Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Uavgjort i åpningskampen i 5. divisjon



Arkivfoto
Foto:lars jonas

Det vart ein spennande og underhaldande kamp i Kaupanger, og heile ti mål vart skåra.

Dette var første sesongen til Balestrand i 5. divisjon på ganske mange år, og spenninga var difor stor før avspark på kunstgraset på Kaupanger.

30 sekund brukte Balestrand på å setje standarden for korleis ein ønska det skulle vere. Roar vart spela gjennom like etter avspark, men sette diverre skotet rett på Kaupanger sin keeper.

9 minutt ut i kampen forsera Eirik seg fram på høgresida og slo eit presist innlegg. Johannes fekk stå heilt aleine på seks-sju meter, men klarte å breiside ballen utanfor.

13 minutt ut i kampen slo Johannes eit flott innlegg til Roar, men nok ein gong utanfor. Denne gongen i nettveggen. Halvminuttet seinare var det klar for ein ny stor Balestrandsjanse, då Johannes susa gjennom Kaupangerforsvaret. Han sette ballen til høgre for keeper, og Balestrandsbenken var på veg opp i jubel. Men, nei. No var stolperota i vegen, og ballen gjekk via den og utanfor. Fire målsjansar, der tre av dei var særs store, men skåringa ville liksom ikkje koma.

Så, heilt mot spelets gang, kjem Kaupanger seg fri på høgrekanten. Innlegget vert breisida i mål frå om lag 8 meter, og heimelaget gjekk ufortent opp til 1-0 då kampuret viste 14 minutt. Kaupanger kom etter dette meir med i kampen, utan at dei skapte dei store sjansane.

17 minutt ut i omgangen var det eit flott kombinasjonsspel der ballen gjekk raskt mellom Johannes, Eirik og Roar. Innlegget til Roar gjekk mellom keeper og femmetaren utan at nokon klarte å setje fram den ”lange tåa”. Like etter skaut Johannes over på eit frispark frå om lag 25 meter. Kaupanger gjorde det same fire minutt seinare.

Så aukar Kaupanger leiinga til 2-0 etter 32 minutts spel. Ei flott kontring med opprulling på venstresida, med eit påfylgjande gjennomspel mot midten, skapte trøbbel i forsvaret til Balestrand. Kaupingen skåra enkelt aleine mot Kristian.

To minutt seinare var Eirik på veg gjennom. Godt inne i sekstenmeterfeltet vart han klipt ned bakfrå, og domaren bles eit korrekt straffespark. Kaupanger var heldige som fekk fullføra kampen med fult lag. Domar, Torstein Kvam, sa etter kampen at den regelen er ”tullete”, men at den var no der. Han tolka det som om at Kaupanger sin forsvarsspelar gjorte eit ærleg forsøk på å nå ballen, men at spelaren vart felt i staden. Då burde kanskje domar Kvam ha brukt den ”tullete” regelen og vist fram den raude fargen. Vel, Arnstein sette ballen sikkert i mål frå 11-metaren og 1-2 var eit faktum.

Nye to minutt gjekk, og Kaupanger kom på ei ny kontring. Kommunikasjonssvikt mellom Lars Kjetil og Kristian gjorde det enkelt for Kaupanger å setje inn 3-1 for heimelaget. Kristian burde nok ha vore ute og snappa dette framspelet. Johannes prøvde seg med eit nytt skot 6 minutt før kvilen, men denne òg fann vegen utanfor nettmaskene.

I omgangens siste speleminutt slo Kaupanger eit innlegg frå venstre. Kristian var på veg ut i feltet for å fanga innlegget. Det verka som om Kaupangerspelaren fekk eit godt gamaldags sleivspark. I staden for innlegg, gjekk ballen direkte i mål mellom keeper og stanga. Nokre vil sikkert kalle det for ei keepertabbe, medan andre vil seie at Kaupanger hadde flaks. Laga gjekk til kvilen med leiing 4-1 til Kaupanger.

Ein litt merkeleg omgang der Balestrand burde og skulle ha leia 2-0 om ikkje 3-0 etter første kvarteret. I staden tok Kaupanger vare på sine sjansar og omsette desse i mål.

Om ikkje trenar Geir direkte nytta seg av den kjende ”hårfønaren” til Sir Alex i pausa, så vart det i alle fall gjeve relativt klare tilbakemeldingar til ein del av spelarane. Mange alvorlege andlet prega garderoba, og ein var samde om at sjansane no måtte setjast i mål.

Spelarane synte at dei skjøna bodskapen, og ein brukte berre ti minutt av 2. omgang til å snu 1-4 til leiing 5-4! Eirik headda inn ein corner frå Roar i omgangens første minutt. Tre minutt seinare fyrte Lars Kjetil av eit langskot som Arnstein fann ut han ville styra i målet. Nye tre minutt seinare utlikna Roar. Det verka som om treminuttsintervall var tingen, for utruleg nok gjekk det tre minutt til då Johannes fyrte av eit kanonskot godt utanfor sekstenmeteren. Skotet gjekk utakbart i målet, og Balestrand var i leiinga. Roar slo corner i førekant av skotet.

