Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget tapte mot Jølster



Balestrand opna forrykande og tok leiinga etter berre tre minutt
Foto:Erik Hoel

Jentelaget tapte 6-2 mot Jølster på Skei stadion måndag kveld. Dei blåkledde opna imidlertid forrykande og var gode så lenge kreftene haldt.

Det var nesten ikkje til å tru det som skjedde i starten av kampen mot eit av fylket sine aller beste jentelag. Balestrandjentene tok initiativet og pressa  Jølstringane langt tilbake på bana frå første stund. Eit tydeleg overraska Jølsterlag vart nok teke litt på senga. Etter berre tre minutt vart Ida felt innanfor sekstenmeteren etter ei fin forsering og pipeblåsaren, som for øvrig var god, pekte på straffemerket. Straffesparket ekspederte Martine sikkert i mål og Balestrandjentene kunne juble for den beste starten på ein fotballkamp nokon sinne. 

Jølstringane kom etter kvart til hektene og kom meir med i spelet. Spesielt skapte dei mykje på si høgreside. Til slutt gjekk det galt og heimelaget kunne score på eit av fleire gjennomspel på styrbord side. Balestrandjentene falt på ingen måte saman etter utlikninga og skapte fleire fine sjansar.

Og som så ofte før denne sesongen gav ein Brita - Oline kombinasjon utteljing. Etter vel 20 minutt slo Brita ein stikkar til Oline inne i 16 metersfeltet til Jølster. Oline ”gled” forbi ein forsvarsspelar som berre ho kan gjere det, og sette ballen kontrollert i mål. Dermed ny jubel i Balestrandleiren.  Men, jubelen skulle fort stilne. Berre få minutt etter Balestrand si scoring kom utlikninga. Jølster var heile tida farlege på hjørnespark. Ein Jølsterspelar kom på løp inn i feltet etter eit av fleire hjørnespark og kunne upressa sette ballen i mål.

No overtok Jølster meir og meir og det var tydeleg at Balestrandjentene begynte å kjenne kjøret. Det var under 5 minutt igjen av omgangen då Jofrid fekk ein alboge i ansiktet etter ein duell. Ho blødde ein del og det såg litt stygt ut med det same. Det viste seg etter kvart at det ”berre” var ein kraftig smell i nasa. Ho måtte ut av bana og var ikkje i stand til å spele meir. I sekunda etter skada var det litt kaotisk. Dette utnytta Jølster og gjekk opp til 3-2. Underteikna såg ikkje scoringa ettersom han var oppteken med å ta seg av Jofrid. Litt makabert var det å gå forbi Jølster sin benk med ei blødande jente medan leiarane jubla hemningslaust for scoringa. Av og til kan fotball vere ein rå og brutal sport. Dermed leiing 3-2 til Jølster til pause. 

Diverre måtte også Mari kaste inn handkleet i pausen noko som vart merkbart i andre omgang. I denne omgangen var det heilt tydeleg at jentene frå Balestrand var slitne. Dei klarte ikkje lenger å legge press på ballførar og Jølster fekk god tid og store rom. Denne omgangen dominerte vertane totalt, og gjestane frå perla ved Sognefjorden klarte berre sporadisk å skape noko framover. Etter tre mål frå heimelaget tidleg i omgangen var kampen kjørt. Dei blåkledde kjempa imidlertid godt og hindra fleire baklengsmål slik at sluttresultatet vart 6-2. 

Underteikna er imponert over det jentene viste i starten av kampen. Sjølv om det vart gjort ein del feil, viste jentene at dei kan sette press på og vere heilt på høgde med eit av fylket sine beste jentelag. Dette viser at laget har eit høgt toppnivå. Kampen gjorde det og klart at det er ein del  å hente på fysikk og kondisjon. I den samanhengen må me heller ikkje gløyme at halve laget er 14 åringar som møter jenter som stort sett er 15 eller 16 år gamle. 

Balestrand sin beste spelar i går var Mathilde. Betre kaptein, både på og utanfor bana, skal ein leite lenge etter. Etter å ha mista fjorårssesongen grunna trøblete kne, er ho no tilbake slik me kjenner henne. Tøff i duellane, leser spelet godt og god til å bryte spelet frå sin midtstopparposisjon. I tillegg oppmuntrar ho heile tida medspelarar og gjev konstruktive tilbakemeldingar til trenar.

Totalt sett ein kamp jentene kan vere godt nøgde med. Dei prøvde i alle fall så godt dei kunne og kjempa godt  gjennom heile kampen. Denne gongen tapte dei for ein betre motstandar. Me ønskjer Jølster lykke til i eliteserien for jenter til hausten og håpar og trur at dei kan ta opp kampen mot Sogndal om krinsmeisterskapet. 


Berit og Mathilde fekk etter kvart mykje å gjere
Foto:Erik Hoel


Travel kveld også for Stine
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (23.06.09 - 15:09)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943922 besøk, sidan 18. juli 2005