Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ein stor dag for dei minste



Førstereisgutar..
Foto:

10 mai var det miniputturnering på Kreklingen. For nokre var det første gong dei hadde på drakt og fekk spele ordentlig kamp.

 

Etter ei helg med mykje regn og kald ver vart det ikkje så verst likevel når årets første miniputturnering vart sparka i gang på Kreklingen denne sundag formiddagen. Det vart eit godt gjennomført arrangement med i alt 26 lag frå Lavik, Vadheim, Kyrkjebø, Høyang og Balestrand.

For nokre var dagen ekstra spennande. Nye leggskinn og fotballsko skulle testast. Når draktane kom på var det spente karar som gjorde seg klare. Frå lagleiaren fekk dei berre med seg eit råd - at dei skulle gå ut på bana og ha det superkjekt.

Og kampane vart flotte. Gutane på alle laga viste stor idrettsglede og ekte sportsånd. Eg trur dei kjem til å hugse denne første dagen dei spelte ordentlig kamp med drakt og det heile!

 

 

  Full innsats frå begge lag

  Sebastian er keeper

  Å takke for kampen er fair play

 


Jentene hadde også sin debut. Eg fekk teke nokre bilete innimellom og det såg ut som om innsatsen og gleda av å vere med var minst like stor i denne leiren.

 

  Dei minste jentene med høgt press mot Lavik 


Nokre glimt frå turneringa:

 

  Store jenter i aksjon

  .. og klare til innhopp

  Super heiagjeng!

   - og kjekke kara



Skrive av: Arne Abrahamsen (25.05.09 - 21:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943931 besøk, sidan 18. juli 2005