Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med tap mot Vik.



Slapp gjeng
Foto:Erik Hoel

Jentelaget leverte slett innsats då dei tapte 1-4 mot Vik på Kreklingen onsdag. Dermed gjekk jentene på sitt første nederlag for sesongen.

Balestrand slo dette laget enkelt 4-2 i treningskamp tidlegare i vår. Denne gongen var det imidlertid eit mykje meir kjempande Vikjelag som møtte. Me såg det frå første spark på ballen, Vikjene hadde mykje større innsatsvilje og guts enn våre jenter. Dei vann omtrent alt av duellar og andreballar. Duellspel og innsats er ein viktig del av fotballen på alle nivå, enten det er champions league eller det er jentefotball. I tillegg hadde ikkje Balestrand sin keeper nokon heldig kamp. 

Som i dei aller fleste kampar både denne sesongen og tidlegare sesongar, fekk jentene eit tidleg mål i mot seg. Forstå det den som kan. Etter vel 5 minutt var det dårleg kommunikasjon mellom forsvar og keeper og Vik sin spelar kunne legge ballen i opent mål. Etter nesten halvtimen gjekk Vik opp til 2-0 etter tafatt spel av Balestrand.

Kva so med Balestrand? I dei foregåande kampane har dei produsert haugavis med sjansar. I denne første omgangen produserte dei nesten ingen ting. Den beste sjansen kom etter at Oline drog seg flott fri på høgre side og la inn foran mål. Diverre klarte ingen å ekspedere ballen i mål. Det var også nære scoring på eit av Martine sine gode hjørnespark, men keeper, som for øvrig spelte ein god kamp, fekk ei hand på ballen som gjekk i tverrliggar og over mål. Dommaren, som for øvrig var god, blåste konsekvent ikkje for hands. Det hadde imidlertid ikkje vore noko å seie på om han hadde gjeve vertane eit straffespark då ein av Vik sine spelarar spelte handball innanfor eigen sekstanmeter.

Andre omgang starta som den første. Vik haldt fram med å vinne alle duellar og gjekk etter nokre minutt opp til 3-0 etter tafatt keeperspel. Etter dette kom Balestrandjentene meir med i kampen og vann faktisk nokre duellar. Det var difor heilt fortent då Oline scora sikkert etter eit fint gjennomspel frå Martine. No var jentene i støtet og produserte fleire sjansar, men det ville seg ikkje heilt. Ein ball i stolpen etter corner var det næraste jentene kom redusering. Litt skuffanse at jentene ikkje prøvde å skyte litt frå distanse når me veit kor godt dei skyt på trening.Vik sin keeper var god og kom fleire gongar utanfor eigen 16 meter og avverga gjennomspela.

10 minutt før slutt sette gjestane spikaren i kista då Vik sin spelar upressa kunne lada skotfoten og setje inn  4-1 og Vik sine jenter kunne juble for ein fortent siger sjølv om kampen sett under eitt var langt jamnare enn resultatet skulle tilseie. 

Dermed vart det bråstopp for jentene sine gode prestasjonar denne våren. Jentene har fått mykje skryt tidlegare denne sesongen. Dei må difor tåle å høyre det når dei ikkje presterer. Det er greit å tape så lenge ein har gjort sitt ytterste. Dette var imildertid innsats langt under det ein kan forvente mot ein høgst ordinær motstandar. Det gjenstår tre seriekampar denne våren, to av dei borte mot svært gode lag, Jølster og Sogndal. Skal jentene vere i nærheita av å ta fleire poeng, må dei brette opp ermene og vise langt større innsats, vinnarvilje og tæl. Slikt pinglete og ubesluttsamt spel som i går held rett og slett ikkje på jentelagsnivå. I alle fall ikkje dersom ein har ambisjonar om å vinne kampar.


Martine og Lisbeth løper om kapp
Foto:Erik Hoel


Jofrid har resignert
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (28.05.09 - 15:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935256 besøk, sidan 18. juli 2005