Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand tapte mot Gaular


Ingen poengsuksess i første heimekamp


Det er alltid spennande framfor første heimekamp i ein ny fotballsesong. Det gjeld spesielt etter eit opprykk Balestrand møtte i dag ein motstandar som rykka opp til 5. divisjon i 2005 og som dermed for fjerde året på rad tevla på dette nivået. Balestrand kom til slutt til kort og tapte 0-1, men det var ein spennande og god kamp der Balestrand i første omgang  var det beste laget og i startfasen dominerte klart, andre omgang var derimot meir jamn. Gaular starta svakt men vart betre og betre etterkvart som kampen gjekk mot slutten.  Balestrand burde ha teke poeng i kampen, kanskje alle tre, men det vart Gaular som scora kampen sitt einaste mål på eit korrekt  idømt straffespark i andre omgang. Balestrand står dermed med eit poeng etter to kampar, men det gledelege er at laget har vist at det er på fullt høgde med dei andre laga i divisjonen og det skal bli svært spennande å følgje med utover i sesongen. Vi meiner at Balestrand kan vere rimeleg bra nøgde med arrangementet torsdag kveld. Dette når vi legg til grunn fotballfaglege-, underhaldnings, organisasjonsmessige kriterier. Det er godt at klubben kan gjennomføre dette såpassa vellukka.  

 

Kampfakta:

Balestrand IL (4-5-1)

Kristian Kyrvestad

Tommy Ese, Magnus Algrøy, Lars Kjetil Noreide, Teodor S. Kvikne

Roar Eriksen, Sven Arne Lundeby, Johannes Nilsson,  Rein Isane, Øyvind Neset

Eirik Thue

 

Reservar/ bytte:

55 min Adrian W Nesse for Tommy Ese

60 min  J K Berenz for Teodor Kvikne

65 min  Madushanka Perrera for Eirik Thue

80 min  Odd Arild Lunde for Roar Eriksen

 

Mål:  Balestrand – Gaular  (0-0)  0 – 1

 

0 – 1  54 minutt straffe

 

1 gult kort

75 minutt til Gaular spelar for å halde i skjorta

 

Dommar:  Thorstein Kvam gjorde ein god jobb i denne  relativt lettdømte kampen. Blåste korrekt straffespark til Gaular etter dytt i ryggen i straffefeltet. Gaularspelaren var i scoringsposisjon. Gav også korrekt gult kort til Gaular ved halding i skjorta 15 min før slutt.

 

Balestrand stilte som i første serieomgang opp med ein 4 – 5 – 1 formasjon. Angrepsmessig er speleopplegget å ta initiativ ved spele fram ein ball langs bakken til spissen på topp. Denne spelar støtte tilbake til midtbanespelar. Midtbanespelar skal deretter få to tre alternativ ved løp framover frå andre midtbanespelarar eller fram til spiss. Dette angrepspelet skal helst gå ved ein touch.  Det er for tidleg å vurdere men vi er litt usikre på om dette angrepspelet er heilt optimalt for laget. I dei periodane Balestrand har initiativ og overskot fungerer det greit, men i enkelte periodar kunne det vore betre å hatt ein spiss som heldt meir på ballen til han fekk støtte av ein anna spiss eller frå midtbanespelarane. Eller at spissen hadde ein anna spiss han kunne samspele med. I periodar merka vi oss at det vart litt tynt framover og vi sakna ein ekstra (target)spiss på topp.

 

Det var likevel mange positive ting å ta med seg frå denne kampen. Forsvaret verka trygt og godt. Det var tydeleg frå start at meldinga var at forsvaret skulle gå tøft inn i duellane og avklare ved første høvet når ein var under press. Samtidig evna forsvaret å variene når ein ikkje var under press med passningar sidevegs og enten kort eller lang pasning fram utan at ein fekk nerver på tilskodarplass av det. Vi noterte oss berre tre-fire tilfeller under kampen der Gaular verkeleg var farlege og av dei kom vel berre to frå eigne feil bakover. Midtbane fungerte godt saman i første omgang, men fekk litt problem utover i andre omgang. Ein kjempa godt heile kampen men utover i kampen verka Gaular sine spelarar på midtbana rett og slett å vere ein del fysisk sterkare og tok dermed meir over. Angrepsmessig har vi alt kommentert ved at dette fungerte godt i dei periodane Balestrand dominerte – men det vart for tynt med berre ein spiss i svakare periodar. Då fekk spissen ikkje mykje til.

