Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget reiste seg mot Syril



Arkivbilete
Foto:

Syril kom til Kreklingen med god sjølvtillit etter 2 overbevisande sigrar og 27 scora mål. Men Balestrand sitt småguttelag var klare til kamp.

 

Før kamp var vi samde om ein ting - vi skulle vere vakne og fokuserte frå første sekund, og ikkje først etter 10 minutt... Det klarte vi rimeleg bra. Vi dominerer, pressar Syril bakover og skaper fleire halvsjansar. Så på ein corner vert det litt fram og tilbake i feltet før Håkon er vakent frampå og kranglar ballen i mål. Vi leiar 1-0 etter ca 5 minutt, og har fått ein fin start på kampen.

Så får vi sjå effektiv angrepsfotball frå Syril! Eit langt framspel i bakrom. Ein rask og sterk spiss er plutseleg 2 meter framføre vårt forsvar og gjer ingen feil aleine med Tommy. Så gjentek det heile seg ein gong til, denne gongen litt ute på venstresida. Spissen får no ballen litt langt framføre seg og Tommy kan klarere. Tommy vel å kline til, men er uheldig og set ballen rett i Syrilspelaren, og ballen sprett direkte i mål heilt inne ved stolpen. Så var det 1-2 etter 10 minutt og Syril har snudd kampen.

Men Balestrand lar seg ikkje vippe av pinnen. Vi får sett forsvaret og nøytralisert deira einmannsangrep. Midtbana dominerer og spelemessig lukkast vi med vår 3-ar i midbana med Asgrim i ein sentral Messirolle. Det fine spelet oppildnar publikum som igjen løfter fram gutane med heiing og flott stemning. Det er fantastisk moro at foreldre og andre stiller opp på den måten og skapar ei slik positiv ramme rundt kampen. Dette er viktig for gutane! Det er også mest som denne 12. spelaren er med når Asgrim set inn utlikninga med eit flott skot nede i høgre hjørne. Så like før pause fyrer Asgrim av eit nytt godt skot. Keeper gjev retur, og kven andre enn Håkon er vaken og set returen kontant i mål. 3-2 til pause er vi godt nøgde med.

Andre omgang held fram der den første slutta. Balestrand kombinerer fint og skaper fleire sjansar. Men Syril kjemper godt defensivt, og satsar på lange oppspel mot sin gode spiss. Men her har Viljar og Roger full kontroll. Det er rett og slett ein fryd å sjå. Så er det vi som kjem i bakrom. Håkon spring frå forsvaret, rekk ballen så vidt før keeper og triller den inn heilt ved høgre stolpe.

Syrild held framleis koken, men når Håkon puttar sitt 4. mål for dagen!! - går lufta litt ut av Syrilballongen. Balestrand ruller opp fine angrep og Asgrim set to flotte mål. Eit frå litt skrått hald som keeper berre høyrer susen av og så ein flott lobb på direkten etter ei dårleg klarering. På slutten har vi godt trykk og skaper fleire gode sjansar, men utan at vi får utteling.

Vi er likevel strålande fornøgde med 7-2
- og på tribuna tek publikum bølgen.

 


Tommy Ese
Er keeper heile kampen. Ser vi bort frå andre målet har Tommy ein prikkfri kamp. Er svært god på raske og presise igangsetjingar.

Tor Briseid Tjugum
Speler høgre back og løyser rolla godt i dag. Er rett plassert i defensiv organisering. Er i 2. omgang også flink til å bryte framfor deira spelarar og vere med fram i angrep.

Viljar Bakke Nesse
Då Kristian ikkje kunne stille var Viljar naturleg makker til Roger i midtforsvaret. Vart litt lurt på første målet. Etter det svært bra. Ein fryd å sjå duellstyrken i dag. Kan utvikle kvaliteten på avleveringane framover.

Roger Sande
Bruker 10 minutt på å finne touchen. Er etter det saman med Viljar fullstendig konge i bakre rekker. Moro å sjå at samhandlinga mellom 1. og 2, forsvararrolla byrjar å sitte i ryggmargen.

Andreas Bjerk
Speler back i denne kampen. Er trygg med ball og har mange gode og kontrollerte klareringar. Godt gjennomført kamp rett og slett.

Per Arne Thue
Speler back. Slit litt med å komme raskt nok opp i press, men speler seg opp utover. Flott innkast som etter to trekk ligg i mål.

Frederik Keller
Frederik speler venstre midtbane, og er eit friskt pust når han kjem inn i 1. omgong. Trekker seg fri fleire gonger og er delaktig i fleire fine angrep. Løyser og ei sentral midtbanerolle i 2. omgong bra.

Håkon Thue
Speler spiss i dag og leverer verkelig varene. Scorar heile 4 mål! Er på hogget heile tida og er på rett plass når det gjeld. Klart årsbeste!

Knut Lee
Spelar sentral midtbane. Gjer mykje bra. Startar med ein del miss i duellar og klareringar. Skjerper fokus og speler seg fint opp. Jobbar godt defensivt utover i kampen og sikrar fint i framfor midtforsvaret når vi sideforskyv når Syril kjem på kant. Bra. Vart 14 år denne måndagen og ynskte siger i presang... Gratulerer med overstått Knut.

Birk Isane
Styrer midtbana saman med Knut og Argrim. Tek som vanleg eit stort ansvar og jobbar iherdig gjennom heile kampen. Har svært god defensiv kontroll på midbana og set i tillegg i gang mange av angrepa. 
 

Mons Hoel
Mons byrjar å få til mykje bra involveringar. Skulle i dag fokusere på å starte løpa før ballen kom. Klarte det fint fleire gong, og då opnar vi fort forsvaret til motstandaren. Scorar ikkje i dag, men burde på ein kanonsjanse i sluttminutta. God innsats!

Markus Thorsnes
Speler både back, kant og litt spiss. Løyser oppgåvene bra og kjem til fleire gode situasjonar. Er no skadefri, og har varsla auka i treningsoppmøte. Det er musikk i trenaren sine øyrer.

Fredrik Hanevik
Speler venstre kant i starten av kampen, etter kvart høgre kant. Er som vanleg ein av laget sine spelarar med størt ferdigheiter. Manglar litt på det siste både i duellar og i avslutningsfasen i dag. Det er berre å stå på så løsner det siste lille også.

Asgrim Farnes
Asgrim reiste seg meisterlig etter førre kamp. I ein offensiv sentral midbanerolle er han med i det oppbyggande spelet, og scorar 3 flotte mål. Glimrande.

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.06.09 - 22:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935840 besøk, sidan 18. juli 2005