Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget imponerte på Grodås Cup



Asgrim i fint driv (Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no)
Foto:Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Helga med Grodås Cup vart ei flott oppleving på mange måtar for både gutane og lagleiarane.

 

Første stopp i Innvik

Første høgdepunkt kom fredagskvelden allereie før vi kom til Hornindal. Då var det stopp i Innvik og venskapskamp med 11-arlag mot Vikane I.L sitt småguttelag. Det vart ein finspelt kamp der begge lag hadde sine periodar. Balestrandgutane trakk lengste strået og vann kampen 5-4. Ein fin prestasjon då Vikane vann heile andredivisjon i Nordfjord. Augneblikk å trekke fram frå kampen sett frå vår ståstad var nokre virkelege klasseredningar frå Tommy i 1 mot 1 situasjon. Vidare eit fantastisk raid frå Fredrik på venstresida der han trekte av 3 spelarar før han frå dølina trilla ei ferdigscora pasning til Asgrim. Så to kjempeflotte langskot frå Birk. Det eine frå nesten 25 meter klin i venstre kryss og det andre i stolpen og inn på direkten frå 17 -18 meter.

Etter kampen overnatta vi heime hos Audun og Lena, som hadde diska opp med pizza, is og kaker heile bunten, 14 unge karar og 3 leiarar. For mange vart nok dette eit av høgdepunkta på turen. Her var det faktisk så kjekt, at ein del glømte å sove...

 

Så bar det vidare til Hornindal og Grodås Cup

Med berre nokre timar søvn var det helst ein laber gjeng som vart purra 06.30 laurdag morgon. Etter ein time i bil, litt frukost i gymsalen på skulen, skifte til drakter og fotballsko likna vi i alle fall på eit fotballag. Men når dommaren bles i fløyta var det som om sirkushestane i manesjen vakna til liv.

Balestrand - Krydderkameratane
Medan vi vakna til liv vart Krydderkameratane frå Hornindal etter kvart slege komfortabelt 5-1. Her opna Håkon scoringskontoen medan Birk og Asgrim fulgte på. Det var nok uvant på spele 7-arfotball, ikkje minst for trenaren som skulle halde styr på 6 innbytarar og samstundes halde strukturen i laget..

Balestrand - Hundeidvik
Etter det vart det ein jamn og ikkje for velspelt kamp mot Hundeidvik frå Sykkylven, der vi til slutt vann 3-2. Vi leiar både 2-0 og 3-1, men Hundeidvik kjempar seg inn i kampen og lagar spenning til siste slutt.

Balestrand - Åheim
Siste kampen laurdag var mot Åheim. Dette var eit lag som hadde tap sin første kamp, og vi tenkte vel at dette skulle bli ein lett kamp. Det vart det ikkje! Vi møtte eit fysisk sterkt lag som kjempa godt. Smågutane frå Balestrand gjorde derimot også ein god kamp og vann til slutt 4-2. Kampens augneblink var utvilsamt når Tor scora sitt første mål for sesongen. Eit flott skot nede ved stolpen og det var oppriktig glede i heile laget. Dette gav gruppesiger og kvartfinaleplass i A-sluttspelet dagen etter.

Laurdag ettermiddag og kveld var det grillfest - og diskotek. Det rare var at det ikkje blei så seint denne kvelden... Klokka 23.30 sov absolutt alle småguttane - medan miniputtane som også hadde eit lag med - var på diskotek..

Kvartfinale:     Balestrand - Stryn
Søndagen var det difor ein meir opplagt gjeng som møtte Stryn til kvartfinale. Dette vart ein flott kamp som endte 4-1 til oss, og semifinaleplassen var sikra. I denne kampen trur eg vi hadde sletta sin flottaste supportergjeng. Innbyttarar, miniputtar og foreldre heia og jubla. Kampens augneblikk var nok då Birk fyrte av nesten frå midtbana medan han spring på tvers, eit slags liggande skot med strak vrist som går som eit prosjektil rett i mål - og på sidelina song dei "Gerrard, Gerrard" til Balestrand sin nr 8....

 

 

 Jubel for scoring - Asgrim, Birk og Håkon (Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no)

 

Semifinale:      Balestrand - Eid
Her møtte vi Eid. Dette var eit jamt, solid og spelande lag som til dagleg spelar i 1. divisjon. Likevel var dette eit lag vi kunne kjempe jamt med, og hadde potensiale til å slå om alt fungerte optimalt. Dessverre fekk vi ein kamp der ikkje alt lukkast, og Eid kunne juble etter å ha slege oss 2-1. Resultatet var greitt ut frå prestasjonen i kampen, men vi var nok litt skuffa då vi alle viste vi kunne ha gjort ein betre prestasjon.

Viljar kjempar godt mot ein spelar frå Eid I.L (Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no)

 

Asgrim scora eit flott mål, - men det heldt ikkje mot Eid sine to. (Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no)

 

Bronsefinale:    Balestrand - Åheim
Men i sluttspel er det heldigvis ikkje lang tid til å furte. Bronsefinalen stod for døra. Her møtte vi Åheim igjen som verkeleg hadde spelt seg opp og hadde slege ut Haugen i kvartfinalen. Dei hadde også spelt 0-0 mot Tambarskjelvar i semien, men ikkje kome til finalen på færre cornerar. Bronsefinalen vart då også ein jamn og spennande batalje. Balestrandgutane hadde ei heilt anna innstilling enn i semifinalen, og vi hadde også fått justert litt på formasjonane i laget. På sidelina var det også stor jubel og heiing. Dette gav utteljing, og Asgrim scora eit av sine 11 mål for helga. Dette vart kampen si einaste scoring, og det heldt til ein relativt fortent 1-0 siger.

I finalen spela Eid og Tambarskjelvar 1-1, der Tambarskjelvar vann med 4-3 i cornarar. Dette viser at det var jamt - og at vi var heilt oppi der! Den smule nedturen frå semifinalen vart snudd til seier. Vi kunne ta i mot ein flott pokal for 3.plassen som skal få ein plass i premieskapet i Belehalli. Sigeren gav nok mykje energi til gutane og. For dei som trur at heimturen med 4 timar i bil vart stille, roleg med soving og sånn etter ei slitsam helg - dei må tru om igjen....

 

Herlig uorden...og glede over 3.plass og pokal! (Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no)

Heile troppen:  Tomy Ese, Eirik Buene, Tor Briseid Tjugum, Andreas Bjerk; Birk Isane, Roger Fjærestd Sande, Asgrim Farnes, Mons Hoel, Håkon Thue, Per Arne Thue, Knut Lee, Fredrik Hanevik og Viljar Bakke Nesse (bak Knut).

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (23.06.09 - 22:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935938 besøk, sidan 18. juli 2005