Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Kamprapport Balestrand - Dale 2


Balestrand vann i dag ein veldig, veldig viktig seriekamp i 5. divisjon. Etter fire tap på dei seks første kampane hadde ein blitt blanda inn i botnkampen og trengte siger for å halde kontakt med laga på midten av tabellen.

Sigeren kom, og endeleg fekk Balestrand i land ein siger i ein jamnspela kamp. Vi meiner Balestrand var det beste laget totalt sett, men Dale 2 kunne og ha teke poeng(a). Balestrand står dermed med sju poeng etter vårterminen, og kan vel totalt sett vere rimeleg nøgde med det som er vist. Ein har gjennomført, administert og leia alle kampane på ein god måte og har spela jamngodt stort sett med alle laga i divisjonen. Nokre kampar har vippa feil veg resultatmessig sjølv om ein kunne ha teke poeng – men dette er ikkje verre enn at det godt kan rettast til hausten.    

Kampfakta:

Balestrand IL (3-5-2)
Ole TjugumSvein Arne Lundeby, Odd Arild Lunde, Sondre Skrede, Roar Eriksen, Johannes Nilsson, Rein Isane, Øyvind Neset (kaptein), Jan Kristian Berentz, Madushanka Perrera, Eirik Thue 

Reservar/ bytte:
62 min  Adrian W Nesse for Sondre Skrede
72 min  Roy K Rendedal for  JK Berenz
75 min  Arnstein Menes for Eirik Thue  

Mål:  Balestrand – Dale 2 (0-1)  3 – 2
0 – 1  14 minutt
1 – 1  47 minutt Eirik Thue
2 – 1  62 minutt Sven Arne Lundeby, straffe
2 – 2  65 minutt sjølvmål (Sven Arne Lundeby)
3 – 2  88 minutt Madushanka Perrera 

Gule kort 2 gult kort :62 minutt til Dale 2 spelar for protest i etterkant av straffesituasjonen. Øyvind Neset  

Dommar: 
Asbjørn G Håre gjorde ein god jobb i denne kampen. Kampen var lettdømt utan spesielt vanskeleg situasjonar. Vi meiner imdlertid at Balestrand fekk eit litt billleg straffe ved 2-1 situasjonen. Slik det såg ut for oss var Eirik Thue alt i ubalanse og fall relativt lett. Ein del dommarar ville nok ha vinka spelet vidare.
 

Trenardisposisjonar:
Gjer heilt korrekte byte. Sondre hadde litt problem på sin kant ved eit par høve og det var naturleg at Adrian kom inn. Det kunne vore freistande å ha sett Adrian inn på høgre midtbane i staden for back – men ok. Roy Kenneth kom inn for C J Berentz. Dette også greitt. Berenz såg ut til å vere godt sliten på sin kant og vart springande litt imellom. Eirik gjekk ut etter strekk/ krampe. Trenar kunne kanskje vore noko meir aktiv på sidelinja. Vi saknar litt glød i laget periodar og å få til ein enorm innsatsvilje er ei viktig del av trenaroppgåvene. Når det er sagt kunne også kapteinen bidra litt ekstra her. Ser ingen som knyter nevane saman og manar andre til kamp. Formasjonen fungere stort sett greitt. Vi var uroa over tempoproblem i bakre rekker ved nokre høve i starten. Det verka kome litt overraskande. Trenar gjorde ikkje endringar på dette – og det såg ut til å vere korrekt. Men hadde det kome ei scoring imot til i starten på langt eit framspel ville vi nok ha sagt at noko anna. 

Balestrand stilte denne gong opp i ein 3 – 5 - 2 formasjon. Denne formasjonen hadde ein suksess med i fjor. Formasjonen krev eit litt anna speleopplegg enn 4 – 5 – 1  som ein har spelt mest med i sesongen. I  3 – 5 – 2 er det vikitg med duellsterke og raske forsvarspelarar. Ein har i utgangspunktet ikkje sikring. Det er dermed viktig at kommunikasjonen internt i forsvaret og med fungerer godt. På midtbana satsar ein på kontroll med fem spelarar. På topp har ein to spissar som skal forast med stikkballar framover. Opplegget gjev meir tyngde fram vi meiner at dette fungerer betre for Balestrand. Vi såg imdirtid nokre gonger at forsvaret fekk problem med raske spissar ved fleire høve og kommunikasjon med keeper svikta nokre gonger. Begge måla til Dale 2 kom på slike situasjonar. Truleg kunne begge måla ha vorte averga i ein 4 – 4 – 2 formasjon der midtstopparane har sikring for kvarandre. 