 Første omgang

Det er viktig å starta fotballkampar ved å gå tøft ut og ta inititiv frå start. Får ein inn første målet skaper det tryggleik og gjev sjølvtilit som normalt varer heile kampen ut. Scorar ein to mål første kvarteret taper ein kampen berre i heilt heilt spesielle tilfelle. Balestrand verka for oss å gå inn for ein slik strategi og burde ha sett inn minst to mål dei første tjue minuttane.

 

Vi tek her med nokre høgdepunkta som viser at Balestrand burde leia klart:

3 min: Balestrand har ein corner som Roar Eriksen tek. Han legg inn mot Øyvind Neset. Øyvind headar utanfor frå om lag ti meters hald.

5.min  Roar Eriksen fri på venstre kant og skyt ballen i stolpen. Ballen sprett tilbake i feltet og Balestrand får deretter to sjansar til å sette ballen i mål men mislukkast. Eirik Thue skyt til slutt på volley ballen like over mål.

8. min:  Eit innkast frå høgre fører til at Eirik Thue får ballen. Han slår over til Roar Eriksen som frå sin vensre kant skyt like utanfor. Minuttet etter får Eirik Thue ein ny sjanse. Frå litt over 20 meter skyt han ein knallhardt skot som keeper har store problem med å halde.

11. min: Sven Arne Lundeby slår ballen fram til Roar Eriksen på venstre kant. Roar skyt deretter men ein Gaular spelar får redda unna til corner 

14 min: Eirik Thue skyt ballen i tverrliggar

17 min Øyvind Neset skyt ballen i tverrliggar

19 min Eirik Thue rundar keeper til Gaular – men greier ikkje å dytte ballen over mållinja

20 min Balestrand slår ein corner nesten i mål – ingen stikk fram hovudet for å heade den over mållinja.

 

Dei første 20 minuttane spelar Balestrand verkeleg godt. I forsvaret er ein tøff i duellane og har gode avklaringar. Linja er sett bra og kommunikasjonen ser ut til å fungere greitt. Speleopplegget verkar å fungere. Vi er spesielt godt nøgde med samspelet mellom Sven Arne Lundeby, Roar Eriksen, Johannes Nilson og Eirik Thue. Det er mange fine framspel og ulike variantar på venstre kant.

 

Gaular kjem etterkvart litt inn i kampen men skaper stort sett lite. Laget har nok med å unngå mål bak. Vi noterer berre ein sjanse og det er når vår eigen keeper kjem på halvdistanse ved eit høve og så vidt får avklara. Det er imidleritd ein sjanse som vi sjølve skaper for dei. Vi ser og at Gaular sin keeper nyttar høve til å prøve å trekke ned tempoet ved å ta litt tid ved eit utspark. Mot slutten av første omgang får Balestrand tre nye gode sjansar. Sven Arne Lundeby involvert i dei alle. Etter 38. minutt skyt han hardt mot mål, men keeper får redda. Minuttet etter kombinerer han fint med Eirik Thue og Roar Eriksen på venstre kant men Gaular får igjen redda unna og fire minuttar før pause kjem Lundeby fri på venstre kant skyt knallhardt over til høgre, men Øyvind Neset greier ikke å skyte ballen i mål frå fin fin posisjon.

 

Kort oppsummert er Balestrand det klar beste laget i første omgang.

 Andre omgang

Andre omgang startar også med Balestrand overtak. Vi får i dei første ti minuttane to gode sjansar ved Eirik Thue og Johannes Nilsson. Balestrand overtaket varer fram til Gaular får scoringa si. Om lag ti minutt ut i omgangen kjem Gaular framover på bana. Eit fint framspel endar hjå ein spiss som får gå mot mål. Midtstopparane kjem litt på etterskot og Magnus Algrøy dyttar overende ein Gaular spelar med bane mot mål. Dommar dømmer straffespark. Keeper er etter ballen på straffesparket, men det er for hardt og velplassert og det vert 0 -1 til Gaular. På dette tidspunkt er det ikkje eit rettvist resultat.  Det tek også nokre minutt å riste av seg sjokket. Gaular får ein ny sjanse like etterpå i det dei frå høgre kant skyt i tverrliggaren. Kampen er inne i ein kritisk fase og vi er eigentlig byrja å bli litt redde for at Gaular skal få inn mål nummer to og avgjere heile kampen.

