Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Dramatisk på Kaupagerskogen




Foto:

Då småguttane spelte utsett kamp på Kaupangerskogen fekk vi oppleve dramatikk som sette det vi driv med i perspektiv.

 

Bortekamp og 16 spelarar som møter opp - av 16 mogelege - er årsbeste. Også på tribuna er det 8 balestrandpatriotar som er med og set ei flott ramme rundt kampen.

Kaupanger har merkeleg nok tapt alle kampane sine - rett nok ein del knipne tap. For det ser ikkje slik ut i 1. omgang. Kaupanger går fortent opp i 1-0 etter ca 10 minutt, og er i tillegg nær ved å bryte gjennom fleire gong. Så glipp det litt og ein Kaupangerspelarar er plutseleg gjennom litt på høgresida og avsluttar knallhardt, men Andreas gjer ei kanonredning og får slått til corner. I andre enden er det rett og slett litt tannlaust når vi kjem i gode posisjonar. Skot trillar inn til keeper eller vert sett utfor eller høgt over mål. Så får vi frispark litt utfor 16-metern ut mot høgre side. Asgrim legg presist inn og Eirik forlengar ballen, og kven andre enn mål-Håkon dukkar opp og styrer inn utlikninga på bakre stolpe. Kampen jamnar seg litt ut, men det er kanskje vi som må vere mest nøgde med 1-1 til pause.

I andre omgang er det eit totalt anna Balestrandlag som set i gang spelet. Vi får sjå flotte kombinasjonar i midtbana og der kantane også vert flittig brukte. På 20 minutt skapar vi sjanse etter sjanse etter til tider flotte forspel. Vi får betalt i målprotokollen også. Asgrim knallar til frå 16-meteren etter fikse kombinasjonar. Birk forserer gjennom heile forsvaret ned til dødlina og legg flott ut til Håkon som breisider ballen i mål. Så bryt Birk gjennom sjølv og set ballen sikkert i mål. 4-1 etter 20 minutt og vi er i verkeleg flott driv - kanskje den beste perioden i heile vårsesongen.

Så skjer det. Ein Kaupangerspelar vert liggande i midtsirkelen etter å ha ramla etter ein rein duell. Han landa rett på baken og fekk eit rykk i nakken, og klagar på sterke smerter. Heldigvis er det dyktige folk, mellom anna ein fysioterapeut, i Kaupangerleiren. Guten vert lagt stabilt på ei båre og ambulanse vert tilkalla. Etter kvart vert det bestemt at han skal sendast til Haukeland med helikopter. Vi kan berre følgje med litt på avstand og håpe at alt går bra. Ingen tenker så mykje på kampen som vart stoppa - og etter kvart vert vi raskt samde om at kampen ikkje vert sett i gang att heller.

Etter ei uroleg natt, får vi gladmeldinga dagen etter. Det gjekk bra! Berre hjernerysting, og guten skulle komme heim same dag. Vi sender ei blome og ynskjer god betring frå Balestrandgutane. Vi får ein relasjon og perspektiv som er viktig å ha med oss. Det viktige gjekk godt.

Etterkvart kan vi også kjenne litt på gleda av å ha gjort ein god prestasjon i en ny kamp - i alle fall i 20 minutt.

 

 

Andreas Bjerk
Er keeper i 1. omgong. Har fleire gode redningar og ei kanonredning. Kan forbetre igangsetjingane, spesielt frå 5-meter.

Tommy Ese
Er keeper i 2.omgong. Får lite å gjere rett og slett. Det lille som kjem vert handtert utan problem.

Tor Briseid Tjugum
Speler som vanleg på høgre back. Får litt problem då vår høgre kant vert ståande høgt, og dei ofte får stort rom framfor baskplassen. Kan jobbe med vurdering av når ein vel å støte opp eller når ein fell av og skjermar ut. Kan velje siste løysing litt oftare. Elles oppofrande spel som vanleg.

Viljar Bakke Nesse
Er midtstoppar etter suksessen i førre kamp, men er uvanleg passiv til Viljar å vere i starten av kampen. Speler seg etterkvar opp og er fokusert og trygg i alle situasjonar i 2.omgong.

Roger Sande
Bruker saman med Viljar litt tid på å finne touchen og fokuset som må til på midtstopparplass. Speler seg opp utover i omgongen og får etter kvart god kontroll.

Kristian Hellenes
Speler back i 1. omgong for første gong. Kjem litt i ingenmannsland i starten, litt høgt i bana når dei kjem i angrep og held att når vi skal angripe. Jobbar seg inn i kampen saman med resten av forsvaret og spelar svært godt i 2. omgong når han vert flytta inn på midtstopparplass igjen..

Per Arne Thue
Speler back. Kjem raskare på ball i dag og avklarar mange situasjonar med å vere våken og offensiv. Har og fleire gode avleveringar. Bra.

Frederik Keller
Frederik speler høgre midtbane. Er flink til å halde breidde og vere spelbar i angrep. Litt raskare avleveringar og høgre kvalitet på innlegg kan vere forbetringspotensial i det offensive spelet. Var saman med dei andre kantane ikkje flinke nok til å falle ned å ta sin del av defensiv jobb

Håkon Thue
Speler spiss i dag og leverer igjen. Scorar 2 mål i dag også! Er på hogget og prøver heile tida. Har teke merkbare steg og framstår med eitt som litt ny spelar. Viser at utvikling ofte kjem i små hopp - noko som bør vere motiverande for alle. Kan jobbe vidare med enda større fart og trykk inn mot mål.

Knut Lee
Spelar sentral midtbane. Gjer mykje bra, men startar også i dag med ein del miss i duellar og klareringar. Skjerper fokus og speler seg fint opp. Speler etter kvar back og løyser oppgåva svært godt.

Eirik Buene
Er i manesjen att og speler sentralt i midbana i dag. Gjer ein god jobb med tanke på at det er nokre kampar sidan sist. Med trening og fokus vert det raskt ytterlegare framgang. Flott målgjevande!

Birk Isane
Styrer midtbana saman med Knut og Argrim. Er unøyaktig og litt passiv i 1.omgong. Svært god og årsbeste i 2. omgong. Dominerer då totalt midbana og bidreg til mange gode samspelskombinasjonar. Scorar eitt og fin målgjevande frå dødlina.

Mons Hoel
Mons er livlig på høgrekanten. Spesielt mykje involvert i 2. omgang og er delaktig i mange fine angrep. Kan jobbe med å auke presisjonen i innlegga, og kanskje av og til komme heilt ned til dødlina..

Markus Thorsnes
Speler i midtbana i dag. Er nok ei uvant rolle, men løyser oppgåva relativt godt. Spesielt gode involveringar i vårt pasningspel.

Fredrik Hanevik
Speler venstre kant. Kjem til mange sjansar i dag og, men har gode avslutnigar og er litt uheldig som ikkje får nettkjenning i dag. Også gode involveringar og godt samspel til tider. Kan jobbe med å halde breidde av og til og ver med tilbake i defensiv jobbing.

Asgrim Farnes
Asgrim vaknar etter kvart han også, og speler svært godt i 2, omgong. Er kreativ framover og viser godt blikk. Dominerer midbana fullstendig saman med Birk denne perioden. Flott mål.

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (09.06.09 - 23:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935267 besøk, sidan 18. juli 2005