Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillejentene med ny siger


Femte strake siger til lillejentelaget
Lillejentelaget var i Øvre Årdal torsdag 28.mai og slo til slutt Jotun 5-4 på kunstgraset etter ein kamp som vart unødig spennande. Ei fortent 3-1 leiing ved pause og 4-2 eit stykke ut i andre omgang heldt på å bli rota vekk då Jotun utlikna. Etter sterk innsats i sluttminutta klarte likevel Synnøve å putte inn det femte målet og gje jentene ein velfortent siger.
Balestrand har vunne alle sine kampar; og resultata har vore:
  • Bjørn2 - Balestrand 0-9
  • Balestrand - Vik2  20-0
  • Syril-Balestrand 0-6
  • Balestrand-Sogndal4  6-0.
  • Jotun-Balestrand 4-5.
Jotun er det klart beste laget vi har møtt så langt og sørga også for at Balestrand fekk sesongens første baklengsmål. I denne kampen kom også meir av svakhetane til laget fram. Framover må ein mellom anna øve på å bli meir taktiske i forsvarsspelet, "møte" ballen, hardare press på ballførar, pasningar og mottak/vending for å ha nemnt nokon punkt. Denne lillejenteutgåva er veldig god, men laget har også potensiale til å heve seg mange hakk. Av dei som har vore best framover på bana kan ein nemne Synnøve, Rebekka, Elsa og Vilde og i forsvaret har spesielt Dagný og Lise May stått fram som viktige fyrtårn. Men mange på laget har potensiale til å nærme seg desse, så det skal bli spennande å følge utviklinga med tanke på elvar lag i åra framover.


Skrive av: Lars Kjetil Grinde (02.06.09 - 19:12)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943888 besøk, sidan 18. juli 2005