 

Trenaren til Balestrand gjer nokre rokeringar i laget som svar på scoringa og at Gaular har fått kome inn i kampen. Først byter han ut begge backane (etter om lag 55-60 minutt).  Adrian Nesse kjem inn for Tommy Ese og J.K Berenz kjem inn for Theodor Kvikne. Etter det vi forstår er føremålet å gje meir fart på backane og at desse skal kome meir offensivt fram. Vi ser ikkje stort resultat av det. Deretter byter han ut Eirik Thue med Madushanka Perrera på topp. Føremålet med dette er sannsynlegvis at Eirik kanskje har brukt vel mykje krefter og at Madushanka med friske bein skal skape sjansar. Vi meiner at spelarbyta ikkje gjer Balestrand betre. Gaular får i denne perioden overtak på midtbana og spissen til Balestrand vert dermed ikkje fora med gode pasningar med støtte frå midtbana slik speleopplegget krev. Dermed vert det skapt lite angrepsmessig. Gaular verkar å vere fysisk sterkare på midtbana i denne perioden.  Litt seinare legg Balestrand som svar på dette om til 3 – 5 -2 formasjon for å få meir trykk framover og midtbana vert korrigert ved å sette Odd Arild Lunde inn for Roar Eriksen. Johannes Nilsson vert sett fram som spiss. Rokeringa skaper eit visst trykk framover dei siste minuttane av kampen, men på ein måte føler vi at Gaular har kontroll på kampen etter scoringa si.  Siste fem minuttar freistar Balestrand å sette inn ein sluttspurt, men det vert ikkje skikkeleg farleg. Eit par frispark mot slutten deriblant eit indirekta frispark innanfor 16 meteren i siste minutt kunne fått ein heldigare utgang, men kampen ebbar ut 0-1.

 

Andre omgang er jamnspela, Balestrand startar best men Gaular får etterkvart betre kontroll med midtbana og har eit visst grep og kontroll i siste del av kampen.

 Vurdering av enkeltspelarane (1-10 poeng) 

I denne kampen har vi ikkje skilt veldig mykje mellom spelarane. Poeng er berre brukt frå og med 5 til 7 poeng. Vi har ikkje vurdert nokon som svake men heller ingen som ”outstanding”.

 

Kristian Kyrvestad (keeper)              6 poeng

Roleg kveld. Eit par fine redningar på direkte skot. Kjem fint ut og avskjer Gaular når dei har lange framspel. Bra utspark frå fem meter, startar spelet fint med kast til back ved fleire høvet. Kommunikasjonen ser ut til å fungere greitt med forsvaret. Vi noterer berre ein gong der han kjem på halvdistanse og berre så vidt reddar seg inn att. Ved det høve fekk Gaular nesten ballen i mål (ballen trefte vel på utsida av stolpen til slutt).  Kan ikke skuldast for målet.

 

Tommy Ese (forsvar)                         5 poeng

Gjer jobben heilt greitt i forsvar. Samspelar bra med andre og held linja fint. Er tøff i duellane og gjer fine avklaringar både med hovudet og beina. Vi saknar meir offensive forsøk. Det er ikkje mange gangene vi ser backane kjem fram over midtbana.

 

Teodor Kvikne                                   5 poeng

Stort sett same kommentar som til Tommy. Teodor pleier normalt å gå framover på bana når sjansen byr seg. Dette såg vi ikkje så mykje til torsdag kveld. Gjennom heile kampen verkar forsvaret å vere trygt og godt og Teodor bidreg til dette. Ved eit par tidlegare kampar har vi sett eit par sleivar i avklaringane men dette såg vi ikkje mykje til i denne kampen.

 

Eirik Thue (spiss)                   7 poeng

Opnar kampen veldig godt og skapar mange sjansar. Dette både som avsluttar og tilretteleggar. Får eit par 100 % sjansar som kunne avgjort kampen og gjeve tre poeng til Balestrand. Vi er litt usikre på kvifor han vart bytta ut. Ok – dersom han var sliten men vi synest at Balestrand vart litt ”lette” utan Eirik. Personleg meiner vi at Eirik kanskje er best i tospann med Johannes Nilsson på midten og med Øyvind og Arnstein på topp – men i dag var Arnstein borte slik at det kanskje var naturleg med Eirik på topp.

