Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Så kom sigeren




Foto:Jarle Geithus

Det vart ein målrik og spennande kamp då herrelaget til Balestrand endeleg vann ein kamp i serien igjen.

 

Kampfakta:

 5 - 4 (2-2) 

0 – 1  (10.min)

1 – 1 Øyvind Neset (15.min)

1 – 2 str (18 min)

2 - 2 Eirik Thue (43 min)

3 – 2  Madushanka Perera (47.min)

3 – 3  (49.min)

4 – 3 Rein Arne Isane (65.min)

5 – 3 Roar Eriksen (85 min)

5 – 4 str (90 min)

 

BIL (3-5-2)

Ole Tjugum (Kristian Kyrvestad frå 50 min)

Magnus Algrøy, Odd Arild Lunde, Sven Arne Lundeby

Rein Arne Isane, Johannes Nilsson, Theodor S. Kvikne (Sondre Skrede frå 29 min), Øyvind M. Neset(kapt), Roar Eriksen

Eirik Thue (Rune Vatnøy frå 80 min) Arnstein Menes (Madushanka Perera frå 46 min)

 

Dommar: Asbjørn Håre. Gjer stort sett ein grei innsats. Dømmer to straffer til bortelaget som det ikkje er noko å seie på. 3 – 3 målet til Tambarskjelvar var av den tvilsame sorten og bør truleg annullerast pga angrep på keeper.

 

Etter fjordårssesongen sigermarsj var det noko ikkje mange som hadde trudd at Balestrand måtte vente heilt til sin femte kamp før dei fekk sin fyrste trepoengar for sesongen. Det kan sikkert skrivast mykje om årsaka til dette, men denne gongen var det ikkje tvil om at dei blå vann ein fortent siger.

 

Det var imidlertid dei gulkledde motstandarane som opna kampen klart best. Dei fyrste 10, 15 minutta var laget frå Naustdal fast bestemt på å vise at dei kan mykje betre enn dei fekk vist i kampen mot BIL i haust. Då vann BIL heile 9 -2 i ein kamp om krinsmeisterskapet i 6.divisjon.

 

Etter ca 10 minutt fekk dei tafatte heimelagsspelarane noko å tyggje på. 0 - 1 kom etter bra spel av Tambarskjelvar, sjølv om ein må sette spørsmålsteikn med aggressiviteten til forsvaret til BIL ved dette høvet. Etter 15 minutt kom Roar Eriksen seg fri på venstrekanten og etter litt om og men hamna ballen hjå Øyvind Neset som banka ballen opp i nettaket bak ein sjanselaus keeper.

 

Utlikninga var kanskje ikkje heilt rettferdig med tanke på spel og sjansar på det tidspunktet i kampen, men den varma dei forholdsvis mange som hadde møtt opp i finvêret. Tre minutt etter utlikninga utnytta dei gule nok ein gong det store rommet som var på kantane til heimelaget. Øyvind prøvde så godt han kunne å dekke for ein høgrekant som hadde parkert lengre oppi bana. Det vart med forsøket. Kapteinen klarte å snuble i sine eigne føter og tok med seg motstandaren i same slengen. Sidan dette skjedde innanfor16 meteren hadde ikkje dommaren noko anna å gjere enn å dømme straffe. Straffa vart satt sikkert i mål bak ein sjanselaus Ole Tjugum.

 

I resten av omgangen jamna spelet seg litt meir ut og Eirik Thue hadde blant anna ein bra sjanse etter ca 24 minutt. Det var likevel sunnfjordingane som hadde den største sjansen då dei sette ein ball i tverrliggaren etter 32 minutt. Til slutt var det trenar Harkjerr sine menn som kunne juble for det neste målet. Det sette eldstemann på bana, Eirik,  kontant inn med hovudet etter eit innlegg frå Roar.

 

Elles måtte BIL gjere eit bytte etter ca ein halvtime då Theodor Kvikne fekk seg ein smell i hovudet etter at han hadde kasta seg inn i ein duell.

 

2 – 2 til pause var det heimelaget som kunne vere mest nøgd med. Spelet satt ikkje i det heile og bortelaget skapte stadig problem når dei dobla på kantane og utnytta rommet som oppstod når kantane på midtbana til heimelaget ikkje klarte å jobbe ned igjen.