Kaupanger gjekk rett frå avspark og i angrep. Aleine mot Kristian, vart ballen lobba over han og utanfor mål.

No veksla spelet frå side til side. Johannes fyrte av eit nytt langskot, men denne gong rett på keeper. Flott spel i førekant av dette. 60 minutt ut i kampen slo Øyvind ein fin stikkar gjennom til Johannes som slo inn til Eirik. Avslutninga vart noko slapp, og vart breisida rett i fanget til heimelaget sin keeper.

Fem minutt seinare hadde Kaupanger ein stor sjanse aleine mot Kristian etter ein glipp i Balestrand sitt forsvar. Skotet gjekk heldigvis rett på Kristian som heldt ballen sikkert. 69 minutt i omgangen fekk Jan Kristian sett inn ei viktig takling inne straffefeltet. Ei modig og tøff takling, men heilt rein, og kanskje avgjerande for å unngå at Kaupanger kom aleine med keerper.

13 minutt før slutt tråkla Johannes seg gjennom det som var av grønkledde heimelagsspelarar. Då han òg ville runde keeper, vart han pressa ut og takla. Her skulle nok vår kjære svenske ha skote litt før og kanskje punktert kampen. Men han skapa alt sjølv.

Like etter vart det eit slags flipperspel inne Balestrand sitt målfelt etter ein corner. Ingen fekk sikkeleg tak i ballen før Kristian bestemte seg for å slå den ut til ny corner. 10 minutt før slutt kom kampens siste mål. Ein ny løpsduell mellom ein Kaupangerspelar og Lars Kjetil, og ein ny kommunikasjonssvikt med keeper sørga for poengdeling.

Mot slutten av kampen kunne begge laga ha avgjort kampen til sin fordel, men Kaupanger var nok nærast. Tre gule kort vart gjeve ut i 2. Omgang. To til Kaupanger for munnbruk og eitt til Roar to minutt på overtid etter ei sein takling.

Domar Torstein Kvam dømde som vanleg sikkert og godt, men ein må gje ein liten trekk for at ikkje det raude kortet kom opp i straffesituasjonen.

Totalt sett skal ein vel gjerne vere nøgd med poeng på bortebane i serieåpninga, og då særleg etter resultatet som stod ved pause. Likevel klarer ein ikkje heilt å sleppe jubelen laus. Med alle dei sjansane ein skapte, og då særleg i starten av kampen, burde alle tre poenga vore med tilbake til Balestrand.

Det positive er at laget tidvis spelar fin fotball, og måten ein ynskjer å spele på fungerte bra. Jobben på treningsfeltet er godt i gang, og eit spelemønster byrjar å ta form. Laget produserar tolv gode målsjansar, og nokre av desse var store. Ein skårar fem mål, og det bør normalt vere nok til å vinne fotballkampar. Når motstandaren òg finn ut at dei vil skåre fem gonger, ja då vert det uavgjort.

Det vert ingen spelarvurdering etter kampen, men ein håpar at nokon tek den oppgåva på heimebane i neste kamp.

Balestrand stilte med fylgjane lag: Kristian (K), Teddy (HB), Lars Kjetil (FS), Magnus(FS), Adrian (VB), Sven Arne (DMS), Arnstein (DMS), Øyvind (HM), Roar (VM), Johannes (OMS) og Eirik (SP).

Innbyte: Madushanka for Eirik etter 61 minutt, Jan Kristian for Arnstein etter 67 minutt, Tommy for Magnus etter 70 minutt, og Sondre for Adrian etter 83 minutt.

Dagens Balestrandsspelarar: Johannes Nilsson og Sven Arne Lundeby.

Les kva Kaupanger meinar om kampen på www.kaupanger.no.

 

Resultat frå første runde i 5. Divisjon avdeling 1:

Dale 2 – Bjørn 0 – 0
Vadheim/Høyang 2 – Tambarskjelvar 6 – 0
Kaupanger 2 – Balestrand 5 – 5
Førde 3 – Gaular 2 – 2

Det gjev fylgjande tabell:

1 Vadheim/Høyang 2   6-0   3 p
2 Balestrand                5-5    1 p
3 Kaupanger 2            5-5    1 p
4 Gaular                      2-2    1 p
5 Førde 3                    2-2    1 p
6 Bjørn                        0-0    1 p
7 Dale 2                      0-0     1 p
8 Tambarskjelvar         0-6    0 p



Skrive av: Geir Harkjerr (06.05.09 - 17:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935239 besøk, sidan 18. juli 2005