 

Lars Kjetil Noreide (forsvar)                         7 poeng

Imponerte med sikkert midtstopparspel. Gjer ingen feil etter det vi ser og plasserer seg godt saman med Magus Algrøy. Kan nok med fordel opne munne meir og dirigere forsvarspelet, men det er kanskje ikkje så lett når ein er såpass ung.

 

Magnus Algrøy (forsvar)                   6 poeng

Sterk og god i duellane. Vinn fleire løpsduellar. Er ein viktig årsak til at Gaular ikkje kjem til fleire sjansar. Kjem på etterskot og må felle ein Gaular spela r i samband med straffesituasjonen. Dette trekk ned.

 

Johannes Nilsson (midtbane)             7 poeng

God gjennom heile kampen men utan å imponere heilt. Er nok den som vil mest på laget men får det likevel ikkje 100 % til. Skal ha pluss for å stå kampen heilt ut og vil ha utlikning på slutten. 

 

Rein Isane (midtbane)                       7 poeng BB

Etter vår meining er Rein Balestrand sin beste i denne kampen. Skil seg ikkje veldig mykje ut frå dei andre men arbeider godt gjennom heile kampen og er ballvinnar. Gjer at Balestrand har eit godt grep på midtbana i 2/3 av kampen. Ikkje så god utover i andre omgang når Gaular spelar på seg sjølvtilit og ser at dei kan vinne kampen, samtidig som dei tek meir over midtbana gjennom fysisk styrke. 

 

Sven Arne Lundeby (midtbane)        7 poeng

Vi synest at Sven Arne var Balestrand sin nest beste spelar. Dette gjeld spesielt i første omgang då han var veldig god. Slår mange fine pasningar og varierer dei både som stikkarar fram og sidevegs. Kombinerer fint med Roar Eriksen, Eirik Thue og Johannes Nilsson ved fleire høve.

 

Øyvind Neset (midtbane)                  5 poeng

Ein kamp på det jamne for Øyvind. Har nokre gode muligheiter til å score mål i første omgang. I andre omgang synest vi han vert meir anonym  i rollen sin. Kunne grepe meir tak og brukt meir fysisk styrke då Gaular overtok meir styringa på midtbana utover i andre omgang.

                                                

Roar Eriksen (midtbane)                    6 poeng

I første 30 minutt er vi veldig godt nøgde med Roar. Då spelar han kanskje til 8 poeng. I denen perioden får han veldig mykje til saman med Eirik Thue og Sven Arne Lundeby. Kjem til fleire sjansar der han burde scora mål. Etter kvart som kampen går framover verkar han imidleritd meir sliten. Får lite til i andre omgang og vert etterkvart eit naturleg bytte mot slutten.

 

Adrian W Nesse (forsvar)                  5 poeng (frå 55 min)

Trenaraen skifter ut backane i eit forsøk på å få inn backar som kan gå meir framover. Vi synest ikkje at dette trekket lukkast heilt. Årsaka er nok kanskje ikkje dei to nye backane sine men meir at Gaular har kome meir inn i kampen. Greier backjobben heilt greitt – men får ikkje meir enn 5 poeng.

 

J K Behrenz    (forsvar)                      5 poeng (frå 60 min)

Kommentar stort sett som for Adrian. Vi hadde vona på fleire offenive bidrag men dette får vi stort sett ikkje. Greier backjobben fint, Er ein ny spelar for Balestrand som det skal bli spennande å følge framover.

 

Madushanka Perrera (spiss)               5 poeng (frå 65 Min)

Spelar spiss siste 25 minutt for Eirik Thue. Vi synest at Madushanka får lite til i denne perioden. Greier ikkje å rive seg laus og kome til mange scoringsjansar. Gaular er i denne perioden inne i sin beste periode. Fysisk sterke Gaular spelarar tettar igjen rommet for Madushanka og gjer at han får lite å spele på.

 

Odd Arild Lunde (midtbane)                        5 poeng (frå 80 min)

Får for lite speletid til at vi kan vurdere skikkleg. Får dermed utgangskarakter 5. Det hadde imidleritid vore spennanade å fått sett Odd Arild på midtbana litt tidlegare i kampen og korleis han hadde løyst det.



Skrive av: Hans Olav Bale (16.05.09 - 19:35)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935324 besøk, sidan 18. juli 2005