Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget slo Jotun



Jentene i vill jubel etter ein fortent seier
Foto:Erike Hoel

Jentelaget slo Jotun 3-6 på Jotun kunstgrasbane fredag kveld etter ein forferdeleg start på kampen.

Laget har fleire gonger vist at det tek nokre minutt før dei vaknar og får ofte mål i mot tidleg i kampane. Før kampen vart blåst i gang var me difor samde om å trå til frå første spark.

Det tok nøyaktig 40 sekund før Jotunspelarane kunne juble for si første scoring. Jubelen hadde knapt lagt seg før ivrige Jotunspelarar hadde dobla leiinga. Balestrandspelarane virka heilt ute av det. Tafatte spelarar så ut som dei hadde gløymd alt det dei hadde lært om forsvarsspel. Det andre målet var for øvrig av det tvilsame slaget etter som det såg ut som om Jotunspelaren dytta Berit inn i målet etter at ho hadde fanga ballen på målstreken. Dommaren kunne i alle fall ikkje sjå situasjonen ettersom han stod i midtsirkelen. Jentene kom imidlertid gradvis til hektene og Oline hadde to gode sjansar, men ballen gjekk til side for mål. 

Etter 10 minutt måtte imidlertid Berit nok ein gong plukke ballen ut av nettet. I staden for å gje opp, begynte laget å storspele. Fleire fine angrep vart trekt opp og Oline og Ida var ein konstant trussel lengst der fremme. Det var difor meget fortent då Oline reduserte til 3-1 (med venstrefoten). Ikkje mange minutt etterpå var det Ida som kunne juble etter ei fin pasning frå Oline. No var jentene i siget og dominerte fullstendig. Stine og Mathilde fekk etter kvart full kontroll bakover på bana, Stine løp opp det som var av gjennomspel medan Mathilde fleire gongar kom ut og brøt oppspilla. I tillegg var Berit tryg og god i mål. Midtbana jobba og godt og fekk etter kvart full kontroll. Lengst framme spelte Oline og Ida begge godt og hadde fleire fine kombinasjonar. I denne perioden hadde jentene og eit skot i stolpen og Jotunforsvaret fekk så vidt avklart returen.

Minuttet før pause fekk Balestrand corner. Mathilde, som hadde lista seg opp i returrommet, fekk ballen på vel 20 meter og banka den i mål heilt oppe i krysset. Kanonscoring. Dermed hadde laget henta inn heile leiinga og kunne gå til pause med ei god kjensle. 

Andre omgang starta med eit lite overtak til Jotun. Det gjekk imidlertid ikkje lang tid før Balestrand på nytt tok over banespelet og det var heilt fortent då Oline kunne gje Balestrand leiinga etter at ho finta ut keeper og plasserte ballen i det tomme målet. Nokre minutt etterpå var det Ida sin tur. Pressa av ein forsvarar skjøt ho ballen kontrollert over keeper og i mål. Ikkje lenge etterpå kunne Oline score sitt tredje og siste mål for kvelden. Målet var nesten ein kopi av mål nummer to, ho runda keeper og trilla ballen i det tomme målet. Jotun yppa seg litt dei siste 5 minutta, ma. hadde dei eit stolpeskot i siste speleminutt. Dermed kunne dommaren, som for øvrig hadde lim under skoa, blåse av kampen og glade jenter kunne juble for ein svært så velfortent siger. 

Dette var ein utruleg morsom siger. Jentene må snart lære seg  å starte kampen når dommaren har blåst kampen i gang, og ikkje vente til det er gått 10 minutt. Det gledelege er at jentene er i stand til å kome så sterkt tilbake etter ein så miserabel start, spesielt på bortebane. Slikt står det respekt av. Og enno meir gledeleg, jentene spelte tidvis god fotball der dei rett og slett spelte ut motstandarane med godt pasningsspel og god bevegelse. 

Eg skal ikkje gjere det til noko stort poeng, men Balestrandlaget starta med fire og avslutta med seks 14 åringar ute på bana! Laget er nok litt for ungt og ”lett” til å hamle opp med dei aller beste jentelaga i fylket, men spelar dei som dei gjorde på det beste i denne kampen, skal nok fleire motstandarar enn Jotun få noko å bryne seg på. På den annan side, dersom dei spelar som dei gjorde dei første 10 minutta av kampen, har ikkje motstandarane særleg mykje å frykte.

Dermed har jentene vunne dei to første seriekampane ettersom dei vann 5-4 i den første kampen mot Kaupanger. Neste kamp er mot  Hafslo heime på Kreklingen komande onsdag.  


Kaptein Mathilde
Foto:Erik Hoel


Oline i fint driv
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (17.05.09 - 19:04)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935332 besøk, sidan 18. juli 2005