Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Uavgjort for småguttelaget




Foto:Arne Abrahamsen

Etter nok ein gong å ha lege under i starten av kampen vart det til slutt 5-5 mot           Jotun 1.

 

I dei 4 siste kampane har småguttane lege under tidleg i kampen. Denne kampen vart ikkje noko unntak. Jotun starta offensivt, medan det verka som om mange av Balestrandgutane ikkje var skikkeleg med i kampen, korkje mentalt eller fysisk. Vi vann få duellar, kom seint opp i press og gjorde i tillegg ein del personlege feil. Dette utnytta Jotun og spesielt deira raske spiss ved fleire høve. Han var ein konstant trussel og utfordra forsvaret med fart og gode finter. Her var vi også litt ubesluttsame, og var i grunn heldig at han berre scora 3 mål før pause. I tillegg scora Jotun ei vakkert frisparkmål. I andre enden rulla vi opp nokre fine angrep, men som i førre kamp, vart vi litt for forsiktige og ubesluttsame i denne delen av spelet også. Men Håkon og Asgrim klarde då å score kvart sitt mål slik at stillinga var 4-2 til pause.

Denne førsteomgongen var rett og slett litt frustrerande, då vi veit at laget har langt større potensial enn det vi hadde fått vist så langt. Det trur eg nok alle opplevde. For etter ein pust i bakken, litt vatn, og ein prat der vi vert samde om nokre justeringar og ikkje minst om å betre konsentrasjonen og vere meir offensive, får vi igjen sjå eit "nytt lag" i 2. omgong.

Midtbana vaknar til live og set betre trykk framover. Vi ruller igjen opp mange bra angrep og får etter kvart utteljing på ein corner der Håkon som reduser til 4-3. Men nok ein gong er deira gode spiss frampå og får sett ballen forbi keeper til 5-3 under hardt press frå Viljar. Ein god prestasjon, og i motsetning til 1.omgong er forsvarsspelet godt både ved denne situasjonen og i resten av omgongen. Framover har vi no stort trykk og skaper mange situasjonar, men vi slit framleis med å omgjere dei til store sjansar og mål. Her har laget eit forbetringspotensial vi må jobbe med! Så bryt Birk gjennom ned mot dødlina og legg fint inn framfor mål. Asgrim er vaken og set ballen i mål ved bakerste stolpe. Så ca 5 min før slutt på ein ny corner, stig Markus i veret og scorar dagens finaste Balestrandmål med eit vakkert hodestøt. På slutten har vi store sjansar, men det vil seg ikkje, og det vert 5-5.

Etter ein slik 2. omgong burde vi vere nøgde. Det var nok likevel ein litt mellomnøgd gjeng som tok fatt på den lange heimturen - for vi visste at vi ikkje hadde klart å prestere slik vi veit vi har potensial til, både som einskildspelarar og lag, i store delar av kampen.


Laget har utvilsamt ei utfordring - ein kode vi må knekke. Som Knut sa det så godt etter kampen. "Vi kan jo ikkje spele sånn i Norway Cup, for då er jo kampen slutt før vi byrjar å spele" .

Å vere klar når starten går kan nok jobbast med kollektivt i laget samla, men her er det også eit individuelt ansvar. Korleis er kvar spelar førebudde inn mot kamp. Viktig er slikt som nok søvn, nok mat, nok drikke og så ikkje minst korleis klarer ein å førebu seg mentalt. "Å vere klar til kamp" er viktig i fotball, men også på alle andre område i livet. Det kunne difor vere interessant om både trenar, oppmann, spelarar og også foreldre i fellesskap kunne jobbe vidare med dette..

 

Andras Bjerk
Står i mål i første omgong. Reddar fleire forsøk og kan ikkje klandrast for nokon av måla. Speler litt back på slutten av kampen og løyser denne oppgåva bra. Er våken og ofte først på ball og avklarar med dette situasjonen tidleg.