 

I pausen gjorde BIL ei endring. Ein heller anonym Arnstein Menes gjekk ut til fordel for Madushanka Perera. Med dette byttet fekk gutane frå perla ved Sognefjorden mykje meir fart i fremste rekke. Kor viktig det er med fart fekk ein illustrert alt etter eit par minutt. Då sendte Øyvind Neset i veg eit kunststykke av ei pasning i bakrommet til dei gule. Madushanka var som ein tiger på jakt etter byttet sitt og rista av seg det som var av forsvararar og skåra sikkert åleine med bortelaget sin gode keeper. 3 – 2 og endeleg leiing til heimelaget.

 

Dessverre for BIL klarte dei nok ein gong å prova at det er etter ein har skåra ein bør vere ekstra på vakt. For andre gong i kampen laga Tambarskjelvar mål kort tid etter ei Balestrandskåring. Eit frispark frå midtbana vart slått høgt inn framfor mål. Yngstemann på BIL, Ole,  såg ut til å ha kontroll, men på eit eller anna vis hamna ballen i mål. Målet skulle truleg vore anulert for angrep på keeper då Ole fekk seg ei stempling på kneet. Faktisk vart Ole så pass skada at han blei bytta ut etter denne hendinga.

 

Etter denne kalddusjen gjekk heimelaget inn i sin beste periode i kampen. Då viste særleg midtbanespelarane at dei har bra med teknikk og evne til å vinne duellar og å gå på løp. Det var full fortent at Rein Arne Isane sendte BIL i 4 – 3 leiing då han storma fram og var sist på eit innlegg frå venstre. Dei blåkvite forsette å dominere og skapa sjansar og i denne perioden burde både Øyvind og Madushanka blitt tomålskårarar med kvar sin store sjanse.

 

Kampen opna seg litt meir opp på slutten. BIL sitt overtak var ikkje like markant som tidlegare utan at gjestane frå Sunnfjord var spesielt farleg frampå. I det 82.minutt fekk Balestrand innkast  nokre meter i frå hjørneflagget til gjestane. Dette ser jo ikkje spesielt farleg ut tenkte nok dei mange frammøtte på Kreklingen, inkludert Tambarskjelvarspelarane. Forbauselsen vart stor då Roar tok fram eit C-moment og brassa ballen i mål bak ein forfjamsa keeper. Årets mål utan tvil!

 

Resten av kampen hadde heimlaget bra kontroll på og klarte til tider å halda ballen i laget i lengre periodar. I tillegg hadde innbytar Rune Vatnøy ein kjempesjanse då han sette ballen rett på keeper med eit heller svakt hovudstøyt.

 

Eit snev av spenning vart det då bortelaget fekk straffe fire minutt på overtid. Den vart ekspedert sikkert i mål, men heldigvis så kom aldri bortelaget nærmare poeng enn det.

Alt i alt ein velforten siger som truleg gjer bra for sjølvtilliten til BIL.

 

På sitt beste spelar laget god og underhaldande fotball og det er lett å sjå at det er mange spelarar som har mykje fotball i seg. Utfordringa er å vise dette meir i kampane og å få alle dei gode spelarane meir samspelte.

 

Betre og meir kommunikasjon spelarane imellom bør ein jobbe med framover. I tillegg må ein nok jobbe med det kollektive forsvarsarbeidet og prøve å luke vekk ein del av dei personlege feila bakover på bana. Det må vere frustrerande og unødvendig at ein må skåre minst fem mål for å vinne kampar.

 

Balestrand sine tre beste spelarar:

  1. Madushanka: Skårar med ein gong han kjem inn og er på mange måtar den spelaren som snur kampen for BIL. Har mange gode involveringar i resten av kampen og er ein konstant trussel med farta si. Bør skåre minst eit mål til.
  2. Odd Arild: Viser at han har rutine og gjer nesten ikkje feil. Vinn dei fleste duellane og gjer ofte noko fornuftig med ballen. Er ein av dei som bør snakke meir.
  3. Roar: Kanskje ikkje den beste kampen han har spelt reint spelemessig, men han skårar eit kanonmål. I tillegg har han avgjerande involveringar på fleire av måla.
 

Skrive av: Sveinung Alværn (09.06.09 - 21:47)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935798 besøk, sidan 18. juli 2005