Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget klarte det nesten




Foto:

Etter 10 minutt var det 0-3 til Bjørn. Då våkna vi - og ga alt.

 

Før avspark piffa vi kvarandre opp og skulle ut å jobbe frå første spark på ballen. I staden endte ein udramatisk situasjon med missforståing mellom forsvarar og keeper, og ein lur Bjørnangripar kunne i staden rappe ballen og setje den i mål frå skrått hald. Dette rysta oss og vi vart rett og slett litt pralyserte og passive i dei bakre rekkene, og før vi fekk summa oss hadde dei scora to til... Begge mål vi kunne og burde ha avverga med normal konsentrasjon og aggressivitet. Så nesten før vi var kome i gang var det 0-3...

Men det finst jo døme på at det er fullt mogeleg å snu 0-3 til siger. Og skulle vi først ligge under så mykje er det jo best at vi gjer det tidleg og ikkje seint i kampen. Som vanleg tok gutane tak og klarde etter kvart å dominere kampen. Medan Bjørnangrepet tørka inn, produserte vi fleire bra angrep. Men ballen ville ikkje inn. Heddingar strauk tverrliggar og skot strauk stolpane. Men forsvaret til Bjørn var solid og skal ha ære for at dei gjorde det vanskeleg for oss. Men til slutt lukkast vi. Mons tok i mot ballen på høgre kanten av 16-meteren. Han tok med seg ballen litt innover og lada skotfoten. Et flott skot segla i boge over keeper og ned i motsatt hjørne. Vi hadde redusert til 1-3 som stod seg til pause.

 

 Jubel etter 1-3 scoringa av Mons

I andre omgang heldt kampbildet fram. Vi heldt fram med å dominere,og var det laget som skapte sjansar. Men jamt over vart spelet litt oppjaga og vi var litt for unøyaktige i pasningsspelet og skota gjekk stort sett utanfor eller rett på keeper. Midt i omgangen kombinerer Asgrim og Frederik flott utpå høgre kant før Asgrim får lagt ein perfekt ball til Fredrik som breisider ballen i mål. Med 2-3 og godt overtak, har vi tru på at vi kan klare det..

Men også Bjørn kjempar godt, medan vi brenn både straffespark og eit par store sjansar. Vi gjev alt, men det vil seg berre ikkje. Det vert ikkje fleire mål og Bjørn kan sleppe jubelen laus når dommar Arnstein bles av kampen. Dommaren gjorde forresten ein god kamp og skal ha skryt for prestasjonen.

Balestrandgutane takka fint for kampen - sjølv om dei nok var litt utlada. Det er berre slik det er når ein gjev alt, men likevel ikkje heilt får til det ein ynskjer korkje når det gjeld prestasjon eller resultat. Men gutane har ingen grunn til å deppe lenge i alle fall. Dei kan vere stolte over innsatsen og måten dei tok tak i kampen etter å ha fått eit vanskeleg utgangspunkt. At ikkje alt går vår veg alltid - vel slik er fotballen og livet og for den del. Kampen er tvert om god læring før den viktigaste kampen, ... og det er jo som kjent den neste kampen i følgje legenda Nils Arne Eggen!

 

Andras Bjerk
Står i mål heile kampen. Er uheldig på første målet, men klarer seg ut over det godt. Er spesielt trygg i 2. omgang. Flott kamp.

Tommy Ese
Speler venstre back i dag når Viljar må inn i midtforsvaret. Taklar rolla svært bra. Er trygg med ball og bidrar med konstruktive løysingar framover. Skulle nesten tru Tommy alltid hadde spelt i back

Tor Briseid Tjugum
Speler høgre back og løyser rolla bra. Er som i sist kamp ikkje rask nok tilbake i formasjon når vi misser ball slik at det vert store rom på kanten. Justerer fint og pasningane sit bra utover i kampen..

Viljar Bakke Nesse
Då Roger ikkje kunne stille var Viljar naturleg makker til Kristian i midtforsvaret. Dessverre brukte vi 10 minutt til å spele forsvaret varmt. Etter det hadde Bjørn nesten ikkje ein sjanse.

Kristian Hellenes
Bruker 10 minutt saman med Viljar før dei finn ut av det og får opp rette gutsen. Er då strålande resten av kampen. Skal vi peike på forbetringspotensial for Kristian og alle dei andre bak er det å vidareutvikle igangsetjinga av eige spel frå forsvarsrekka.

Per Arne Thue
Speler litt midtbane i kantrolle. Har gode og raske forsvarar å bryne seg på. Prøver å få til smarte og gode pasningar og ikkje berre klareringar i "blinde". Forbetringspotensiale i å ta litt fleire initiativ utan ball og vere litt meir på hugget.

Frederik Keller
Frederik speler høgre midtbane. Får også bryne seg mot raske forsvarar, og får ikkje til like mykje som i siste kamp. Kombinerer fint på kanten ved nokre høve og er innvolvert i 2. målet. Har også eit forbetringspotensiale i å ta initiativ i forkant av pasning.

Håkon Thue
Er involvert i mange fine angrep spesielt i 1. omgong, og viser at han stort potensial. Er direkte uheldig då han set ei heading over mål frå kort hald. Må berre stå på så løsnar det.

Knut Lee
Spelar sentral midtbane. Gjer mykje bra. Flink til å halde roen og slå gode pasningar i midbaneleddet. Langskot som nesten går inn. Forbetringspotensial i å time duellar og vere i sikringsrolla når Birk går opp i press.

Birk Isane
Gjer igjen ein solid kamp. Tek eit stort ansvar og jobbar som ein galeislave. Bidreg sterkt til at Bjørn nesten ikkje skapar noko etter sine 3 mål. Har mange gode involveringar, men det vert litt nesten i dag i den avgjerande avslutningsfasen.



Mons Hoel
Mons scorar eit vakkert mål i denne kampen. I førsteomgang kjem han og på fleire fine løp på kanten og bidreg flott offensivt. Vert litt meir passiv i 2.omgong og får då ikkje utretta så mykje. Men alt i alt ein svær positiv kamp av Mons.

Markus Thorsnes
Speler både på kant og back. Løyser oppgåvene bra og kjem til fleire gode situasjonar. Vert i dag ein del nesten då Bjørnspelarane er raske til å komme opp og avklare situasjonen. Treng å trene litt meir for å komme opp på det nivået vi veit han har inne.

Fredrik Hanevik
Får forsøke venstre kant i starten av kampen. Vert litt djup og vi får ikkje heilt nytta gjennombrotskrafta i denne rolla i dag. Scorer eit mål frå si sentrale spissrolle i 2. omgong. Kjem til nokre gode gjennomløp når han ligg på line med forsvaret, men gode forvarar frå Bjørn gjer sitt til at det ikkje vert så mange sjansar som vanleg.

Asgrim Farnes
Dette er vel kampen Asgrim føler han vil glømme. Brent straffe og null mål i protokollen er nok ei stund sida frå den kanten. Sjølv om ikkje alt gjekk på skinner var det som vanleg mykje bra i dag også - ikkje minst 2 målgjevande pasningar. Alle storspelarar har dagar der marginane ikkje er på si side. Dei gode går i kjellaren og trener meir - slik Asgrim gjer!



Skrive av: Arne Abrahamsen (21.05.09 - 23:09)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935228 besøk, sidan 18. juli 2005