Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småguttelaget i jamn kamp mot Jotun 2



Fredrik klar før avspark
Foto:Arne Abrahamsen

Etter ein overbevisande første kamp var det optimisme i leiren før ny kamp i Årdal måndag 4. mai. Men etter 2 minutt spel leia Jotun 1-0 på den nye kunstgrasbana i Øvre Årdal..

 

Starten av kampen bar preg av at vi ikkje var heilt mentalt budd på å møte god motstand. Kanskje satt bilturen litt i? Konsentrasjonen var ikkje heilt på topp - noko prestasjonane raskt bar preg av. Mottaka satt ikkje heilt og pasningskvaliteten var litt under det vi kunne forvente. Vi var også litt forsiktige i duellspelet og fekk oppleve fleire overgangar mot oss enn vi er vande med, og Jotun scora på eit løp rett gjennom forsvaret vårt utan at vi klarde å sette godt press og heller ikkje klarde å falle av.

Utover i omgongen vakna vi til liv litt etter litt. Spelet jamna seg ut og litt ut i omgongen klarde vi å utlikne på ein flott gjennomspeling av Asgrim som scora sikkert. Men Jotun slo raskt attende og gjekk opp til 2-1 litt likt første målet. Når forsvaret vert utfordra med fart klarer vi ikkje å falle av raskt nok og sikre rommet bak den som først vert utfordra. Dette skjedde nokre gonger i kampen, og gjev oss eit godt utgangspunkt for å lære av og trene på desse situasjonane. Men Balestrand har ein god eigenskap - dei gjev aldri opp! Vi produserer fleire sjansar og like før pause utliknar vi til 2-2 på ein fin draging og velplassert skot frå Asgrim.

 Knut spelar opp Birk. Håkon med ryggen til

I pausen vert vi samde om å halde fram slik vi avslutta 1.omgong. Når kampen kjem i gong att dominerer Balestrand meir og meir, og 2-3 målet kom - og igjen ved Asgrim som kunne bokføre hattrik for kvelden. Vi skaper mange gode sjansar, men keeperen til Jotun er veldig god og gjer mange klasseredningar. Og så, litt ut av ingenting, kunne Jotun løpe gjennom og pirke ballen inn til utlikning 3-3, og vi var like langt. Men Balestrand held fram og snart skulle vi få kampens augneblikk. Birk trekk seg fri på nesten 25 meter og klinkar til. Ballen susar mot mål og duppar ned i høgre kryss - og den gode keeperen til Jotun er for å seie det slik ikkje skuld i at Balestrand går opp til 4-3. Fredrik gjev oss litt lågare puls når han aukar leiinga til 5-3 når han bryt eit utspel, før Jotun igjen reduserer til 4-5 på ein dødball og skaper ny spenning i kampen.

 Håkon, Fredrik og Asgrim heilt på topp

Men Balestrand er ikkje Chelsea, og heldt fram med å angripe. Når Birk set inn 4-6 målet på ei kontrollert heading frå corner, har vi bra kontroll ut kampen. Vi kan trekke i land den 2. sigeren for sesongen etter å ha spelt oss opp utover i kampen. Kampen vert ei god erfaring og ei god oppleving for laget. Det einaste minuset var vel når trenaren las feil i ferjeruta slik at vi fekk ein time på Hella - og først rakk siste ferja heim...


Andras Bjerk
Står i mål i første omgang. Klarer seg godt og er ved mange høve flink til å komme ut å plukke ballen før motspelar rekk fram.

Tommy Ese
Speler midtbane i slutten av 1. omgong. Er sterk og vinn duellar i denne rolla. Er keeper i 2. omgong og er trygg på alle situasjonar. Sjanselaus på måla.

Tor Briseid Tjugum
Speler back og er litt feilplassert i starten med å ligge for høgt i bana når Jotun angrip. Justerer fint og pasnigane sit bra utover i kampen. Har eit par supertaklingar som hindrar gjennombrot i 2 omgong.

Viljar Bakke Nesse
Har utvikla seg mykje siste sesongen og blitt ein svært god back. Viser tidvis klassespel, men var i lag med resten av forsvaret passive i starten av kampen. Har også nokre unødvendige ballmiss i denne perioden som raskt vert farlege situasjonar. Er positivt at Viljar klarer å justere å betre prestasjonane i løpet av kampen!

Roger Sande Fjærestad
Har gjort eit imponerande comeback på bana etter eitt år vekke frå fotballen. Gjer store framskritt i midtforsvaret - både prestasjonar og sjølvtillit aukar frå kamp til kamp. Har tilliks med resten av forsvaret litt problem i starten, men veks utover. Den gode kommentaren i pausen; "Måtte vere litt forsiktig - for dei var jo så småe". 

Kristian Hellenes
Kan bli den nye Rune Bratseth for dei som hugsar så langt tilbake. Løper opp det meste i sin midtforsvarsposisjon - berre han startar i tide. Ny god kamp, men også litt som resten av forsvaret, dvs vi må jobbe litt med ansvarsdeling og utføring av press og sikring.

Per Arne Thue
Speler litt back og litt kant på midtbane. Løyser oppgåvene bra. Klarer etter kvart å vere offensiv og komme først på mange ballar. Det er også positivt at dei fleste pasningane har god adresse. Fin framgang og god innsats i både denne og førre kamp.

Frederik Keller
Frederik speler ein av sine beste kampar! Klarar å halde breidde og kjem til mange gode innlegg. Set og ballen i mål, men dommar har blåst for frispark i situasjonen før. Hadde fortent den!

Håkon Thue
Er involvert i mange fine angrep spesielt i slutten av 1. omgong, og viser at han stort potensial. Vert framleis litt for ofte stoppa i siste sekund på grunn av ei draging for mykje og bruk av litt for lang tid med ball. Når vi klarer å få litt meir direkte spel og når siste draginga sit vil vi få så ein endå betre tilretteleggar og ikkje minst avsluttar.

Knut Lee
Spelar sentral midtbane. Gjer mykje bra. Flink til å halde roen og slå gode pasningar i midbaneleddet. Har litt problem i duellspelet, spesielt mot Martin som var Jotun sin store spelar.

Birk Isane
Gjer ein solid kamp. Tek eit stort defensivt ansvar og tek etter kvart i stor grad Martin ut av kampen ved å hindre han plass og rom. Har fleire fine framspel og får også to flotte mål i dag.

Fredrik Hanevik
Kjem i si spissrolle etterkvart til mange store sjansar. Gjer i dag alt rett i mange situasjonar heilt fram til avslutninga. Då susar ballen til side for mål eller keeper reddar. Får til slutt ei nettkjenning som til gjengjeld er eit flott skot nede ved stolpen. Med normal "Fredrikpresisjon" hadde vi punktert kampen tidlegare i dag.

Asgrim Farnes
Sjølv om Asgrim scorar 3 mål og gjennomfører kampen på ein solid måte, kunne han også fort scora eit par til. Men keeperen til Jotun var svært god i dag og skal og ha kreditt for godt spel. Det er svært positivt at Asgrim no er langt meir bevegeleg enn i fjor. Dette skapar langt

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (09.05.09 - 15:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935931 besøk, sidan 18. juli 2005