Tommy Ese
Speler venstre back i dag når Viljar må inn i midtforsvaret. Sliter saman med resten av forsvaret i 1. omgong med å komme tett oppi angriparane og vere bestemt nok i duellar og klareringar. Keeper i 2. omgong og gjer her ingen feil. Bra.

Tor Briseid Tjugum
Speler høgre back som vanleg. Vert i starten av kampen litt rundingsbøye då ein ikkje raskt nok føl løpet heimover. Får justert etter kvart og har mange gode og pasningar opp langs kant og inn i midtbana utover i kampen.

Viljar Bakke Nesse
Viljar var makker til Kristian i midtforsvaret i dag. Fekk ein dårleg start på kampen både ved at han var uheldig og ikkje er bestemt nok i situasjonar der vi kan klarere. Fekk heller ikkje til samhandlinga mellom 1. og 2. forsvarer så godt som vi kan i 1. omgong. Speler seg stort opp i 2. omgong.

Kristian Hellenes
Mykje det same som Viljar. Treng rett og slett litt tid før intensitet og tryggleik er på plass i dag. .

Per Arne Thue
Speler back. Er trygg med ball i dag og er også flink til å vere først på ball. Fleire gode framspel. Fin forbetring..

Frederik Keller
Frederik speler høgre midtbane. Igjen flink til å halde breidde i angrep, men ikkje like flink til å trekke ned og inn (koprimere) når motstandar har ballen.

Håkon Thue
Speler spiss i dag også etter to gode kampar i den rolla. Scorer 2 i dag også og prøver heile tida. Bra.

Eirik Buene
Speler sentral midbane. Er flinkare i dag i duellspelet og vinn fleire duellar. Også fleire gode pasningar. Kan jobbe vidare med posisjonering og auka bevegelse for å komme opp i situasjonane.

Knut Lee
Spelar sentral midtbane. Gjer mykje bra, og spelar kanskje sin beste kamp i 1. omgong når mykje anna ikkje fungerer. Spring meir og vinn fleire duellar. Må jobbe vidare med desse elementa samt å ha ro til å slå nøyaktige pasningar sjølv om ein motspelar kjem opp i press.

Birk Isane
Er som vanleg sentral midtbane. Er slapp i 1. omgong og vi får ikkje festa noko grep i midtbana slik vi pleier når vi speler godt. Vaknar i 2. omgong og bidreg mykje til at vi dominerer denne omgongen. Er då god både i defensiv jobbing og det det offensive spelet.

Mons Hoel
Mons jobbar godt på høgre kant i 2. omgong. Spring mykje og får til fleire innlegg. Trekker seg fint forbi ved eit par høve og då vert det fort farleg. Jobbe med å halde på ballen eller komme seg unna sin oppassar slik at det ikkje vert ballmiss.

Markus Thorsnes
Speler back og løyser oppgåva bra. Taklar så det susar når han vert varm. Meir av det. Scorer sitt første mål for sesongen - og for eit flott mål! Stiger opp i feltet og set ballen i mål med eit flott hodestøt.

Fredrik Hanevik
Speler venstre kant. Gjer mest alt rett i spelet, og kjem til svært mange avslutningssituasjonar. Då er det bom stopp. Avslutningane er rett og slett ikkje av vanleg Fredrik-merke. Bør ta seg ei individuell økt eller to og terpe med reine avslutningar, slik at følelsen ein får når ballen suser inn i nettmaskene kjem attende. Eg trur det løsnar allereie i neste kamp!

Asgrim Farnes
Speler offensiv midtbane/hengande spiss. Er direkte slapp i 1. omgong, og bidreg spesielt lite i det defensive spelet. Speler seg mykje opp i 2. omgong og bidreg mykje til at vi hever spelet. Vert flytt heilt fram på slutten. Kan variere gjennomspel til andre som gjerne er tett markerte med å prøve å forsere og bryte gjennom eller skyte sjølv av og til - då vi veit at skotfoten kan vere god..

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (11.06.09 - 18:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943933 besøk, sidan 18. juli 2005