Første omgang
Vi er vorte vande med at Balestrand startar kampane med å dominere, men utan å sette inn avgerande mål for så å sleppe motstandar meir til etter kvart. I dag starta ikkje kampen med like klar Balestrand dominans. Balestrand hadde eit overtak i heile første omgang, men Dale 2 hang likevel godt med og kjempa seg til fleire sjansar – mest kanskje på grunn av eit relativt raskt spisspar.  Vi har ikkje fått sett oss skikkeleg på plass på tribuna før vi får ei kraftig åtvaring mot det ein bør arbeide mest med i tida framover – kommunikasjon mellom forsvar og keeper. Etter tre minutt får Dale 2 eit langt framspel, Odd Arild Lunde kjem på etterkant, har ikkje tempo til å løpe opp og det er berre så vidt ballen ikkje går i mål. Ved tilsvarande situasjon ti minuitt seinare kjem keeper for tidleg ut, Dale 2 rundar keeper og ballen trillar i mål til 0-1. Klar minus til begge to ved begge høve.  Når det er sagt gjennomførte begge to totalt sett gode kampar – men dette trekk likevel ned i vurderinga.  Balestrand hadde fleire gode forsøk i første omgang. Etter 10 minutt skyt Rein Isane over mål frå 17 meter – litt for tung ryggsekk ved det høvet. Etter 13 minutt skyt Eirik Thue frå kanten av 16 meteren eit hardt skot som vert redda av keeper og etter 16 minutt lurer Eirik forsvaret ved å sleppe ballen forbi seg til Madushanka – som skyt rett i beina på Dale 2 keeperen. Nokre minutt seinare headar Øyvind Neset like over frå om lag 16 meter.  Men Dale 2 er heller ikkje ufarlege og utanom målet får dei ein brukbar sjanse då Sondre Skrede misser ballen frå sin backposisjon. Ein Dale 2 spelar kjem seg laus og skyt ein ball som like godt kunne ha enda i mål.  Vi synest at det har mangla litt glød i laget i første omgang. Ja ein var det beste laget – men vi sakna ein klar spielfürer som tek tak i kampen, manar dei andre til innsats og kastar seg inn i duellane. Vi synest at det var litt lite bevegelse i enkelte periodar og dermed litt lite å spele opp på ved igangsetting av spelet.  Heilt mot slutten av omgangen får Balestrand to fine sjansar. Den første etter eit frispark der keeper til Dale 2 kjem med ei feberedning, den andre sjansen går i tverrliggaren. 

Andre omgang
Det er tydeleg at trenaren har sagt frå i pausen om at innsatsen må opp i andre omgang. Vi ser det på spelarane i dei første duellane. Det er vorte meir temperatur og det ser ut til at ein trykker meir til i duellane og i målfeltet.  Innsats gjev alltid resulat i eit lagspel som fotball og det går ikkje meir enn to minuttar ut i omgangen før utlikninga kjem til 1-1.  Balestrand held fram med å føre kampen like etter scoringa og får til eit brukbart press. Begge laga får til nokre småsjansar – men det er ikkje før vi har runda vel 60 minutt at vi får litt dramtikk i kampen. Eirik Thue kjem på full fart inn i Dale 2 sin 16 meter og fell overende. Dommaren bles straffespark. Vi synest at det var litt lettkjøpt. For oss såg det ut som at Erik var i ubalanse og hadde ramla uansett. Mogleg at Dale 2 spelaren var litt borti Eirik og at dommaren såg det betre – men for oss verka det litt enkelt. Svein Arne Lundeby tek straffen og set den enkelt i mål til 2-1 til Balestrand.  Det er gått 62 minutt. Å ta vare på ei leiing, er ein av fotballens viktigaste eigenskapar. Balestrand makta ikkje det mange minutt i går. Nokre minutt etter scoringa kjem det ein fatal svikt i forsvaret. Sven Arne Lundeby skal spele tilbake til keeper, men keeper er ikkje der Lundeby trur han er og ballen sprett roleg å mål bak keeper.  Kampen er etter dette inne i ein fase der vi føler på oss at den som scorar det neste målet også kjem til å vinne kampen. Vi er slett ikkje heilt sikre på at det vert Balestrand og tenker litt på at eit poeng trass alt er betre enn null og at det er viktig å få med poeng frå denne kampen.  Gradvis kjem Balestrand seg imidlertid frå sjokkutlikninga og får eit visst initiativ. Vi er spesielt her nøgde med insatsen til Rein Isane. Han verkar å stå meir fram enn dei andre på laget. Johannes Nilsson kjem og meir med etter å ha vore litt anonym fram til no.  Kampen kan vippe begge vegar – men det er til slutt Madushanka Perrera som får ballen inne i feltet og får sendt eit skot langs bakken i mål. Det er da berre att to minutt å spele og ein jublar på tribuna.  Balestrand er også i andre omgang det beste laget meiner vi, sjølv om det ikkje skil så mykje. Kampen kunne også ha enda med Dale 2 siger, men det er fortent at Balestrand får inn målet som avgjer til 3-2. Alt i alt eit godt gjennomført kamp – sjølv om det er ting å rette på.  

