Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget med flott avslutning av vårsesongen



Arkivbilete
Foto:

Vinden var sur og kald, men spelet til småguttane frå Balestrand varma tidvis då Sogndal 2 gjesta Kreklingen måndag kveld.

'

Før kamp var det store spørsmålet - ville vi klare å starte kampen ved avspark. Eit lite spørsmål var også korleis forsvaret ville klare seg utan Viljar som rocka seg på AC/DC-konsert i Oslo denne kvelden.

På begge spørsmåla fekk vi gode svar. Sjølv om vi ikkje glitra, tok vi brukbart tak i kampen frå start. Vi fekk eit tidleg mål på eit flott frispark frå Birk frå vel 20 meter, noko som skapte litt ro i rekkene. Forsvaret klarte seg berre betre og betre, og Sogndal klarte sjeldan å komme til dei heilt store sjansane.

Utover i omgongen skaper vi ein del sjansar, men er litt unøyaktig i dei fleste posisjonane på bana. Dette gjer at det vert mykje nesten og ikkje heilt det glitrande. Så trykker Birk på inn mot 16-meteren. Songdalspelarane støtar ut, og Birk legg ballen flott til Asgrim som trekker seg fri litt til høgre inne i boksen. Han forserer ei par meter og klinker ballen ned i venstre hjørne. Ei klassescoring!

Litt mot spelets gong, men ikkje heilt ufortent klarer ein Sogndalspelar å lure seg bak forsvaret på eit innkast, og får lagt flott inn framom mål. Keeper er sjanselaus når ein Sogndalspelar kjem først på ballen og breisider den i mål på bakerste stolpe. 2-1 til pause gjer at kampen er heilt open.

Men i 2. omgong hever vi oss igjen - som vi har gjort alle kampane denne våsesongen. Vi får sjå fleire fine kombinasjonar og snart kjem måla. 3-1 ved Håkon som bryt gjennom i midten scorar sikkert. 4-1 ved Asgrim igjen som plukkar ein retur frå keeper ute i feltet, og set ballen sikkert i mest tomt bur. 5-1 ved Fredrik som endeleg lukkast igjen. Glimrande. Så kanskje dagens mål. Fredrik driv ned på venstre sida heilt til dødlina. Framfor mål kjem både Birk og Mons stormande og gjer det vanskeleg for Sogndalforsvaret. Fredrik speler på Mons som set ballen kontant i mål med utsida av foten mest i flygande sideleie.

6-1 var eit greitt resultat sett opp mot spel og sjansar - og ein flott avslutning på vårsesongen. 5 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap gav 16 poeng og heldt til 2. plass i avdelinga. Hadde vi klart å vinne mot Jotun 1 i staden for uavgjort hadde vi vunne heile greia! Dette må vi seie var godt i overkant av det vi kunne forvente, så no gler vi oss virkeleg til haustsesongen.

Men først er det Grodås Cup og så Norway Cup...

 

Andreas Bjerk
Speler keeper og framstår tryggare for kvar kamp som går. Sjanselaus på målet. Har ut over dette full kontroll.

Tommy Ese
Er back i dag. Litt feilplassert på situasjonen som førde til Sogndalmålet når deira spelar snik seg bak, og kan gå ned mot dødlina. Er elles solid i duellspelet og har ro til å spele konstruktive pasningar frå backplass. Flott spel nå Tommy fyller rommet i midten når Roger går i press på kant. God kamp.

Tor Briseid Tjugum
Speler høgre back som vanleg. Har stort sett god kontroll. Vert litt ivrig framover og kjem litt rusande i press, og er då ikkje rask nok til å falle av når det trengst. Held på å score på eit flott skot. Oppofrande spel og fin framgang sesongen sett under eitt!

Roger Sande
Er med i spelet mest frå start i dag, og speler på seg fin sjølvtillit utover i kampen. Klarerer bra, og driv framover ved eit par høve. Med litt tidlegare og presise avleveringar vert slike overgangar eit godt offensivt våpen. Flott kamp saman med resten av forsvaret.

Kristian Hellenes
Er litt avventande i starten, men får virkeleg opp dampen utover kampen. Klarerer saman med Roger det meste, og spring opp resten. Gjorde spørsmålet før kamp om korleis forsvaret ville klare seg utan Viljar i dag enkelt å svare på. De klarde dei med glans.

Per Arne Thue
Speler back. Kjem fint opp i press i denne kampen og er først på ball dei fleste gongane. Prøver hile tida på gode avleveringar. Kan jobbe meir med duellspelet.

Frederik Keller
Frederik speler høgre midtbane, og gjer ein god figur. Er som vanleg flink til å halde breidde og kjem til fleire innlegg. Er nær ved å score på eit skot som keeper reddar.

Eirik Buene
Er litt stasjonær i si midbane rolle i starten. Får justert utover med betre bevegelsar og godt duellspel. Flott raid i 2. omgong. Bra. Jobbe vidare med å vere offensiv og involvere seg meir i situasjonane.

Knut Lee
Spelar sentral midtbane. Løper og duellerer mykje meir no enn tidlegare. Dette er viktig då det forstyrrar motstanderen i deira spel sjølv om ikkje alle aksjonane lukkast i seg sjølv. Kan framleis jobbe med presisjon i avleveringane og timing i duellspelet.

Birk Isane
Styrer midtbana i dag.. Er offensiv i spelet og vinn svært mange duellar i midtbana. Scorar sjølv, speler opp Asgrim på 2-1 og Fredrik på 5-1 og er millimeter frå ei perlescoring på eit langskot som smell på innsida av stolpen opp mot høgre kryss ut i 2. omgong. Mykje bra frå Birk i dag.

Mons Hoel
Mons er farleg - for motstandaren - når han bruker farta si. I dag fekk vi sjå det på fleire løp langs høgresida og ikkje minst på det flotte målet. Kan jobbe meir med å halde fram løpet, trykke på og ville gjennom, sjølv om ei spelar kjem oppi. Kan også involvere seg litt meir i defensiv jobbing.

Markus Thorsnes
Speler både back, kant i dag. Er nær scoring i dag og. Jobbar godt i begge posisjonane. Kan som Mons bli enda meir bestemt framover - og involvere seg meir i det defensive når det er tid for det.

Fredrik Hanevik
Speler venstre kant. Går på mange løp og speler opp mange gode sjansar. Får endeleg hull på byllen med mål i dag, samt her eit glitrande forspel til scoringa til Mons. Kan vere litt meir fokusert og kompromisslaus i duellar då det kan skape ballgjenvinning i farleg område. Må elles berre stå på og terpe avslutningar. Alt i alt ein god kamp!

Asgrim Farnes
Asgrim er litt passiv i starten av kampen og har nokre ballmiss og feilpasningar vi ikkje ser til vanleg frå den karen. Speler seg varm utover og scorar 2. Prøver i tillegg å bryte gjennom og sjølv komme i gode posisjonar for avslutning. Dette er som avtalt - og viktig for ein offensiv spelar å prøve på innimellom i tillegg til langskot og gjennomspel av andre. Bra.

Håkon Thue
Speler spiss i dag også. Scorar igjen, og har i tillegg eit annullert mål etter corner då dommaren dømmer til fordel for keeper i ein hodeduell. Kan utvikle angrepsspelet vidare med variere løpa gjennom kampen.

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (16.06.09 - 23:27)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943882 besøk, sidan 18. juli 2005