Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med siger mot Hafslo



Jentene gjer seg klare til kamp
Foto:Erik Hoel

Jentelaget vann 6-0 mot eit svakt Hafslo lag på Kreklingen onsdag kveld etter å ha leia 4-0 til pause.
Hafslo som hadde to klåre tap før denne kampen, spelte med fem i forsvar og hadde lite å by på framover på bana, og var mest interessert i å redusere tapet mest mogleg. Berit var knapt borti ballen i første omgang. Berre tidvis viste Balestrand jentene spel som me veit dei kan. Dei vart for utolmodige og slo for ofte langt bakfrå i staden for å la ballen gå via midtbana, og laget falt etter kvart ned på same låge tempo som motsandaren. Av og til glimta imidlertid  midtbana til med fine stikkarar gjennom til Oline og Ida. Då vert det alltid farleg. I første omgang putta Oline tre gongar og Ida ein gong. 

 

I andre omgang la laget om til berre tre i forsvar for å få endå større trykk ettersom Hafslo var ufarlege framover på bana. Dette er noko laget ikkje har trena på og det vart heller ingen suksess. Me gjekk difor tilbake til det gamle trygge 4-4-2 etter vel kvarteret etter klar tilbakemelding frå kaptein Mathilde.

 

I andre omgang vart det eitt mål på Brita etter eit flott frispark frå Mathilde. Ida fastsette sluttresultatet til 6-0 då ho på elegant vis scora sikkert etter eit fint gjennomspel. 

Ein skulle forvente jubel etter ein så knusande siger, men fleire av jentene var veldig misfornøgde med spel og eigen prestasjon. Dette seier noko om at jentene set høge krav til seg sjølve. Fleire av jentene ville nok litt for mykje. Me som trenarar er i alle fall kjempegodt fornøgd med denne supre gjengen, og veit at dei kjem til å heve seg når dei møter betre motstand.

Dei fleste kan enno betre enn dei fekk vist i dag, men ei lita stjerne til Brita som i tillegg til scoringa hadde tre målgjevande pasningar og som glimtvis viste at det bur mykje fotball i henne. Onsdag er det ny kamp for jentene på Kreklingen. Denne gongen mot Vik.


Brita spelte ein god kamp
Foto:Erik Hoel


Ida viser flott avslutningsteknikk
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (20.05.09 - 21:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935897 besøk, sidan 18. juli 2005