Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget utklassa Aurland



Glade jenter
Foto:Erik Hoel

Jentelaget spelte periodevis flott angrepsfotball og vann til slutt heile 13-0 mot Aurland på Kreklingen fredag kveld. Ut frå spel og sjansar burde sigeren faktisk ha vore enno større.

Etter den skrekkeleg dårlege kampen mot Vik førre veke, var det eit revansjesugent og heiltent Balestrandlag som var klare til kamp lenge før dommaren blåste i fløyta. Og for første gong denne sesongen var det våre jenter som kom raskast ut av startblokkene og tok kommandoen frå første spark på ballen. Berre etter vel to minutt måtte keeperen til Aurland plukke ballen ut av nettet etter at Oline scora sikkert på ei flott pasning i bakrom.

Aurland sin keeper, som for øvrig var laget sin beste spelar, måtte plukke ballen ut av eige mål enno fem gongar i løpet av første omgang. Balestrand dominerte banespelet totalt og produserte målsjansar i hopetal etter periodevis fint pasningsspel. Berre sporadisk klarte Aurlendingane å skape noko framover på bana. Aurland gjorde det ekstra lett for våre jenter ettersom dei fleire gongar prøvde å setje i gang spelet bakfrå noko som dei ikkje var i nærheita av å ha ferdigheiter til å klare. Eit aggressivt heimelag plukka lett ballen frå gjestane og sette fart mot mål. Det var tydeleg at jentene storkoste seg ute på bana og nesten bobla over av speleglede.

I pausen vart me samde om å berre køyre på og å halde konsentrasjonen og å ikkje sleppe inn eit einaste mål.Andre omgang var knapt starta før jentene var i gang med ny scoringsorgie. Måla berre rant inn og frustrerte motstandarar gav etter kvart meir eller mindre opp. Likevel kom nokre av scoringane etter flott spel der ballen gjekk raskt framover på eitt og to tøtsj.I tillegg til måla hadde jentene to stolpeskot (målstolpane oppe på Kreklingen står vel enno og dirrar etter Martine sine to kanonkuler) og mange misbrukte sjansar slik at sigeren faktisk kunne ha vore enno større. 

Sjølv om motstanden etter kvart ut over i kampen ikkje var all verden, var det ikkje berre alle måla som gledde. Like mykje var det måten jentene spela på med periodevis meget bra pasningsspel langs bakken som varma, spesielt ettersom me øver så mykje på pasningar på treningane. Det var kjekt å sjå spelegleda ute på bana. Det var lett å sjå at jentene storkoste seg. Det var og lett å få auge på fleire fine fotballtalent blant heimelaget sine spelarar. 

Dersom det er nokon som lurar på målscorarar så putta Ida seks, Oline fire, Brita to og  Mari ein gong. Det er heilt uvesentleg kven som scorar måla, men det kan nemnast at etter fem kampar har Oline og Ida til saman scora 25 mål. 

Gratulerar jenter. Det var godt gjort å kome så sterkt tilbake etter den dårlege kampen førre veke. Sterkt å orke å stå på i to omgangar i ein kamp som var avgjort etter ein omgang. Kjekt å sjå på var det i alle fall. I går sparka me ikkje fotball, me spelte fotball. 


To måltjuvar - Ida og Oline
Foto:Erik Hoel


Mari hadde ein flott førstre omgang
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (06.06.09 - 16:59)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935278 besøk, sidan 18. juli 2005