettermiddag i ein dårleg kamp mot ein overkommeleg motstandar.

Til trass for tapet klarte jentene målsettinga om å bli nr. 3 av totalt 8 lag i vårsesongen, så vidt føre Kaupanger som hadde same poengsum og målskilnad, men færre scora mål.  Frå hausten av er det inndeling i ny serie der dei beste jentelaga i fylket går til ein såkalla eliteserie.

I gruppe 1, der Balestrand deltok, var Sogndal og Jølster klare for ”opprykk” allereie før kampen. Nr tre i gruppa skal spele kvalifisering. I utgangspunktet er det difor Balestrand som med dette resultatet skal spele kvalifisering mot nr. tre i gruppe to (Florø) om opprykk. Ettersom Balestrand har nytta ein disp. spelar denne sesongen, får me likevel ikkje spele kvalifisering. Litt bittert, men slik er reglane og dei får me berre respektere. Me ønskjer Kaupanger, som då får spele kvalifisering, lykke til.

På den første ordentlege sommardagen måtte jentene spele kamp inne i Sognahallen. Om det var den dårlege lufta inne i hallen, eller om det var kampen mot Jølster to dagar før som enno satt i beina, er vanskeleg å seie. Jentene leverte uansett ein dårleg kamp. Synd ettersom Sogndal mangla ”heile sentrallinja” som leiarane til Sogndal poengtere opp til fleire gongar før kampen. Det var difor ikkje noko imponerande heimelag me såg onsdag ettermiddag, men meir enn godt nok til å vinne relativt enkelt mot eit Balestrandlag som aldri klarte å kome opp i motstandarane. 

Lufta inne i hallen var like dårleg for begge lag, men våre jenter med berre ein innbytar, hadde store problem med å takle tilhøva. Fleire vart kvalme og fekk hovudpine og leverte under pari. I pausen låg jentene ”strødd” ut over graset og nærmast gispa etter luft. Nok om det. Sogndal var eit betre lag og vann fortent. 

Best på Balestrand onsdag var Martine. I andre omgang fekk ho prøve seg som midtstoppar etter at Mathilde måtte gje seg. Martine klarte seg godt sjølv om ho nok treng litt meir skolering i denne posisjonen. Berit var og trygg og solid og kan ikkje lastast for nokon av måla. Det kan og nemnast at det var Oline som fekk æra av å lage  mål på Sogndal sin landslagsaktuelle keeper. Sogndal vart med det påført sitt andre baklengsmål på heimebane denne sesongen. Dette seier vel det meste om kor suverene laget har vore. 

Me får sjå korleis mannskapet skal disponerast etter ferien når Mathilde reiser austover for å gå på skule. Ikkje berre mister laget sin kanskje viktigaste spelar og kaptein, troppen vert og faretruande liten. Me får setje vår lit til at det tek til ein eller fleire fotballspelarar på Sygna til hausten som ønskjer å spele på Balestrand. 

Etter kampen var det tid for pizza på Dolly og ei hyggeleg avslutning på ein vårsesong som trass alt har vore oppløftande og positiv med mykje bra spel. Ønskjer alle jentene ein god fotballferie, men håper at alle held forma ved like gjennom sommaren. 


Marftine debuterte som midtstoppar
Foto:Erik Hoel


Berit var trygg og god
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (26.06.09 - 14:52)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935828 besøk, sidan 18. juli 2005