Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Solid serieopning av småguttelaget




Foto:Robert Leerink

Det er alltid spennande før første seriekamp. Det var ikkje noko unntak i dag når vi skulle møte Årdalstangen på Kreklingen stadion.

 

Før kampen vart vi var samde om å ta med oss dei positive elementa frå siste treningskampen mot Vik. Vi var spesielt fokuserte på å ha god stemning i laget, og alle fekk i oppgåve å gje kvarandre gode tilbakemeldingar.

Etter veker med fint ver vart det regn og vått på bana like før kampstart. Likevel var det mykje publikum som heia fram gutane. Bra!

Den våte bana gav ballen ein rask stuss. Dette viste seg raskt at Balestrandgutane takla best. Midtbana vår dominerte stort og forsvaret hadde veldig god kontroll på dei få tilløpa som kom framover frå Årdalstangen. Framover fekk vi til mykje bra spel i bakrom. I tillegg fekk vi utfordra etablert forsvar med nokre skot frå litt distanse, og sjølv om ikkje alle var allverden var det vanskeleg for keeperen på det våte underlaget. Til pause stod det 7-0 til Balestrand, med andre ord ein solid omgang av gutane. Det som var spesielt moro var at alle på laget stod opp, og at prestasjonane var gode uavhengig av kven som var utpå.

Andre omgang vart jamnare. Årdalstangen klarte å rulle opp nokre bra angrep, og fekk 3 fortente nettkjenningar i 2. omgong. Vi kom ikkje til så mange avslutningar, men til gjengjeld sette vi 3 fantastisk fine mål. Første var eit nydeleg trekantspel inn frå kant der Fredrik får att ballen frå Birk inne i feltet og legg den heilt oppe i krysset. Dei to andre frå Asgrim - eit sugande direkteskot frå 20 meter nede ved stolpen etter eit flott legg frå Fredrik, og så ein litt magisk tråkling gjennom forsvaret og ein overlegen avslutning ned til høgre for keeper.

10-3 som sluttresultat er solid av smågutane ein kveld kor alle spelarane er med å setje sitt preg på kampen. Og avtalen om gode tilbakemeldingar til kvarandre - den vart helde!



Skrive av: Arne Abrahamsen (27.04.09 - 22:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935300 besøk, sidan 18. juli 2005