Vurdering av enkeltspelarane (1-10 poeng) 

Ole Tjugum (keeper) 5 poeng
Har mange fine redningar i denne kampen og får absolutt godkjent. Kommunikasjonen mellom forsvaret og keeper kunne vore betre og dei to måla Dale 2 får kjem på det. Det er slett ikkje berre keeper sin feil – men vi må vere såpass ærlege på dette nivået - av vi tør seie at litt andel i det har også keeper. God på utspark med ballen i hendene og frå fem meter. Potensialet er veldig bra.   

Sondre Skrede (forsvar) 4 poeng
Gjer jobben heilt greitt i forsvar. Samspelar bra med andre og held linja fint. Tapar imidlertid ballen ved fleire høve når ein ikkje skal gjere det. Ved eit par tilfelle kunne det gått galt. Dette trekk litt ned.

Odd Arild Lunde (forsvar) 6 poeng
Spelar totalt sett ein solid kamp. Har imidlertid problem ved eit par høve i startfasen av kampen. Kjem på etterslep ved to løpsduellar med Dale 2 spelarar. Den ein går i mål. Har rutine nok til ikkje å la det påverke seg – men greier å plassere seg betre etterkvart. Kjem godt inn i kampen og sikrare og sikrare.   

Svein Arne Lundeby (forsvar) 5 poeng
Opnar kampen veldig godt, spelar sikkert og bidreg også framover.  Er roleg og god med ballen og treff dei han spelar pasning til. Sjølvmålet trekk sjølvsagt ned minst eitt poeng.   

Roar Eriksen 5 poeng
I denne kampen synest vi at Roar spelar betre enn mot Gaular (sist vi såg han). Greir å gjennomføre kampen betre og går ikkje heilt tom for krefter. Bidreg framover positivt. 

Johannes Nilsson 5 poeng
Ein kamp på det jamne. Er anonym i fleire periodar sjølv om han kjempar brukbart. Saknar litt ”spielfuhrer” eigenskapar. Kven har ikkje sett for eksempel Stefan Effenberg på midtbana i sine glansdagar der han styrer midtbane i eigenskap av kraft og innsatsvilje og slår gjennombrotspasningar både til venste og høgre ? Skal ha pluss for innsatsen mot slutten – ein av dei som ville vinne kampen. 

Øyvind Neset 6 poeng
Spelar bra igjennom heile kampen. Kjem til fleire avslutningar som like godt kan gå i mål. Saknar litt ekstra glød i visse kampfasar. Er trass alt kaptein og skal då bidra med litt ekstra.   

Rein Isane 7 poeng BB
Vi meiner at Rein er Balestrand sin beste spelar i denne kampen. Spelar jamt og godt. Innsats gjennom 90 minutt gjev alltid resultat. Vil noko heile tida. Vinn duellar både langs bakken og høgt oppe i lufta.  Har fleire avslutningar som kunne gått i mål. 

Eirik Thue 7 poeng  
Er Balestrand sin nest beste spelar i dag og scorar eit mål og skaffar straffespark. Spelar seg opp gjennom heile kampen. Er den som tek tak i kampen når den står og vippar på 1-1 og den som får Balestrand inn på sporet igjen etter utlikinga til 2-2. Må diverre gå ut med krampe/ strekk (?).   

Madushanka Perrera 5 poeng
Startar litt anonymt og får litt lite til i startfasen, men spelar seg heile tida opp. Mot slutten av kampen kjem han til sin rett og får til meir av det han prøver på.  

Jan Kristian Berentz 4 poeng
Ein kamp på det jamne. Har nokre gode muligheiter til å score mål i første omgang. I andre omgang synest vi han vert meir anonym  i rollen sin. Kunne grepe meir tak og brukt meir fysisk styrke då Gaular overtok meir styringa på midtbana utover i andre omgang. 

- Innbyte- - - - - - - - - -- - -                                                
Adrian W Nesse  (midtbane) (frå 62 minut)
Løyser oppgåve frå backplass greitt. Kunne vore spennande å ha sett han lenger fram på bana. 

Roy K Rendedal (forsvar) (frå 72 minutt)                       
Greier jobben sin fint. Går inn i taklinga med tøff innsats.  

Arnstein Menes (spiss)  (frå 75 min)Kjem inn om lag eit kvarter før slutt og bidreg med glød og engasjement. Kunne ha scora 10 minutt før slutt på ein typisk Arnstein sjanse. Får ballen fem meter før mål, prøver på sin tradisjonelle vri men forsvarspelaren smett framom han.  



Skrive av: Hans Olav Bale (22.06.09 - 15:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935819 besøk, sidan 18. juli 2005